Hopp til innhold

Tek grep etter 181 år: No slepp Jannicke å gå med manneklede på jobb

Arbeidstøy for damer er ei av dei største kampsakene for likestilling i industrien. I Aker Solutions får dei no eigne dameklede, etter to hundre år utan.

Kvinne jobber med for store arbeidsklær, viser hvordan klærne ikke passer på verksted

I over 180 år har kvinner i Aker Solutions jobba i klede som er tilpassa menn. Her viser Jannicke Ness korleis kleda på jobb ikkje passar til ho.

Foto: Therese Pisani / NRK

I over 180 år har kvinner i Aker Solutions jobba i klede som er tilpassa menn. Her viser Jannicke Ness korleis kleda på jobb ikkje passar til ho.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Kjeledressen stramme veldig der han ikkje skal. Det er ikkje akkurat plass til hoftene.

Jannicke Ness er i full sving i verkstaden til Aker Solutions på Ågotnes, vest for Bergen.

Her har ho jobba som mekanikar i tre år, saman med mange andre kvinnelege kollegaer. Heile tida i klede laga for menn.

– Eg har bretta opp ermane, for den er alt for lang. Og så må eg halde oppe buksene, fordi strikken i livet ikkje sit der han skal, forklarar Ness.

Kvinne med vernebriller, hjelm jobber.

Jannicke Ness må ta på ein ekstra hanske i plast for å gjere delar av jobben sin. No håpar ho dei nye kleda skal vera betre tilpassa kroppen hennar, og arbeidsoppgåvene.

Foto: Therese Pisani / NRK

Smalare buksebein og kortare ermar

No tar Aker Solutions grep og lagar heilt nye arbeidsklede, for menn, kvinner og gravide.

På bestilling hjå produsenten Victoria i Bergen skal dei raude arbeidskleda skiftast ut med nye i blå og gul.

På kvinnemodellen er strikken plassert høgare i livet, buksebeina er smalare, og armane kortare.

– Det er veldig bra at me endeleg får nye klede. Men me er i 2022, så eg syns det burde vore på plass før. Det har vore damer i industrien lenge, seier Ness.

Kvinne ler. Har på arbeidsklede.

Jannicke Ness fekk prøve på prototypen til dei nye arbeidskleda til Aker Solutions. Til nyttår har dei bestilt kring 5000 eksemplar.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Aldri hatt arbeidsklede for damer

Aker Solutions si historie går tilbake til 1841, då Aker mekaniske verkstad opna i Oslo.

Ifølge selskapet sjølv har det jobba kvinner i industrien heilt sidan oppstarten.

Det vil seie 181 år.

No har selskapet 15 000 tilsette over heile verda. 18 prosent av dei er kvinner og ingen har fått arbeidsklede tilpassa kvinnekroppen, før no.

– Kvifor har de ikkje gjort dette før?

– Det er vanskeleg å seie sikkert. Me er eit mannsdominert yrke. Det har kanskje ikkje vore det store behovet, seier lagersjef i Aker Solutions, Edgar Damås.

OSLO 19470912 Filharmonisk selskaps orkester spiller for de ansatte i en av hallene på Akers Mekaniske verksted. Interiør fra hallen, der tett i tett med arbeidere på de improviserte tribunene nyter musikken. For mange var det nok første gang de hørte et stort orkester. Foto: NTB / NTB

Det har jobba kvinner hjå Aker sidan starten i 1841, ifølge selskapet sjølv. Her er arbeidarar på konsert, i arbeidsklede, på Aker mekaniske verkstad i Oslo, 1947.

Aker Stord 1997

Aker utvikla seg til å bli ei av Noregs største bedrifter. Her er arbeidarar på verftet på Stord i Sunnhordland i 1997.

– Skotsikker vest med plass til pupp

I slutten av september vart problematikken rundt tilpassa arbeidstøy debattert i Dagsnytt 18.

Kommentator i Agenda magasin, Helle Cecilie Palmer, meinte standarklede på arbeidsplassar er laga for mannekroppen, og er difor ikkje «unisex», eller for begge kjønn.

– Om ein mannleg politibetjent fekk delt ut ein skotsikker vest med plass til pupp, og kalla det «unisex», så hadde ein reagert, sa ho under debatten.

Palmer hadde tidlegare skrive ein kommentar i Dagsavisen, der ho viste til nettavisa Fri Fagbevegelse si sak om at kvinnelege ferievikarar vart brannskadd på grunn av unisex-klede.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

21. september var kommentator i Agenda magasin, Helle Cecilie Palmer på Dagsnytt 18.

– Skal føle deg velkommen

– Du skal ha tilpassa arbeidstøy du føler deg komfortabel i. Det er arbeidsplassen din, du skal føle deg velkommen, seier Cay Nordhaug, i fagforbundet Industri Energi.

Dei har jobba aktivt med å få tilpassa arbeidstøy inn i tariffavtalane til medlemmene sine, slik at det blir arbeidsgjevar sitt ansvar å tilby arbeidstøy som passar.

Les også: Henriette (32) kjempar for arbeidsklede til gravide: – Enklare å be dei sjukmelde seg

Henriette Thorsen
Henriette Thorsen

I 2020 fekk dei forhandla fram krav om kjønnstilpassa arbeids- og verneklede i fire tariffavtalar.

– Fleire og fleire kvinner kjem inn i industrien, noko som er heldig. Men det er ein del utfordringar med tilpassa tøy, seier han og legg til at det også handlar om tryggleik på arbeidsplassen.

Les også: Henriette (32) kjempar for arbeidsklede til gravide: – Enklare å be dei sjukmelde seg

Henriette Thorsen
Henriette Thorsen

Har trua på fleire kvinner

På verkstaden i Ågotnes er kvinnelege arbeidarar langt frå eit sjeldan syn.

Jannicke Ness er glad for at arbeidsgjevaren hennar har tatt ho, og kollegaene hennar, på alvor.

– Det er veldig positivt, spesielt med tanke på at dei vil ha fleire kvinner inn i industrien. Dei må nesten gjere tilpassingar for å tiltrekke dei også.

Likevel må ho bruke dei gamle, raude dressane nokre månadar til. Dei nye kleda blir ikkje klare til bruk før på nyåret.

Hei!

Hei! 

Tenkte du noko då du leste saka mi? Har du ei meining om kva mi neste sak bør handle om? 

Eg har tidlegare skrive om den vanskelege diagnosen autisme, Christian som ikkje fekk livreddande medisin og at fleire jenter prøver seg som fiskarar. 

Gi meg ein lyd!