Hopp til innhold

Regjeringa seier ja til to nye vindkraftanlegg – men gir avslag i nord

Vindkraftmotstandarar fortvilar. Tapte kampen mot vindturbinar på Stad i Nordfjord og på Haram på Sunnmøre.

Okla vindkraftverk

FEM VINDMØLLER SKAL BYGGJAST: Det er fjellområdet i bakgrunnen (midt i biletet) Okla vindkraftverk skal byggast på. Vindturbinane har 117 meter rotordiameter på 90 meter høge tårn, totalhøgda blir 148,5 meter.

Foto: Illustrasjon frå Vestavind Kraft

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Artikkelen er oppdatert 30.03.2020 med kommentarar frå Falck Renewables Vind.

Etter år med protestar har regjeringa tatt avgjerd i tre svært omstridde vindkraftprosjekt langs norskekysten. To vindturbinanlegg skal byggast, eitt har fått avslag.

På Stad i Nordfjord, ein av dei mest vêrharde stadane langs norskekysten, skal Falck Renewables Vind få setje i gang bygging av sitt vindkraftanlegg med fem vindturbinar.

Selskapet er eigd av italienskbaserte Falck Renewables AS og SFE Produksjon.

Alt i desember 2013 vart det gitt konsesjon til vindkraft på Stad, men dei siste åra har protestane reist seg. Samstundes har planane blitt endra til færre, men langt større turbinar.

Store delar av Stadlandet er freda på grunn av det heilt spesielle landskapet, men området til vindturbinanlegget er unnateke vern. Fleire grunneigarlag samt Naturvernforbundet har protestert, men til ingen nytte i regjeringa.

– Departementet meiner å ha nok kunnskap om både naturmangfald og kulturminne i området, skriv olje- og energiminister Tina Bru (H) i vedtaket.

Gler seg over vedtaket

Falck Renewables Vind, som vil bygge vindkraftverket på Stad, seier til NRK at dei er godt nøgde med avgjerda til regjeringa.

– Vi trur på prosjektet og dei fordelane det vil gi til lokalsamfunnet, miljøet og samfunnet i sin heilskap, seier administrerande direktør Scott Gilbert.

Verksemda har fått forlenga frist til 31. desember 2021 med å ha vindkraftverket klart.

– Vi vil gå gjennom framdriftsplanen, og ynskjer å starte arbeidet så snart som det er mogleg. Vi må også ta omsyn til situasjonen med Covid-19 viruset i planane våre.

Må få på plass dei siste avtalene

Gilbert peikar på at vindkraftverket på Stad blir eit relativt lite anlegg som brukar moderne og effektive turbinar, for å få så mykje fornybar energi som råd innanfor konsesjonsgrensene. Planen er å gjere utbygginga så skånsam som mogleg.

– Til slutt vil naturen omfamne vindparken, og gå harmonisk saman, slik som andre vindkraft og solkraftverk rundt om i verda.

Nokre hinder står likevel att.

– Vi jobbar med å få på plass avtale med kommunen om å setje opp eit eige fond som kommunen kan disponer slik dei ynskjer, samt avtaler om jordmassar og vegtilkomst, avsluttar Gilbert.

Ja til vindkraft på Sunnmøre

På Haram på Sunnmøre har regjeringa avvist klagane frå Haram kommune, organisasjonar og ei rekkje privatpersonar om utbygging av vindkraftverk på Haramsfjellet.

Departementet set som vilkår at fleire av dei åtte turbinane skal flyttast meir unna folk. Mellom anna skal ein av turbinane 100 meter lenger vekk frå tettstaden Ulla.

– Det var rett no å fatte ei endeleg avgjerd i saka. Konsesjonen blei gitt for over ti år sidan. Da er det på tide at både utbyggarane og lokale interesser får ein avklaring, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Leiar for aksjonsgruppa «Nei til Vindkraftverk på Haramsfjellet», Birgit Oline Kjerstad, reagerer sterkt på at regjeringa avslår alle klagene.

– Eg er ganske sint og veldig lei meg. No må vi vurdere å gå rettens veg om vi vil få gjort noko meir med denne saka, seier Kjerstad til NRK.

Visualisering av vindkraft på Haramsfjellet

HARAM: Både kommunen, organisasjonar og privatpersonar har sagt nei, men regjeringa har sagt ja.

Foto: Haram kraft

Nei til vindkraft i Nordland

Derimot får Andmyran vindkraftverk på Andøya i Nordland avslag. Eigarane hadde søkt om å få forlenga fristen for tidlegare løyve for utbygging med eitt år, samt å få drive til 2051.

Årsaka til avslaget er at regjeringa ikkje vil ha vindkraft i eit myrområde på grunn av klimaet.

– Dette vindkraftverket er ein del av eit omfattande verdifullt myrområde, seier Tina Bru.

Bru seier ein har fått meir og meir kunnskap om nedbygging av myr sidan planane fyrst fekk godkjenning.

– Dette omsynet har vore avgjerande i vurderinga om fristen skulle utsetjast, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Området til Andmyran vindpark

AVSLAG: Området til Andmyran vindpark i Nordland.

Foto: Sigurd Steinum / NRK