Straumprisane gjer at gamle pumpekraftprosjekt vert «tatt fram frå skuffen att», meldte NRK i desember.
Eit pumpekraftverk er kort fortalt eit kraftverk som vert sett «i revers» når det er mykje kraft i marknaden og prisen er låg, og som slepp vatnet ned att når det er underskot på kraft og prisen er høgare.
Pumpekraftverka er slik egna til å balansere og stabilisere ein felleseuropeisk kraftmarknad med stadig meir ikkje-regulerbar kraft, som sol- og vindkraft. Dei har difor vore ein del av visjonen om Noreg som «Europas grøne batteri».
Det er berre eitt problem.
– Med dagens regelverk vil vertskommunar tape på at vatnet vert nytta i pumpekraftverk og ikkje i eit tradisjonelt kraftverk, seier Gaute Tjørhom, administrerande direktør i Sira-Kvina.
Kontrasten til «vanlege kraftverk» – som vert kalla gullkalvar for kraftkommunar – er med andre ord stor.
Forklaringa er denne: Sidan energibruken ved å pumpe vatnet opp er større enn gevinsten ved å sleppe vatnet ned att, går eit pumpekraftverk totalt sett i minus – målt i kraftbruk.
BRULANDSFOSSEN: – Skal vi ha pumpekraftverk, må det skattereglar på plass som gir kommunane grunn til å ville ønske det, seier Torfinn Opheim,
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Dette er ein komisk sak
Når inntektene til vertskommunen er kopla til konsesjonskraft og netto energiproduksjon, er det difor lite freistande for kommunane å «by opp til dans», seier NTNU-professor Leif Lia.
– Dette er ein komisk sak som norske politikarar burde ordna opp i for lengst, seier han.
I dag er det berre ti operative pumpekraftverk i Noreg. I Austerrike er det til samanlikning 24, og minst tre under bygging.



Stakaldefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen– Skal det opnast for omfattande bygging av pumpekraftverk, må det skattereglar på plass som gir kommunane grunn til å ville ønske det, seier Torfinn Opheim, som er leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).
Han håper den annonserte energikommisjonen til regjeringa tar tak i problemstillinga.
– Nok ein gang ser vi at det er viktig at vertskommunen får ein rolle i ein slik kommisjon, seier han.
Eivind Heløe er direktør i Energi Noreg, som representerer fornybarnæringa.
– Om skattesystemet er til hinder for å utvikle gode pumpekraftprosjekt, må vi sjå nærmare på det, seier han.
Vil ha kortare avskrivingstider
På grensa mellom Agder og Rogaland er Kaspar Vereide prosjektutviklar for to nye pumpekraftverk: Roskrepp og Tjørhom.
Han tek til orde for ein annan modell for å rekne ut skatten «som betre speglar dei reelle verdiane i eit pumpekraftverk».
– Kan hende er det riktigare å klassifisere pumpekraftverk ikkje så mykje som eit kraftverk, men meir som ein slags balanserande støttekomponent i straumnettet, seier han.
Tafjord Kraft eig det høgast liggjande kraftverket i landet, Tafjord 6, som er tilknytt Tjønna pumpekraftverk.
– Fordi vi kan samanlikna pumpekraftverka med ein kondensator eller spole, så bør det vere mykje kortare avskrivingstider, seier Erik Espeset, som er konsernsjef i selskapet.
Demningar og tunnelar i norske magasinverk har i dag ein avskrivingstid på 67 år.
Vasskraftbransjen har over tid klaga over skatteregimet, og vart delvis høyrt då Solberg-regjeringa innførte ein kontantstraumskatt for ny vasskraft i 2020.
Kontantstraumskatten gjer at kraftføretaka kan utgiftsføra nye investeringskostnadar same året som investeringane blir gjort, i staden for skrive dei av over fleire tiår.
– Pumpekraft er komme på dagsorden, og det er både viktig og riktig, seier Jakob Hovet, som er divisjonsdirektør i Agder Energi.
Han legg til:
– Dersom det grøne skiftet skal lykkast, vil behovet for tilgjengeleg regulerbar effekt auke.
PÅLSBUDAMMEN: – Fordi vi kan samanlikna pumpekraftverka med ein kondensator eller spole, så bør det vere mykje kortare avskrivingstider, seier Erik Espeset.
Foto: Lise Åserud / NTB