No kan partane i Nordfjord berre vente

Sunnmørsposten melder i ettermiddag at avgjerda om kvar E39 skal krysse Nordfjord kjem i starten av mai.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

AVGJORT: Her er alternativa som regjeringa har hatt: Midtre trasé med bru mellom Anda og Lote, og indre line med bru frå Svarstad til Frøholm.

Foto: Statens vegvesen

Kampen i Nordfjord står mellom midtre- og indre trasé. Avgjerda er etter det avisa erfarer allereie teke.

Europavegen vil anten krysse Nordfjord med bru der dagens ferje går mellom Anda og Lote, tunnel gjennom Stigedalen og bru over Voldsfjorden (midtre trasé), eller med tunnel under Utvikfjellet med bru lenger inne i fjorden mellom Svarstad og Frøholm (indre trasé).

Eit regjeringsnotat om trasévalet i Nordfjord er nesten klart, og den formelle avgjerda vil verte gjort i statsråd 9. mai.

Offentleggjort før nasjonaldagen

Kva tid og korleis avgjerda vert offentleggjort er det no opp til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen å bestemme.

Ifølgje smp.no er tidsplanen at dette skal skje før 17. mai.

Prosessen med ei avgjerd skal no ha kome så langt at det ikkje er anna å gjere enn å vente for partane i Nordfjord, der debatten har gått i fleire år.

Berre å vente for partane i Nordfjord

Tidlegare denne månaden vart det offentleggjort at regjeringa valde Hafast for ferjefri E39-trasé over Sunnmøre.

Sunnmørsposten sine kjelder vil ikkje røpe kva trasé regjeringa har landa på i Nordfjord.

Men det er ingen automatikk i at valet av Hafast på Sunnmøre, gjer at det må verte midtre line i Nordfjord. Den positive næringsutviklinga i og rundt Stryn vert framheva som argument for å velje indre line.