Hopp til innhold

Framleis «tomme» vassmagasin etter rekordblaut oktober

Fyllingsgraden gjer berre eit lite hopp etter nedbørsrekordane i oktober. Kraftanalytikarar seier straumkundane kan førebu seg på ein dyr vinter.

Roskreppfjorden

MEIR VATN NO: Nye tal viser at fyllingsgrada i norske magasin er 71,3 prosent, etter seks veker med mykje vått og vindfullt vær.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Det er aldri blitt målt meir regn i Bergen i løpet av ein månad enn i oktober 2021, og regnet har også hølja ned andre stader i landet.

Det kunne vore godt nytt for norske vassmagasin som i haust har vore nesten tomme.

Ifølge Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har fyllingsgraden sør for Sognefjorden vore blant dei lågaste som er observert dei siste 20 åra.

– Fyllingsgraden har ikkje vore så låg på 30 år i fleire av magasinere våre, sa produksjonssjef Einar Thygesen hos Sira-Kvina kraftselskap så seint som 6. oktober.

No viser nye tal at fyllingsgraden i norske magasin i snitt gjer eit lite hopp til 71,3 prosent, etter seks veker med vått og vindfullt vêr.

Det norske kraftnettet

I ALT FEM: Noregs fem ulike prisområde for straum.

Grafikk: Oljedirektoratet

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 83,2 prosent.

Meir dramatisk er situasjonen i Sør-Noreg, der dei fleste store kraftverka ligg.

I området NO2 (som grovt sett omfattar Sør-Noreg sør for Hardangervidda) er fyllingsgraden berre 61,4 prosent. Til samanlikning er medianen for dei siste 20 åra 83,8 prosent.

Vassmagasinstatistikk veke 41 2021

MØRKEBLÅ LINJE: Fyllingsgraden i norske magasin gjer eit lite hopp til 71,3 prosent, etter seks veker med vått og vindfullt vêr

Foto: Håvard Nyhus / NRK

– 2021 har vore eit unormalt år

– Vi konstaterer noko betre fyllingsgrad, men det er framleis relativt lite vatn, og det vil nok vere situasjonen når vi går inn i vinteren også, seier Håkon Smith-Isaksen Holdhus i Statnett

Kraftanalytikar Ole Marius Gloppestad hos SFE karakteriserer 2021 som eit «unormalt år» med store geografiske skilnader når det kjem til nedbør, fyllingsgrad i vassmagasin og kraftprisar.

I områda nord for Dovre og Sognefjorden (NO3 og NO4) har kraftprisen vore betydeleg lågare enn i sør.

I tillegg har kombinasjonen låge temperaturar og lite vindkraft ført til eit «ekstremt prishopp» på gass i Europa.

– Situasjonen er framleis relativt stram på energisida i Europa ettersom Tyskland og fleire store land ikkje har greidd å etterfylle gasslagera sine, seier Gloppestad.

Gunn Stine B. Solheim er leiar for krafthandel i Fjordkraft.

– Fyllingsgraden er framleis låg sør og vest i landet til tross for nedbøren i oktober. Prisen har derfor gått noko ned i løpet av den same månaden, men han vil ikkje komme ned på nivået frå i fjor, då vi hadde rekordhøg fyllingsgrad.

– Bør førebu seg på ein dyr vinter

Marius Holm Rennesund er kraftanalytikar i Thema Consulting Group.

Han seier til NRK at nordmenn bør førebu seg på «ein dyr vinter» sjølv om gassprisen i Europa har falt dei siste dagane.

Kraftanalytikar i Volue, Tor Reier Lilleholt, seier den siste auken i vassmagasina fort kan bli borte att.

– Allereie denne veka stuper temperaturen att, samtidig som forbruket aukar. Då startar tappinga av dei fleste magasina.

Han legg til at det framleis kan bli ein dyr vinter, men at «all nedbøren har gjort det mindre sannsynleg med ekstremt høge priser».

– Stor prisskilnad til Europa kan gi mykje eksport i vinter, så usikkerheita er ikkje over sidan vi så vidt har starta på forbruksauken.

Eidefossen kraftverk i Vågå.
Foto: Even Lusæter / NRK