Hopp til innhold

«Flaskehals»-linje skapar prisforskjell: Blir erstatta først i 2025

Statnett stadfestar at oppgradering av «flaskehals»-linja mellom Sogndal og Aurland har blitt utsett i fleire år. – Det kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt, seier analytikar.

Kraftlinjer ved Fardal i Sogndal

NYE LINJER: Desse linjene ved Fardal i Sogndal skal oppgraderast i 2025.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I oktober var spotprisen nesten fire gongar høgre i store delar av Sør-Noreg, samanlikna med delar av Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Det viser tal frå kraftbørsen Nord Pool.

Måndag vart det sett ny prisrekord på straum, der timeprisen kom heilt opp i «2,79 kroner per kilowattime».

Ein av årsakene til dei ekstreme prisforskjellane er manglande linjekapasitet mellom sør og nord.

– Når linjekapasiteten er for svak, då blir det store forskjellar, seier kraftanalytikar Olav Johan Botnen i Volue Insight.

Noreg er delt opp i fem ulike prisområde. Det siste året har dei tre sørlegaste vore betydeleg dyrare enn dei to nordlegaste.

Det norske kraftnettet

STOR FORSKJELL: Det er stor prisforskjell på straumrekninga sør og nord i landet.

Grafikk: Oljedirektoratet

Analytikaren peikar på fleire årsaker til at det no oppstår ein «flaskehals»-situasjon mellom nord og sør:

  • Mykje vatn i magasina i nord. Lite vatn i magasina i sør, trass i at det har kome ein del nedbør dei siste vekene.
  • Kraftig utbygging av vindkraft i Nord-Sverige og til dels i Nord-Noreg, som fører til overkapasitet i nord.
  • Normalt går ein god del av straumen frå nord til sør via Sverige. Men no er kapasiteten der også redusert, av ulike årsaker.
  • I sør har nye kablar ført til at vi har kopla oss tettare til straummarknaden i Europa, der prisane no er enda høgre.

Betre linjekapasitet mellom sør og nord i Noreg ville ikkje utjamna forskjellane, men gjort dei mindre, ifølge Botnen.

– Om linja mellom Sogndal og Aurland hadde vore operativ i dag, ville differansen vi opplever no kanskje blitt redusert med ein tredjedel.

Han trur prisforskjellane fort vil vare ei god stund framover.

Kraftlinjer ved Fardal, Sogndal

OPPGRADERING: I dag er kraftlinjene frå Sogndal til Aurland 300 kilovolt. Dei skal oppgraderast til 420 kilovolt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kraftlinja utsett

Lenger nord på Vestlandet kom det ei ny, oppgradert linje i 2016, mellom Ørskog og Sogndal.

Opphavleg ville Statnett oppgradere linja sørover, som ein del av det same prosjektet.

Allereie i 2010 vart Statnett sin nettutviklingsplan omtalt i Bergens Tidende, der det vart konkludert med at Sogndal – Aurland er «ei naturleg vidareføring» av den planlagde leidninga mellom Ørskog og Sogndal.

Etter planen skulle leidninga ferdigstillast allereie i 2016.

Men fleire rundar med utgreiingar førte til at heile prosjektet vart utsett. No blir den tidlegast ferdig i 2025.

– Forseinkinga kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt. Det har gått seint i forhold til marknadens behov, seier Botnen.

Statnett seier i dag at dei hadde behov for å sjekke marknaden betre, før dei tok ei avgjerd.

– Det har vore ein kraftig vekst i etterspurnaden for å knytte seg til nettet dei siste åra, særleg rundt Bergen. No tek vi grep for å møte den forbruksveksten, seier seniorrådgjevar Håkon Smith-Isaksen Holhus.

Statnett stadfestar at prosjektet no er i gang, og seier dei nye linjene vil bidra til mindre prisforskjellar.

– Når vi styrkar kapasiteten vil det føre til betre flyt mellom ulike prisområde. Det vil, isolert sett, bidra til utjamning av prisane.

Håkon Smith-Isaksen Holdhus, seniorrådgiver kommunikasjon, Statnett

NY LINJE: Den nye linja vil føre til mindre prisforskjellar, seier Håkon Smith-Isaksen Holhus i Statnett.

Foto: Sondre Dalaker / Statnett

Fleire tusen i prisforskjell

Straumselskapet Fjordkraft har kundar både i «dyre» og «billige» prisområde.

På oppfordring frå NRK vart prisforskjellen rekna ut mellom Midt-Noreg (Trondheim) og Vestlandet (Bergen) frå november 2020 til oktober 2021.

Med eit årsforbruk på 14.000 kilowatt blir differansen 3121 kroner.

Men forskjellen kan fort bli langt større om ein til dømes samanliknar to einebustadar, der årsforbruket i snitt er 25.000 kilowattimar per år, ifølge SSB.

Studentar i Sogndal oppheld seg i det same «dyre»prisområdet som folk i Bergen. Fleire har vore meir enn normalt opptekne av korleis prisane slår ut denne hausten.

– Det er dårleg gjort at vi skal betale meir enn dei i nord. Definitivt, seier Frøya Rydland Aase.

Frøya Rydland Aase, student, Høgskulen på Vestlandet

URETTFERDIG: Frøya Rydland Aase har fått med seg at straumen no er dyrare i Sogndal, enn lenger nord i landet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho bur i eit hus saman med andre studentar. Dei har blitt meir bevisste på kva dei faktisk brukar straum på.

Andre gruar seg til slutten av månaden.

– Eg får vondt i magen av å tenke på det, for å vere ærleg. Det er tungt å vite at i slutten av denne månaden kan eg få ei straumrekning som er kjempehøg, seier Susanne Lauvsland.

Susanne Lauvsland, student, Sogndal, Høgskulen på Vestlandet

DYRT: Susanne Lauvsland elskar å vere student, men gruar seg til straumrekninga kvar månad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK