Hopp til innhold

Her er halvparten av dei unge fiskarane jenter

Berre tre prosent av yrkesfiskarane i Noreg er damer. No viser tal frå ungfiskeordninga at trenden kan snu.

– Eg gjer det mest for pengane. Men også for kvalitetstid med familien.

17 år gamle Heidi Marie Kolbeinshavn står støtt i faren sin fiskebåt utanfor Austevoll.

Det er vind, bølger og regn, men ho og litlesøster Ingeborg på 16 har full kontroll.

Å fiske leppefisk har dei gjort sidan dei var 12 år.

– På dagar med sol og god fangst er det verdas beste sommarjobb, fortel Heidi.

Jente sorterer fisk på ein båt. Vind i håret og måker bak.

Heidi Marie Kolbeinshavn har fiska leppefisk og solgt det til den lokale oppdrettaren sia ho var 12 år. No er det enno fleire jenter som vel fiske som sommarjobb.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Fleire jenter tar del

Dei to søstrene har meldt seg på ungdomsfiske, ei ordning som gjer unge mellom 12 og 25 år løyve til å drive fiske opp til 50.000 kroner.

Det er lettjente pengar for to jenter som har vokse opp i ein fiskarfamilie.

– Ein må ha båt og utstyr, og så har ein utgifter med drivstoff og liknande. Men elles er det ganske enkelt.

Også fleire av veninnene deira har meldt seg på ordninga i år.

I øykommunen sør for Bergen er faktisk halvparten av dei 64 påmelde jenter.

– Eg har 7–8 veninner som driv på med det. Det er blitt veldig populært dei siste åra, fortel Heidi Marie.

Heidi Marie og Ingeborg Kolbeinshavn.

Dei to søstrene må samarbeida når dei er ute på sjøen. Pengane dei tener går rett inn på sparekonto, ifølge dei sjølv.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Utelukkande positivt

Det er ikkje berre i Austevoll at jentene tar årets sommarjobb på sjøen.

Så langt har 484 unge i Noreg meldt seg på fiskeordninga. Meir enn kvar tredje av dei er jenter.

I eit land der berre 3 prosent av yrkesfiskarane er kvinner viser tala frå Austevoll håp om endring, meiner leiar i Noregs fiskarlag, Kåre Heggebø.

– Dette er utelukkande positivt, og ei utvikling som me er veldig glade for.

Han håpar jentene som prøver fiske syns det er spanande, og vel å satse på det også vidare.

– Det er bra med ein miks av kjønn i alle yrkjer. Det gjer noko med haldningar og oppførsel, meiner han.

Lærerik sommarjobb

I Austevoll er søstrene Kolbeinhavn delte i valet om å fortsette med fiske. Ingeborg ser for seg å jobbe med oppdrett, medan Heidi Marie ikkje er sikker.

Likevel vil dei nok fortsette med sommarjobben så lenge dei får lov.

– Det er ein fin sommarjobb og ein lærer mykje meir enn å berre fiske. Ein må lage budsjett, få dei rette løyva og samarbeidsavtalane, seier Heidi Marie.

Og at fiskeyrke også er for jenter, er dei heilt klare på.

– Nokon meiner jenter ikkje er sterke nok til fiske. Det er berre å tilpasse arbeidet slik at ein får det til. Det er vel det gutane gjer også, seier 17-åringen.

Ingeborg Kolbeinshavn.

16 år gamle Ingeborg Kolbeinshavn har lyst å jobbe fast med fiske og havbruk. – Eg syns det er gøy med alle skapningane i havet, seier ho.

Foto: Synne Sørenes / NRK