Hopp til innhold

Forslag om å sjå på fredinga av alle verna vassdrag

Vestland Høgre vil gjennomgå alle elvar i landsdelen som i dag er verna. Forslaget vekker skarpe reaksjonar.

bucOf_Oeg1g

GAULARVASSDRAGET: programkomiteen i Vestland Høgre til orde for å gå gjennom fredinga av alle elvar i Vestland fylke som i dag er omfatta av vern.

Foto: Willy Haraldsen / Samfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ikkje så mange elvar att som er slik Vår herre skapte dei, seier Ottar Hov.

Han er turistvert på Gaularfjellet og har engasjert seg i arbeidet mot kraftutbygging i Gaularvassdraget «sidan gymnastida».

Elva er den største som i dag er verna og var gjenstand for årelang dragkamp før ho vart freda i 2009.

Ho har stor symbolverdi, seier Hov.

Han legg til:

Om Høgre er uroa for auka energibehov, kan dei heller undersøkje nye løysingar som havvarme og bølgjeteknologi.

Ottar Hov

JA TIL VERN: Ottar Hov er turistvert på Gaularfjellet og har engasjert seg i arbeidet mot kraftutbygging i Gaularvassdraget «sidan gymnastida».

Foto: Eline Kirkebø

NRK har tidlegare skrive om ti norske vassdrag som Høgre foreslår å «av-verne».

Dei ti elvene ligg i Trøndelag, Nordland og Vestland. I tillegg inneheld lista eit knippe «kandidatar» i Oppland og Hedmark som Høgre førebels ikkje vil gå ut med.

Totalt er 394 norske vassdrag verna.

No tek programkomiteen i Vestland Høgre til orde for å gå gjennom fredinga av alle elvar som i dag er omfatta av vern.

I Vestland fylke dreier det seg om 58 vassdrag. Det siste, Øystesevassdraget i Hardanger, vart freda i fjor.

Dette er Flåmselvi i Aurland i Sogn.
Flåmselvi er ein av ti verna elver der Høgre meiner at «skånsam vasskraftutbygging bør vurderast».
Åtte av dei ti elvene ligg i Vestland.
I tillegg er Verdalsvassdraget i Trøndelag på lista. Og Vefsnavassdraget i Nordland.
Lista inneheld også eit knippe «kandidatar» i Oppland og Hedmark som Høgre førebels ikkje vil gå ut med.
Visualisering: Anders Nøkling

Det konkrete forslaget seier at: «Ingen verna vassdrag bør vere varig friteken ny gjennomgang. Alle bør vurderast på nytt med tanke på ny teknologi, potensielle skånsame utbyggingar og flaumdemping.»

Ny teknologi, klimaspørsmålet og kraftbehovet gjer at det er heilt naturleg å vurdere alle verna vassdrag på nytt, seier Elias Eide, som er medlem i programkomiteen i Vestland Høgre.

Eide legg til:

Mange vassdrag vil truleg framleis vere verna, men det er ikkje rett at gamle vernevedtak skal styre energipolitikken i framtida.

Forslaget vert venteleg vedteke på fylkesårsmøtet i januar neste år.

Historielaust, kunnskapslaust og trist

Terje Halleland i Framstegspartiet seier forslaget er betre enn det moderpartiet la fram i januar.

Dette forslaget er betre då det gir kraftselskapa fleire moglegheiter til å plukke gode kandidatar for utbygging, seier han.

I andre delar av partifloraen er responsen meir ... avmålt.

Dette forslaget er historielaust, kunnskapslaust og trist, seier Alfred Bjørlo i Venstre.

Han viser til at Noreg har forplikta seg til å verne minst 30 prosent av all natur.

Då er dette heilt feil veg å gå. Den såkalla «heilskaplege gjennomgangen» av verna vassdrag som Høgre snakkar om, er allereie gjort. Og konklusjonen var vern – varig vern.

Birgit Oline Kjerstad i SV gjentek det same: «varig vern av vassdrag betyr varig vern».

Det er provoserande og respektlaust at Høgre ikkje gir seg på denne saka, legg ho til.

Elias Eide

NY VURDERING: - Det er ikkje rett at gamle vernevedtak skal styre energipolitikken i framtida, seier Elias Eide (H).

Foto: Jorgen Hveding

– Sjå om det er mogeleg å bygge ut meir

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) sa i desember at energikommisjonen bør «sjå om det er mogeleg å bygge ut meir av det som har vore verna».

Han har sidan presisert at han «ikkje er så radikal» som han har vore tatt til inntekt for.

– Det er ikkje slik at eg vurderer å legge verna vassdrag i rør, som ei overskrift sa. Men vi må undersøke korleis vi kan få meir kraft utan å minske naturverdiane. Det er ikkje verre enn det.

Terje Aasland foran regjeringens blå vegg

IKKJE I RØR: – Det er ikkje slik at eg vurderer å legge verna vassdrag i rør, som ein overskrift sa. Men vi må ha meir kraft, seier Olje- og Energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

I arbeidet med verneplanar for vassdrag på slutten av 2000-talet stod Høgre på for å inkludere fleire vassdrag, mellom anna Langvella og Øystese.

MDG-politikar Natalia Golis seier forslaget viser at fylkespartiet til Høgre har «fjerna seg frå sin konservative grunnmur», der vern og varsemd er sentrale verdiar.

Ho viser til tidlegare Miljøvernminister Børge Brende (H) sitt arbeid med å verne «nasjonalpark etter nasjonalpark».

Dette med naturkonservatisme har eg ofte tenkt at Høgre og MDG skulle samarbeidd meir om. Her er dei på eit blindspor, på jakt etter billig straum, når svaret ligg ein annan stad.

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet peiker på det same:

Det er ein god konservativ verdi å ta vare på det som verkar, og det gjer dagens balanse mellom kraftutbygging og varig verna vassdrag. Eg begrip ikkje kvifor Høgre vel å delta i konkurransen om å vere det mest naturfiendtlege partiet.

Demonstrasjon mot utbyggingen av Alta-Kautokeino-vassdraget. Flere hundre mennesker har slått leir ved nullpunktet i Stilla for å hindre anleggsarbeidet  og kraftutbyggingen. Parolen " La elva leve" er malt på steiner

Miljøbevegelsen har kjempet for vassdragene tidligere. Kampen om Alta-vassdraget skapte engasjement, sinne og debatt på 1970- og 80-tallet.

Foto: Erik Thorberg / NTB
HISTORISKEBILDER

Miljøbevegelsen har kjempet for vassdragene tidligere. Kampen om Alta-vassdraget skapte engasjement, sinne og debatt på 1970- og 80-tallet.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Om alternativet er vindkraftparkar, er dette fornuftig

Jenny Følling (Sp) er ordførar Sunnfjord. Kommunen har fleire verna vassdrag i si «portefølje».

Eg er betenkt. Eg fryktar at ein slik gjennomgang kan bli like konfliktfylt som vindmøller. I første omgang bør vi byggje ut vassdrag som ikkje er verna, utnytte det potensialet som ligg i oppgradering av eksisterande kraftanlegg og utnytte solcelleteknologi, seier ho.

Jenny Følling på talarstolen under Sp sitt landsmøte i Loen

BETENKT: – Eg fryktar at ein slik gjennomgang kan bli like konfliktfylt som vindmøller, seier Jenny Følling (Sp), ordførar Sunnfjord.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

NVE har rekna på kraftpotensialet ved «skånsam utbygging» av verna vassdrag, og anslått dette til 5 TWh.

Attande i Gaular er kjøpmann og Høgre-mann Jarl Tyssekvam positiv til signala frå Vestland Høgre.

Dette er fornuftig med tanke på dei utfordringane vi står overfor, seier han.

Han viser til «energikrisa» og at kraftutbygging òg er god flaumsikring.

Om alternativet er vindkraftparkar på land og til havs, er dette ein fornuftig tanke.