Hopp til innhold

«Den gløymde bygda» vurderer skilsmisse med kommunen

KVAM (NRK): Innbyggarar i Ålvik kjenner seg nedprioriterte i forhold til nabobygdene, og trugar med å forlate kommunen. Kommunereforma kan gi slike utkantbygder makt, meiner forskar.

Aksjonsgruppa "Ålvik - ei levande bygd"

MISNØGDE: Anders Lothe (f.v.), Liv Turid Lofthus og Terje Auganæs meiner bygda Ålvik vert nedprioritert av kommunen. No har dei gått saman i ei aksjonsgruppe, og stilt ei rekke krav til heradsstyret. – Ålvik bidreg med mykje pengar inn i kommunen, men får svært lite igjen, seier Lothe.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Vi betalar for ein fest som vi ikkje får vere med på, seier Anders Lothe.

Den utflytta ålvikaren, som er ein av initiativtakarane bak aksjonsgruppa «Ålvik – ei levande bygd», er ikkje nådig i kritikken av kommunen si behandling av den vesle industribygda heilt aust i Kvam herad i Hardanger.

– Når vi har halvferdige sykkelvegar, ein bilveg som ikkje er oppgradert på mange år og eit gamalt og slite torg, kjenner vi oss gløymde av kommunen, seier Lothe.

Ålvik, som ligg drygt 25 kilometer frå kommunesenteret i Norheimsund, har i dag rundt 500 innbyggarar. Ifølge aksjonistane har misnøya med kommunen bygd seg opp over fleire år.

– Ålvikarane har murra lenge, og følt at dei ikkje er ein sjølvsagt del av «kvammafamilien». Vi blir ikkje tekne på alvor, seier Liv Turid Lofthus i aksjonsgruppa.

kvam

Ni krav til kommunen

No har gruppa fått nok, og levert ei ni punkt lang liste med krav til heradsstyret i Kvam.

– Kommunen brukar mykje pengar, men lite i Ålvik. Ting skjer i staden i Øystese og Norheimsund. Vi bidreg med mykje pengar inn i kommunen, men får svært lite igjen, seier Lothe.

Dropen som fekk begeret til å renne over var etableringa av Hardangerbadet i Øystese. For å finansiera det nye bade- og helseanlegget, bestemte heradsstyret seg for å legge ned dei kommunale bassenga i Norheimsund, Øystese og Ålvik.

Vil til Voss

Om ikkje krava vert innfridde, vurderer «opprørarane» å søke seg ut av kommunen.

– Vi «luktar» litt på Voss. Men dette er noko folket må bestemme, ikkje berre vi, seier Lothe.

Frå 1. januar 2020 skal Voss og Granvin gå saman som éin kommune – Voss herad. Den nye storkommunen vil ha grensa si berre nokre kilometer frå Ålvik sentrum, og no leikar aksjonsgruppa med tanken på å søke seg inn i samanslåinga.

– Eg trur vi kunne fått det betre som ein del av Voss herad. I alle fall ikkje verre, seier Lofthus.

Anders Lothe

UTFORSKE: Anders Lothe i aksjonsgruppa «Ålvik – ei levande bygd» meiner det er på sin plass å prøve noko nytt, og søke seg til Voss. – Men dette er ikkje opp til oss i aksjonsgruppa, det er noko befolkninga må bestemme.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Ein utkant – uansett

Bygda er altså ein utkant i Kvam, og vil framleis ligga ytst i kommunen dersom dei går saman med nye Voss.

Men det treng ikkje berre vere negativt, ifølge forskar Svein Frisvoll ved Ruralis (tidlegare Norsk senter for bygdeforskning).

– Det finst fleire eksempel på at utkantar «brukar» kommunereforma for å få nytt liv. På denne måten markerer ein makt overfor kommunen ein høyrer til.

Frisvoll fortel om fleire liknande eksempel på kommunekampar, mellom anna for øya Austra i Trøndelag, Gjemnes i Møre og Romsdal og bygda Bryggja i Sogn og Fjordane.

– Ein set etablerte strukturar i spel, og gir både moglegheiter og makt til bygdene som kanskje ikkje har vorte prioritert tidlegare – men ligg nær ei kommunegrense. Ofte til frustrasjon for ordførarane, seier Frisvoll.

Sponheim

IKKJE KOPLA INN: Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, har førebels ikkje fått Ålvik-saka på sitt bord. – Ballen ligg framleis hjå Kvam herad.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ein del av demokratiet

Ifølge inndelingslova (ekstern lenke) frå 2001 kan delar av ein kommune søke seg til ein annan kommune.

– Å truge med dette, er noko alle innbyggarar kan prøve seg på. Dette er ein del av demokratiet, og har ikkje ei direkte kopling til kommunereforma, seier fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

Ifølge Frisvoll ved Ruralis har kommunereforma likevel gjort det lettare for delar av ein kommune å søke seg vekk.

– Moglegheita til å søke om grensejustering har jo vore der før, men ein har kanskje vore meir tilbakehaldne med å gjere det. Med kommunereforma er føremålet å teikne kommunekartet på nytt, og då ligg det fleire verktøy og moglegheiter der. For enkelte blir det nok litt lettare å ta eit slikt steg no, meiner forskaren.

Ålvik i Kvam

INDUSTRISTAD: Frå 1905 vart Ålvik ein industristad, då smelteverket Bjølvefossen A/S starta opp. Verket har sidan blitt rasjonalisert, og i perioden 1999 til 2005 sank folkemengda i bygda med ti prosent.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Må behandlast i kommunen

Sponheim har fleire gongar opplevd at utkantar som har vore misnøgde med eigen kommune, har søkt seg over til ein annan kommune i nærleiken. I 2010 ville Eksingedalen i Vaksdal kommune over til Modalen.

Men både Fylkesmannen og kommunaldepartementet sa nei.

– Når Fylkesmannen får slike saker på bordet, gjer vi ei totalvurdering, og ser på om dette vil vere ei god løysing i den store samanhengen, seier Sponheim.

Flyttetrugsmålet frå ålvikarane er førebels ein kommunal diskusjon. Fylkesmannen vert først kopla inn når det ligg føre ein søknad – dersom den kjem.

– Ein har rett til å be om å lausrive seg frå ein kommune, men då er ein i hovudsak avhengig av at kommunestyret er einig. Førebels er denne eventuelle lausrivinga eit Kvam-ansvar, og ballen ligg no i heradsstyret der, seier Sponheim.

Åtte av ti stemte for Voss

Tysdag kveld arrangerte aksjonsgruppa folkemøte i Ålvik, der målet var å stake ut kursen vidare – anten mot Voss eller Kvam.

95 av bygda sine kring 500 innbyggarar møtte fram på Folkets Hus. Mellom møtedeltakarane var stemninga tydeleg – heile 78 personar stemte for å jobbe vidare med å gå inn i Voss herad.

– Det var over all forventing. Folk viser at dei er misfornøgde med Kvam, meir enn dei er trygge på Voss, trur Anders Lothe.

To stemte blankt, 15 for å vere ein del av Kvam også i framtida. På møtet la initiativtakarane også fram kva tilbakemeldingar heradsstyret har gitt på dei ni krava frå aksjonsgruppa.

– Kommunen meiner vi allereie har fått så mykje at vi burde teie stille. Eg får nærast inntrykk av at dei prøver å bagatellisere heile greia, seier Liv Turid Lofthus.

Jostein Ljones

VIL SAMARBEIDE: Ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp), ønskjer ein god dialog med aksjonsgruppa i Ålvik. Han trur ikkje bygda vil tene noko på å gå til Voss.

Foto: Jan Kåre Ness, Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Ålvik får ikkje dårlegare behandling

Det avviser ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

– Eg synest ikkje Ålvik får dårlegare behandling enn andre i kommunen vår. Dette er nok knytt til enkeltsaker, mellom anna nedlegginga av badebassenget, som eg skjønar at skapar engasjement. Men elles får Ålvik dei tenestene som resten av kommunen får, seier ordføraren.

Er du overraska over stemninga i Ålvik no?

– Ikkje overraska, men det er litt skuffande, innrømmer Ljones.

Men det var altså «berre» kring 20 prosent av innbyggarane som deltok på folkemøtet tysdag.

– Eg er ikkje sikker på at dette representerer fleirtalet i Ålvik, seier Ljones.

Trur ikkje på «vossaløysing»

Kvam-ordføraren seier han har hatt møte med aksjonsgruppa, og ønsker å halde fram dialogen.

– Eg er kjend med punkta på lista dei har sendt oss. Dette er noko vi tek på alvor, og vi ser på kva vi kan gjere. Nokre av dei er allereie innfridde, mellom anna har vi tilsett ein lege som skal overta praksisen i Ålvik.

– Kva med forslaget frå aksjonistane om å gå saman med Voss og Granvin?

– Eg trur ikkje at punkta deira vil bli betre løyst i ei slik samanslutning. Ein risikerer nok heller ei samanslåing av tenester, trur Ljones.

Ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb (Ap), er ordknapp når han får spørsmål frå NRK om å eventuelt ta Ålvik med i samanslåinga om to år.

– No er dette ein prosess som må gå i Ålvik-samfunnet, der dei må finne ut kva dei ønsker. Så må vi eventuelt bli kopla på viss det blir aktuelt, seier Ringkjøb.

Liv Turid Lofthus

HÅPAR PÅ VOSS: Liv Turid Lofthus i aksjonsgruppa «Ålvik – ei levande bygd» fekk tysdag kveld tillit av folkemøtet til å jobbe vidare for ei samanslåing med Voss og Granvin.

Foto: Elise Farestveit / NRK