Hopp til innhold

Straumprisutvalet: – Skjønnar godt at mange vart forbanna

Straumprisutvalet skriv i rapporten sin at forbrukarane i perioder må vente høge straumprisar ut 2025.

B_OJCF-91wM

50 TILTAK: Leiar i Straumprisutvalet, Inge Røinaas Gran, presenterte hovudfunna sine til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: NTB

Vi skjønner godt at mange vart forbanna, sa leiar i Straumprisutvalet, Inge Røinaas Gran, då han i dag presenterte hovudfunna sine til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Han viste til at «prissjokket» på straum har skapt «uakseptable forskjellar».

Med det meiner vi at dei fleste av oss fekk kraftig auka straumkostnader. Så var det nokon som fekk kraftig auka inntekter.

Han la til:

Vårt syn er at desse fordelingsverknadene vart uakseptabelt store.

I Straumprisutvalets rapport, som tel 268 sider, har utvalet analysert eit femtitals tiltak for å hindre nye sjokk.

«Politikk for å sikre eit varig kraftoverskot er det viktigaste tiltaket», skriv utvalet.

Rapporten kjem etter at regjeringa og SV for eitt år sidan varsla at det er «behov for å gå gjennom fordelar og ulemper med dagens prinsipp for prisfastsetjinga i ulike delar av kraftmarknaden».

Bakgrunnen var galopperande straumprisar som skapte politiske gnissingar og spenningar mellom dei ulike «prisområda».

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Straumprisutvalet har i sin tur vurdert tiltaka etter kva dei betyr for straumprisen, forsyningstryggleiken og investeringslysta i fornybar energi.

Eit grunnleggjande spørsmål er kor store nasjonale grep Noreg kan gjere – utan å komme å komme på kant med EØS-avtalen (sjå under).

j2U39gQ1Ufw

– Vurderinga vår er at det marknadsbaserte, desentraliserte engrosmarknaden for kraft bør bestå, seier utvalsleiar Inge Røinaas Gran.

Foto: NTB

Toprissystem vil neppe vil ha stor prisdempande effekt

Olje- og energidepartementet har tidlegare avvist ideen om å opprette eit eige prisområde for utanlandskablane – av omsyn til EØS-regelverket.

Straumprisutvalet er ikkje like kategoriske, men viser til at eit toprissystem neppe vil ha stor prisdempande effekt over tid.

«Lågare utvekslingskapasitet og redusert kraftutveksling kan redusere samla norsk verdiskaping, og auke sårbarheita vår for variasjonar i tilsiget til vasskraftverka. Dette synleggjer målkonfliktane på energiområdet», skriv utvalet (side 6).

Det viktigaste regjeringa kan gjere no, er å etablere eit statleg straumselskap som kjøper inn straum frå kraftprodusentane, og sel dette vidare til forbrukarane, seier Lars Haltbrekken (SV).

Han legg til:

I tillegg må regjeringa sjå om det lèt seg gjere å redusere eksport av kraft til utlandet på vinterstid, for å ha meir kapasitet her heime.

wUERNjk1CP4

– Med bakgrunn i den ekstraordinære perioden i kraftmarknadene var det viktig for regjeringa å få ein grundig gjennomgang av fordelar og ulemper med dagens prinsipp for prisfastsetjinga i ulike delar av kraftmarknaden, seier Olje- og energiminister Terje Aasland.

Foto: NTB

– Eg er skuffa over at dei bruker mykje tid på å vurdere konsekvensen av kutting av kablar. Det er ein stråmann, seier Sofie Marhaug (Raudt) i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Ho meiner rapporten har «ei defensiv haldning når det gjeld å utfordre EU-reglar».

– Eg trur moglegheitene for å finne ei løysing med EU er mogleg. Det har Vedum også sagt, og det forventar eg at vert følgt opp. Og om det ikkje lèt seg gjere, bør veljarane få vite det.

Utvalsleiar Inge Røinaas Gran presiserer at rapporten ikkje tek stilling til det politiske spørsmålet om utveksling.

– Eg opplever at dei som vil argumentere for det eine eller andre, vil finne argument dei kan bruke.

– Å kutte kablar vil føre til mykje større prisvariasjon, altså mindre stabile prisar. Samtidig vert det null prissmitte viss du kuttar alle kablar.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

Foto: Svenska kraftnät

Ein eigen auksjon for innanlandsk forbruk løyser ingenting

Kraftbransjen har det siste året åtvara mot å «tukle med» marknadsprinsippa som vart etablerte i Energiloven (1991).

Ein eigen auksjon for innanlandsk forbruk forut for den europeiske auksjonen løyser ingenting, skriv Hafslund-direktør Kristin Lian i ein kronikk.

Ho legg til at kraftsystemet vart sett på ein «gedigen prøve» då den russiske gassen forsvann ut av likninga for to år sidan, men at «marknaden har vist styrke» og at «marknadsnære løysingar» over tid gir «best mogleg vassdisponering og god forsyningstryggleik».

– Eit marknadsbasert kraftsystem vil ha svingingar i pris ut frå mengda energi tilgjengeleg til kvar tid. Men som utvalet framhevar, er dette den beste måten å sikre at vi til kvar tid har straum i stikkontakten utan at kostnadene blir større enn nødvendig, seier Bård Standal, leiar for marknad og strategi i Fornybar Norge.

Det var SV som pressa fram at det måtte kome ein rapport, og forventningane til Straumprisutvalet har vore ulike, også innad i regjeringa.

Politisk redaktør i Europower, Haakon Barstad, hevdar at «den eigentlege intensjonen» med rapporten er å «gi inntrykk av regjeringa meiner alvor når dei snur alle steinar i jakta på lågare straumprisar», men at ho for alle praktiske formål ikkje vil bety noko som helst.

– Å varsle ei melding eller setje ned eit utval gir regjeringa arbeidsro i ventetida, men det kjem sjeldan eller aldri noko ut av det.

Les også Fleire vil granske Statnett for å ha «villeia» folket

Ot9-pWxALE4