Hopp til innhold

Bønder sender tusenvis av dyr til slakt

Norske slakteri melder at «uvanleg mange» dyr vert innrapportert til slakt, men det er usemje om det er ein aksjon eller ikkje.

Nortura sitt slakteri i Førde

TIL FØRDE MED SLAKT: Same veke som jordbruksoppgjeret vert «uvanleg mange» dyr innrapportert til slakt. På biletet: Nortura sitt slakteri i Førde.

Foto: EMILY LOUISA MILLAN EIDE / NRK

Fleire titals bønder har meldt inn tusenvis av dyr til slakting i slutten av juni. Slaktemeldingane kjem på same tid som jordbruksoppgjeret denne veka.

Blant dei som «sender livsverket til slakt» er gardbrukar Sverre Leikanger (39) på Stadlandet.

Til Klassekampen seier han at han vil slakte alle dyra på garden med mindre landbruksavtalen «vert veldig god».

Om vi får utfordringar med kapasiteten, vil vi skyve eller forsere slaktinga slik at vi varetek dyrevelferda, seier Kjell S. Rakkenes, som er konserndirektør i Nortura.

Han stadfestar at det dreier seg om tusenvis av dyr, men at «konkurransemessige grunnar» hindrar han i vere meir spesifikk. Nortura er eigd av meir enn 18.000 bønder og er den dominerande slaktaren i Noreg.

Landbruk24 melde søndag at «over 40 storfebønder har bestemt seg for å leggje ned og slakte fleire tusen dyr før sommaren».

Dette er sterke historier. Det er ingen tvil om at norsk landbruk opplever ein alvorleg situasjon, seier landbruksminister Sandra Borch (Sp), som tidlegare har omtala årets oppgjer som «min viktigaste eksamen».

Sverre og Anita Leikanger vil slakte alle dyra på gården med mindre landbruksavtalen «vert veldig god».

STAD: – Det er betre å stenga døra sjølv, enn at nokon andre kjem og gjer det for oss, seier Sverre Leikanger til Klassekampen.

Foto: Per Ole Lefdalsnes / Fjordabladet

Naturleg å tru at fleire har snakka saman

Nortura seier til Klassekampen at dei er «usikre» på om det dreier seg om ein koordinert aksjon, men bruker ordet «protest».

Andre stemmer som NRK har vore i kontakt med er meir bastante.

Når 20 bønder på éin stad, som Tynset med 5600 innbyggjarar, har meldt inn dyra sine til slakt, er det naturleg å tru at fleire av dei har snakka saman, seier Anne Ekornholmen, som er politisk redaktør i Nationen.

Ho legg til:

– Om det ikkje er ein koordinert aksjon, er det i alle fall eit tydeleg teikn på at dette er alvor for matprodusentane. Dette handlar om livsverket deira.

Anne Ekornholmen

NOKRE HAR SNAKKA SAMAN: – Det er naturleg å tru at fleire av dei har snakka saman, seier Anne Ekornholmen, som er politisk redaktør i Nationen.

Foto: Nationen

Ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) ligg inntektene i jordbruket an til å gå ned med 40.400 kroner til 361.000 kroner per årsverk.

Kjersti Hoff er leiar i Småbrukarlaget.

Det er uvanleg mykje innmeldingar og det kan oppfattast som aksjon, seier ho.

Om ikkje ein aksjon, så er det i alle fall eit veldig tydeleg signal, seier Leidulf Gloppestad (Sp), som er ordførar i Gloppen.

Bondelagsleiar Anders Felde

VIL IKKJE SEIE: – Om det er ein aksjon eller ikkje vil eg ikkje meine noko om, seier Anders Felde i Bondelaget.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Berre småtteri mot det raset som kjem

Om varsla om slakting er reelle eller ikkje, og kor vidt omfanget er nok til å kalle det ein «aksjon», er ikkje berre av akademisk interesse, men peiker mot kva som er legitime forhandlingsgrep innanfor landbruksoppgjeret.

Ein analogi som vert nemnt er praksisen med kollektive sjukmeldingsaksjonar innanfor andre yrke.

Eg opplever ikkje dette som ein aksjon, men som ei melding om resignasjon og fortviling, seier Olaug Bollestad (KrF), som tidlegare var landbruksminister.

Olaug Bollestad med med en bunt gulrøtter

RESIGNASJON, IKKJE AKSJON: – Eg opplever ikkje dette som ein aksjon, men som ei melding om resignasjon og fortviling, seier Olaug Bollestad (KrF),

Foto: Carina Johansen / NTB

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), er klar på at det «ikkje er dekning for å kalle det ein aksjon», men viser til at bønder ikkje har dei same verktøya i ein forhandlingssituasjon som andre yrkesgrupper.

Bønder har relativt få «streikemetodar». Dei kan ikkje berre la vere å gå på jobb, seier han.

Redaktør i Landbruk24, Jon Trøite, avviser at det dreier seg om ein aksjon eller om tomme truslar:

Etter å ha vore i kontakt med fleire av dei som har meldt inn dyr, er det ingen tvil om at dette er alvor. Det er heilt naturleg at mange ikkje ser nokon annan utveg enn å gi opp, viss ikkje jordbruksoppgjeret blir godt nok, seier han til NRK.

Anders Felde er leiar i Vestland Bondelag. Han kallar årets oppgjer «eit vere eller ikkje vere for norsk matproduksjon» og legg til at «dei innmeldingane vi har sett til no er berre småtteri mot det raset som kjem til å kome utan eit tydleg løft i lønsemda».

Om det er ein aksjon eller ikkje vil eg ikkje meine noko om, men norsk matproduksjon og bonden står på kanten av stupet.