Hopp til innhold

Noregs største kraftledningsprosjekt er i drift

Den siste delen av den 300 kilometer lange kraftleidningen Sogndal-Ørskog blei slått på i går

Video frå opninga av kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal. Filma på transformatorstasjonen i Moskog. To intervjustrekk.

LANG PROSESS: Martha Hagerup Nilson i Statnett har jobba med prosjektet i sju år. I går kom heile strekninga i drift.

– No er heile forbindelsen sett i drift, så Sogn og Fjordane og Midt-Noreg går ein trygg vinter i møte, seier Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Byggearbeidet starta i 2011, og den siste etappen frå Sogndal til Høyanger blei sett i drift i går. Kraftleidningen blei bygd fordi Midt-Noreg har hatt eit energiunderskot på grunn av stor kraftkrevjande industri.

I Midt-Noreg bruker ein meir straum enn ein produserer sjølv, mens Sogn og Fjordane er eit overskotsområde, så løysinga blei å kopla Sogn og Fjordane saman med Midt-Noreg.

Nilson fortel at ein konsekvens av dette blir likare straumprisar på Vestlandet og i Midt-Noreg.

Moskog

HER STARTA DET: Byggearbeidet starta i Moskog i Førde oktober 2011.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Mange har venta på denne dagen

– Denne kraftleidningen gjer at folk i Sogn og Fjordane og Midt-Noreg har ein trygg og god straumforbinding, seier Nilsen.

Nilsen fortel at kraftleidningen legg til rette for fornybare prosjekt som har stått på vent, spesielt i Sogn og Fjordane, og at den gode straumtilgangen legg til rette for lokal og regional verdiskaping.

– Dette kan industrien utnytta ved å bygga eller utvida verksemder. Småkraft kan også kopla seg til kraftleidningen.

Atle Isaksen i Sogn og Fjordane Energi (SFE) fortel at mange har venta på denne dagen.

– Det er mange småkraftaktørar som har venta lenge på å tilknytt seg eit nett, så mange har venta på denne dagen, seier Isaksen

Isaksen fortel at fylket si gamle hovudlinje har stått sidan 60-talet. Denne hadde ikkje kapasitet til å ta imot ny produksjon, noko som har vore til hinder for større industriutvikling i fylket.

– At me får på plass ein stor sterk leidning med mykje ledig kapasitet for framtida er kjempeviktig.

Atle Isaksen

EIN ETTERLENGTA DAG: Atle Isaksen i SFE fortel at mange har venta på denne dagen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Eit utfordrande puslespel

Det har blitt bygd seks transformatorstasjonar på strekninga frå Sogndal til Ørskog, og ein stasjon har blitt oppgradert og utvida.

Utfordringane har vore mange under den omdiskuterte utbygginga. Nokre utfordringar har handla om å få tilgang til område i Bremanger, mens andre har handla om den vestlandske geografien.

– Det er mykje fjordar og høge fjell. Kraftleidningen går over sju fjordar, og gjennomsnittslengda på desse fjordspenna er på tre kilometer.

Atle Isaksen I SFE fortel at det har vore ein krevjande prosess. Ein måtte sikra trygge arbeidsforhold samtidig som folket skulle ha straum.

Han omtaler prosjektet som eit stort puslespel som krev mykje koordinering med dei lokale nettselskapa.

– Det å ha helikopter med hengande last i nærleiken av leidningar som er det er straum eller spenning i er ikkje ideelt, så då søker ein helst om å få kopla frå alle anlegga som er i nærleiken.