Hopp til innhold

Regjeringa med marsjordre til Statkraft

Næringsministeren skjerper tonen overfor Statkraft. Bakgrunnen er at fastprismarknaden ikkje fungerer slik regjeringa ønskjer.

Rånåsfoss kraftverk, eid av Akershus Energi.

KJEFT Å FÅ: Næringsministeren har lagt politisk prestisje i fastpriskontraktane for næringslivet, som vart lansert i byrjinga av desember. Sidan har avtalane stort sett fått kjeft.

Foto: Øystein Søbye / Samfoto

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kalla i dag Statkraft-leiinga inn til møte der han uttrykte at han «forventar at dei opptrer offensivt i konkurransen om fastpriskundane».

Statkraft, som er eigd av staten, er Noregs største kraftprodusent.

– Eg ønsker at Statkraft som staten sitt hundre prosent eigde kraftselskap skal vera på ballen, seier Vestre til NRK.

Meir konkret inneber marsjordren at Statkraft kan måtte senke prisane sine, og bidra til at konkurransen om fastpriskontraktar «blir best mogleg».

Til NRK viser departementet til at kontraktane som Statkraft tilbyr kostar meir enn dei som konkurrentane tilbyr (sjå under).

Styreleiar i Statkraft Thorhild Widvey seier til NRK at dei hadde eit godt møte med næringsministeren, der dei fekk avklart kva forventningar han har til selskapet.

– Vi er veldig innstilt på å levere på desse fastpriskontraktane. Vi er innstilt på å vere mest mogleg konkurransedyktig, og det ser vi på kvar dag, seier ho.

Samtidig legg ho vekt på at selskapet må forholda seg til marknadsprisane, sjølv om dei har eit enormt overskot.

– Vi er veldig bundne av eit regelverk for korleis prisane blir fastsett, så det kan ikkje blandast opp mot eit overskot som staten har.

Pressekonferanse om strømstøtte til næringslivet

I eit debattinnlegg i Finansavisen skriv næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) at det nye fastprismarknaden for næringslivet «er ein realitet, ikkje ein illusjon» og at «konkurransen begynner å virke».

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Behov for smidigare avtalar

Næringsministeren har dei siste vekene lagt politisk prestisje i fastpriskontraktane for næringslivet, som vart lansert i byrjinga av desember.

Sidan har kontraktane stort sett fått kjeft og vorte skulda for å vere «dyre», «for få» og «stivbeinte».

Ein oversikt i avisa Europower viser at berre 127 av 200.000 norske bedrifter har takka ja til næringsministerens «straumfiasko».

Vestre svarer at han trur bedriftsleiarar ser an situasjonen for å få ei så billeg kontrakt som mogleg.

Samtidig ser ministeren behovet for smidigare avtalar, der bedriftene kan signera kontraktar som er tilpassa deira forbruk.

– Det har eg også tatt opp med Statkraft i dag. Eg forventar at dei er på ballen også der, seier Vestre.

Til dette innvender kraftselskapa at dei er bunde av eit «rigid rammeverk», og at Næringsdepartementet og Finansdepartementet sender «blanda signal».

Logoen til Statkraft på Lysaker.

Næringsministeren skjerper tonen overfor Statkraft. Bakgrunnen er at fastprismarknaden ikkje fungerer slik regjeringa ønskjer.

Foto: Lise Åserud / NTB

Eit springande punkt i debatten er kva det betyr at fastprisavtalane må vere fundert i «marknadsmessige» omsyn.

Kan til dømes eit kraftselskap selje fastpriskontraktar til 30 øre per kWh om det styrkjer deira marknadsposisjon? Det har Framstegspartiet etterlyst svar på, førebels utan å få svar frå statsråden.

– Det er mogleg å ivareta vilkåret om forretningsmessige avtalar også ved å legga seg lågt, dersom ein meiner at det kan styrka inntjeninga på lengre sikt, seier Vestre til NRK.

Finansdepartementet har på si side presisert at selskapa ikkje får lov til å setje ned prisane meir enn det som gir «forretningsmessig» meining.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Avtalane har fått ufortent mykje kritikk

Statkraft tilbyr ikkje fastpriskontraktar direkte, men sel dei via straumselskapa Fjordkraft og Fortum.

I tillegg vert fastprisavtalar tilbydt av Lyse, Hafslund og Å Energi (Entelios).

Lyse er i dag den aktøren som har inngått flest avtalar, men har så langt reservert tilbodet til kundar i Sør-Vestlandet (NO2).

Fredag annonserte selskapet at dei utvidar tilbodet til heile Sør-Noreg, gjennom ein avtale med Hafslund.

Tilbodet omfattar ein fastprisdel på 90 prosent av forbruket. Fleire har kritisert at det så langt ikkje har vore mogleg å sikre meir enn 70 prosent av forbruket.

Vi opplever at kundar føretrekkjer berre å ha ein del av forbruket til fastpris, men vi ønskjer at det skal vere opp til kvar enkelt kunde sjølv å vurdere, seier Ane Marte Hausken, administrerande direktør i Lyse Energi.

Ho legg til at fastprisavtalane har fått «ufortent mykje kritikk» i norsk offentlegheit.

Desse avtalane verkar for mange som noko heilt nytt. I realiteten er dei kopiar av avtalane som blir nytta for enkelte delar av industrien og som har eksistert i over 30 år.

Les også Kraft-ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar om milliardkutt

Ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar

– Vil gjerne binde meg til ein fastprisavtale

I Balestrand i Sogn har Kviknes hotell vore nøydd til å skru opp prisane for å finansiere straumutgiftene.

– Om det er mogleg, og om prisen er til å leve med, så vil eg gjerne binde meg til ein fastprisavtale, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Problemet er at straumselskapet der han er kunde ikkje har ein slik avtale å freiste med.

– Så langt har eg ikkje fått eit einaste tilbod, siger Kvikne.

No håpar at han marsjordren frå Næringsdepartementet kan stimulere marknaden.

Ja, vi ventar i spenning.

Kviknes hotel

BALESTRAND: Leiar for Kviknes hotell, Sigurd Kvikne, kan godt tenke seg ein fastprisavtale. – Men så langt har eg ikkje fått eit einaste tilbod, seier han.

Foto: Kviknes hotel