Hopp til innhold

Arbeid med nytt vindturbinprosjekt startar i dag – varslar aksjonar

I dag startar arbeidet med å byggje ein omstridd vindkraftpark på den vêrharde halvøya Stad i Nordfjord. Aksjonsgruppa mobiliserer og utbyggjaren åtvarar.

Okla vindkraftverk

OMSTRIDD: Måndag startar arbeidet med å byggje veg fram til området der desse fem vindturbinane skal byggjast.

Foto: Illustrasjon frå Vestavind Kraft

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi oppmodar folk om å syne motstanden sin mot at ein del den mest spektakulære naturen langs kysten vert ofra, seier Wenche Hovlid Sortvik.

Ho er ein av frontfigurane i kampen mot planane om å byggje fem nesten 150 meter høge vindturbinar på ein av dei mest forblåste stadene i Noreg.

Berre dagar etter at konflikten på Haramsøya på Sunnmøre kulminerte i at vindkraftleiaren blei arrestert, gjer motstandarane nokre mil lenger sør seg klare til dyst.

Wenche Hovlid Sortvik

PROTESTERER: Wenche Hovlid Sortvik seier at protestaksjonen skal gå føre seg innanfor lova.

Foto: Privat

Utbyggaren har åtvara arbeidarane

På Facebooksida til aksjonen «Nei til vindmøller på Stad» skreiv Sortvik laurdag følgjande i eit opprop:

– Raseringa av naturen på Stadhalvøya tek til måndag 31. august. Dersom Stad kan ofrast, ja då er ingen plass trygg.

Mange har kommentert innlegget, og oppmodar om å gå til kamp og synleggjere motstanden når maskinene kjem.

Direktør Scott Gilbert i selskapet Falck Renewables Wind Limited stadfestar i ein e-post til NRK sundag at arbeidet på anleggsvegen startar måndag morgon. Og dei er førebudde på at det kan verte protestar.

– Vi har snakka med arbeidarane våre om dette og førebudd dei på ulike scenario.

Vegen til Årvik på Stadlandet
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vil ikkje bryte lova

Alt i desember 2013 vart det gitt konsesjon til vindkraft på Stad, men dei siste åra har protestane reist seg.

Samstundes har planane blitt endra til færre, men langt større turbinar. I mars gav regjeringa eit endeleg grønt lys til planane til det italienskeigde selskapet.

Motstandarane fryktar at fuglelivet og den særmerkte naturen skal verte øydelagt.

I første omgang er det bygging av ein fire kilometer lang tilkomstveg som startar. Vegen skal gå frå Borgundvågen og opp på fjellet der vindturbinane i Okla vindkraftverk skal stå.

Sortvik avviser at aksjonistane vil oppmode folk om å lenke seg fast eller fysisk hindre at arbeidet på vegen kan starte

– Vi oppmodar folk om å oppføre seg, då markeringa skal vere innanfor lova. Vi ønskjer å nytte oss av ytringsfridomen og seie kva vi meiner. Men vi legg ikkje opp til fysiske konfrontasjonar.

Ber folk ta omsyn til tryggleik

Direktøren i Falck Renewables skriv at han har forståing og respekt for at det er ulike syn på vindkraft, og at folk nyttar seg av ein demokratisk rett til å syne dette på ein fredfull måte.

– Men eg ber at folk tek omsyn tek omsyn til både eigen og arbeidarane sin tryggleik når dei framfører meiningane sine. Dette er viktig for oss, understrekar han i e-posten.

Gilbert skriv og at dei har konsesjon og løyva som skal til for å starte bygginga. Han skriv at dei er glade for å kunne starte arbeidet med vindparken som ikkje berre vil gi fornybar energi, som også vil gi positive ringverknader lokalt.

– Burde ha venta med anleggsstart

Sortvik meiner at kraftselskapet burde ha venta med å starte arbeidet til spørsmålet rundt konsesjonen og fire dispensasjonssøknader var avklara. Stortinget har nemleg bedt regjeringa gå gjennom tildelte konsesjonar på nytt.

– Vi har tru på at konsesjonen vil verte trekt tilbake. Då må krafteselskapet syne respekt og ikkje starte arbeidet før konsesjonen er vurdert på nytt.

Samstundes har organisasjonen Motvind Noreg varsla søksmål for få stansa dette og fleire andre vindkraftprosjekt langs kysten.

Kor mykje folk som kjem til Borgundvågen i morgon, meiner Sortvik er uråd å seie.

– Dette er ei spontanmarkering, så vi veit ikkje. Men vi veit at saka har brei støtte og at den strekke seg langt utover grensene til Stadlandet.