Hopp til innhold

Henriette (32) kjempar for arbeidsklede til gravide: – Enklare å be dei sjukmelde seg

Kvinnelege handverkarar får fysiske plager av arbeidsklede for menn.

Henriette Thorsen

ENGASJERT: Henriette Thorsen er utdanna elektrikar og har jobba i feltet i 13 år. Ho ser eit stort behov for tilpassa arbeidsklede, spesielt for gravide.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

– For mange bedrifter blir det enklare å be den gravide sjukmelde seg, enn å kjøpe inn nytt utstyr.

Henriette Thorsen er elektrikar for Teca på Stord og ein av «Montørjentene».

Gjennom sosiale medium og besøk på skular og arbeidsplassar jobbar dei med rekruttering og likestilling i elektrofaget.

– Mykje er blitt betre, men bransjen er langt frå friskmeldt, seier Thorsen.

No meiner dei det er på høg til med tilpassa arbeidsklede til kvinner, også dei med mage.

Mari Stormark Helleland drar kablar.

I jobben som elektrikarar brukar ein arbeidsbukser med plass til utstyr og verktøy. I tillegg brukar ein verneutstyr, som vernesko eller hjelm.

Foto: Privat

Enda opp med brest i kneskålene

Å ikkje få tilrettelagt klede og utstyr kan få store konsekvensar, meiner Thorsen, og får støtte frå kollega Mari Stormark Helland.

Ho opplevde sjølv store fysiske plager då ho måtte bruke vernesko for menn.

– Eg enda opp med brest i begge kneskålene.

Helleland understrekar at det ikkje er påvist at plagene kom som følge av feil sko, men at problemet slutta då ho fekk vernesko tilpassa jenter, og sin eigen fot.

Mari Stormark Helland

Mari Stormark Helland elskar jobben sin, men enda opp med brest i begge kneskålene, truleg som følge av feil arbeidssko.

Foto: Privat

Avisene Sunnhordland og Kvinnheringen har tidlegare skrive om Thorsen og Miljøjentene, som no er nominert til Plan Norge sin jentepris for arbeidet med likestilling i bransjen.

– Treng ikkje vera dyrt eller vanskeleg

Berre 3 prosent av elektrikarar i Noreg i dag er kvinner. Det gjere marknaden snever.

Likevel finst det langt meir utstyr for kvinner no enn før, fortel Thorsen, som sjølv gjekk gravid for ti år sidan.

– Då fekk eg tilbod om ei vanleg snikkarbukse der eg kunne opne knappen på magen. Det fanst ikkje bukser for gravide. Det finst det no.

Les også Eline (25) vil ha flere kvinner inn i byggebransjen

Eline Bagli

Produsent av arbeidsklede, Blåkläder, seier dei har utvikla over 100 ulike modellar tilpassa kvinner, sidan dei først begynte for alvor i 2015.

Likevel er det berre to år sidan deira første arbeidsbukse for gravide kom.

– Eg trur det er behov for meir kunnskap om at desse kleda finst. Ein kan legge til rette. Det treng ikkje vera dyrt eller vanskeleg, seier Thorsen.

Gravid kvinne i arbeidsklede.

Slike bukser for gravide finst no på marknaden. Thorsen meiner likevel det er for lite utval.

Foto: Blåkläder AS

– Me må tilpassa oss

Thorsen og Montørjentene fryktar at kvinner gir seg i yrket fordi dei ikkje får tilpassa arbeidsklede. No jobbar dei med å få det inn i tariffavtalen til arbeidsgjevarorganisasjonen Nelfo.

På den måten blir det arbeidsgjevar sitt ansvar at elektrikarar, både kvinner, menn og gravide, får arbeidsklede som passar dei.

Kommunikasjonsdirektør i Nelfo, Marius Saasen Strand, seier dei må følge med i tida.

– Me må tilpasse oss også når det gjeld arbeidstøyet. Det er absolutt ikkje slik at «one size fits all».

Han legg til at kjønnsdelte garderobar fekk plass i tariffavtalen for 2022. Om tilpassa arbeidsklede også får plass, må dei diskutere under neste års lønnsforhandlingar.

– Me ser jo at bedriftene som er flinke til dette, også har fleire kvinnelege tilsette og lærlingar, seier han.

Hei!

Har du ei god historie om tilpassa arbeidsklede?

Kanskje har arbeidsgjevaren din vore god på å tilpasse både klede og arbeidsoppgåver etter kva du klarer? Eller ikkje? 

Gi meg gjerne ein lyd!