«Ingen flyplassar skal leggjast ned», sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) då han sist veke auka lufthamnavgiftene med 200 millionar kroner.
Det han ikkje sa var kor alvorleg pengeknipe Avinor er i.
Ifølge E24 er selskapet, som drifter 43 norske flyplassar, «på konkursens rand».
I 2012 foreslo Avinor å leggje ned fire flyplassar, og etter det NRK erfarer har samferdselsministeren fått nye kandidatar på pulten.
– Nedlegging av lufthamner for å spare kostnader har vore eitt av fleire tiltak Avinor har synleggjort i dialogen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Han presiserer at Avinor ikkje har gitt ei liste over konkrete forslag til lufthamner.
– Berre synliggjort moglege innsparingsforslag utan at det er gått i detaljar.
Avinor er eigd av Samferdselsdepartementet.
Sjå heile svaret til samferdselsministeren under.
– Flyplasstrukturen er overmoden for ein revisjon
Talet på flyplassar er i norsk politikk eit mål på kor godt landet heng saman, og derfor eit delikat spørsmål.
Då det regjeringsoppnemnde Quale-utvalet i 2020 tok til orde for å leggje ned flyplassar i distrikta, vart tilrådinga omgåande skote ned.
Tre år seinare seier fleire at tida er inne for å ta «den vanskelege praten» om det norske flytilbodet. Argumentasjonen går langs fleire spor:
- Jo fleire flyplassar, jo høgare driftskostnader. Kostnader som i sin tur vert til høgare flybillettprisar.
- Små lufthamner er monopoldannande fordi det ikkje er marknad for konkurrerande selskap på flyplassar med lågt trafikkgrunnlag.
- Behovet for luftreisande er mindre ettersom avstandane på bakken «har krympa».
Flyanalytikar Christian Kamhaug seier til NRK at flyplasstrukturen er «overmoden for ein revisjon».
– Eg er glad i flyplassar eg, men det burde vere mogleg å konsolidere flyplassar som ligg tett. Mosjøen er til dømes berre litt over ein time frå flyplassen i Mo i Rana, og Stord er berre ein time unna Haugesund lufthavn.
Han legg til:
– Det er berre det at ingen politikar vil ta den belastninga det er å leggje ned ein flyplass.
– Mange stader ligg flyplassane veldig tett
Samfunnsøkonom i Civita, Steinar Juel, meiner det er prinsipielt gale at skattebetalarane subsidierer Avinor, og at fleire bruer og tunnelar gjer det mogleg å vareta akseptable reisetider med færre flyplassar.
Frå Førde i Sogn og Fjordane er det eksempelvis fire flyplassar innanfor ein køyreradius på to timar.
– Ein kostbar struktur blir veldig synleg når bruken av fly går noko ned i ein periode. Mange stader ligg flyplassane veldig tett, medan vegane har vorte betre og har redusert reiseavstanden mellom dei, seier Juel.
Erik Lahnstein er leiar i NHO Luftfart, men har i to periodar vore statssekretær for Senterpartiet i Samferdselsdepartementet.
Som statssekretær førebudde han grunnen for å leggje ned Framnes lufthamn i Narvik. I byte fekk innbyggjarane betre vegsamband til stamruteflyplassen Evenes, via den nye Hålogalandsbrua. Ein vinn-vinn-situasjon, konkluderer Lahnstein.
– Å samle flytrafikken gir grunnlag for fleire ruter, høgare frekvens og lågare pris. Dessutan vart ei ulykkesutsett og rasfarleg strekning fjerna, og ein bu- og arbeidsmarknadsregion betre integrert.
I kronikken «Heilage lokale tilbod» beklagar han seg over at ideen om å leggje ned flyplassar er så «sensitiv» at gevinstane eingong ikkje blir utforska.
Som døme viser han til trasevalet for E39. Med ei anna løysing kunne reisetida mellom flyplassane i Volda og Sandane vore nede i 35 minutt.
– Eg skulle ønskje vi ikkje starta debatten med å spørje om kva flyplassar som bør leggjast ned. Spørsmålet bør heller vere korleis vi som samfunn får til dei beste heilskaplege løysingane med tilgjengelege ressursar, seier han.
Hans Jørgen Elnæs var tidlegare leiar i Ryanair. Han meiner dagens flyplasstruktur allereie er utgått på dato, og at utfordringane berre blir større.
– Derfor bør vi allereie no vurdere å konsolidere talet på kortbaneflyplassar, seier han.
I staden ønskjer han seg større og oppgraderte «knutepunkt» i kvart distrikt, med direkteflygingar til Europa.
– Det vil medføre lengre reisetid for dei som i dag bur i nærleiken av ein kortbaneflyplass, men oppsida er at det blir fleire flyruter og lågare billettprisar.
– Feil medisin å leggje ned flyplassar
NRK har også snakka med fleire som ikkje vil «klusse» med lufthamnstrukturen, og som peikar på at morgondagens fly snarare bør leggje til rette for fleire landingsstader.
Siv Mossleth (Sp): – Det er eit politisk verdival å ha flyplassar også i distrikta. Gode flytilbod er viktig for folk og næringsliv, og no blir det også billigare flybillettar på kortbanenettet, FOT-rutene. Det er ei ikkje-sak å leggje ned flyplassar på kortbanenettet.
Alfred Bjørlo (V): – Flytransporten står framfor ein teknologi-revolusjon dei 10–20 neste åra. Då er det feil medisin å leggje ned flyplassar på kortbanenettet. Elfly på kortbanenettet kan vere eit ypparleg og berekraftig alternativ til å byggje ut nye dyre vegar og jernbanestrekningar som medfører store naturinngrep.
Olve Grotle (H): – Eg ser ikkje at det er behov for ein generell debatt om lufthamn-strukturen no. Avinor har understreka at satsinga på elfly og anna nullutsleppsteknologi passar svært godt til dagens kortbanenett. Vidare at elfly kan bli eit berekraftig alternativ til andre transportformer. Alt dette taler for at det ikkje blir gjort endringar i kortbanenettet no.
Arild Hermstad (MDG): – Vi ønskjer ikkje å leggje ned små flyplassar i distrikta, då dette er nødvendig infrastruktur som trengst for at folk skal få liva sine til å gå opp. Vi ønskjer ikkje å flytte Bodø lufthavn eller byggje ny flyplass i Mo i Rana, men har ikkje foreslått å leggje ned nokon av flyplassane. Først og fremst ønskjer vi å byggje ut betre alternativ til fly mellom dei store byane og gjere det dyrare å fly på desse strekningane, slik at jernbane og kollektiv blir meir konkurransedyktig.