Fleire innbyggjarar i Røldal i Ullensvang er i opprør og meiner bygda bør vurdera å skifta over til nabokommunen og fylket i sør: Suldal i Rogaland.
Bakgrunnen er at kommunepolitikarane rett før jul vedtok å ta vekk det lokale sjukeheimstilbodet og greia ut andre alternative tilbod. Seks stillingar skal bort.
Ein underskriftskampanje vart starta i romjula for å lodde stemninga for eit kommunebyte i fjellbygda, som har rundt 350 innbyggjarar.
Den har allereie over 200 personar signert.
– Det vart eit veldig engasjement etter budsjettmøtet før jul. Dei fleste i Røldal er skuffa og ser ikkje noka framtid i den nye kommunen, seier Jarle Sandal i den spontant oppnemnde aksjonsgruppa.
Store protestar
Frå 1. januar 2020 slo Odda kommune og Ullensvang herad seg saman til Ullensvang kommune.
Allereie er det blitt pengetrøbbel i hardangerkommunen. I budsjettet for 2021 måtte kommunestyret finna utgiftskutt på over 100 millionar kroner.
Roger Lynghammar starta som leiar for pleie og omsorgstenestene i Røldal i haust. Tre dagar etter at han byrja i jobben, fekk han vita at kommuneadministrasjonen føreslo å fjerna alle ti sjukeheimsplassane, og dessutan seks stillingar.
– Det er mykje usikkerheit rundt det, fordi me veit lite kva tenestetilbodet skal vera i etterkant. Og arbeidsplassar er sjølvsagt viktige i ei lita bygd som Røldal, seier han til NRK.
Det var ikkje berre røldølane som protesterte mot budsjettplanane. Politikarane vart møtt av fakkeltog, plakatar og slagord om andre aktuelle saker då det viktige kommunestyremøtet byrja 17. desember.
AVSTAND: God avstand mellom politikarane i kommunestyremøtet til Ullensvang før jul. Avstand var det også politisk, i den krevjande budsjettdebatten.
Foto: Tale Hauso / NRK«Borgarkrig»
Dagen etter, kom ordet «borgarkrig» med i overskrifta på oppsummeringsartikkelen til lokalavisa Hardanger Folkeblad.
Avisa skriv at kommunestyret vedtok å be rådmannen laga ein plan for korleis ei omlegging av pleie- og omsorgstenesta i kommunen skal sjå ut.
«Planen skal visa korleis nedlegging av sjukeheimsplassar kan erstattast med meir heimebasert omsorg og fleire omsorgsbustader», heitte det i forslaget frå samarbeidspartia Ap, V, KrF og SV, som altså vart vedteke med 17 mot 16 stemmer.
– Omlegging, ikkje nedlegging
Ordførar Roald Aga Haug (Ap) meiner det difor ikkje er snakk om ei nedlegging av sjukeheimen i Røldal.
– Me har vedteke ei omlegging og skal sjå på fleire heildøgns omsorgsplassar i staden for sjukeheimsplassar, seier Haug.
I vedtaket står det at «Utneheimen og Bygdaheimen i Røldal skal bestå som viktige institusjonar, tilrettelagde som bukollektiv/alderspensjonat og/eller omsorgsbustader under eit felles tak [ ...]».
Men røldølane meiner dette er å fjerna sjukeheimstilbodet og den naudsynte bemanninga, og at kommunen gjer det utan å ha ein plan for kva som kjem i staden.
Opprøret og spørsmålet om å byta kommunen kommenterer ordføraren slik:
– Det må me berre ta viss det kjem slike initiativ. Vårt fokus no er å sørge for at flest mogleg får eit best mogleg helsetilbod i Røldal og resten av kommunen.
ORDFØRAR: Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune for Arbeidarpartiet.
Foto: Tale Hauso / NRKBegeret fullt
Frå før har det vore ei årelang misnøye i Røldal med at dei meiner dei får for lite att for inntektene vasskraftutbygginga i bygda kvart år gir til kommunen.
Å fjerna sjukeheimstilbodet på neste års budsjett blir eitt kutt for mykje å godta for røldølane.
– Det har vore eit ganske fullt glas dette, og då vedtaket om gamleheimen kom, rann det rett og slett over. Av og til må ein stå opp for bygda, og det er det som skjer no, seier Sandal i aksjonsgruppa.
– Me har tre viktige ting att i Røldal: sjukeheimen, skulen og legen. Og no vil dei altså ta det eine, noko som handlar om tryggleiken for oss som byrjar å komma opp i åra, seier innbyggar Oddbjørn Lynghammer, som også har engasjert seg.
MIDT I BYGDA: Sjukeheimen (midt i biletet) ligg midt i Røldal. No kjempar bygdefolket for å behalda tilbodet slik det er i dag.
Foto: Leif Rune Løland / NRKKommunebyte
Det er langt frå uvanleg at bygder skiftar kommune og fylkesgrenser blir endra:
- Like før jul la Stad kommune 30 millionar kroner på bordet for å overta bygda Bryggja frå Kinn.
- Hornindal i Nordfjord gjekk over til Møre og Romsdal då Vestland fylke vart slått saman.
- Også Stord kommune har flørta med Rogaland for å byte fylke, etter krangel om prioritering av E39-prosjektet Hordfast.