Hopp til innhold

Vil la folk på Bryggja skifte kommune

Bygda Bryggja bør forlate Vågsøy kommune og bli flytta over i den nye Stad kommune. Det er rådet fylkesrådmannen gir til dei fremste politikarane i Sogn og Fjordane.

Bryggja

BØR BLI EIN DEL AV STAD KOMMUNE: Bryggja er i dag ein del av Vågsøy kommune. Før jul kan det kome ei avgjerd som betyr at bygda i framtida høyrer til den nye kommunen Stad.

Foto: Stig Silden

Øystein Hessevik

GOD STEMNING: Øystein Hessevik er leiar i Bryggja bygdeutviklingslag. Han seier innbyggjarundersøkinga i sommar stadfesta det mange har trudd, at fleirtalet i bygda ønskjer å bytte kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er godt nytt for oss, absolutt, seier Øystein Hessevik som er leiar i Bryggja bygdeutviklingslag.

Han har heilt sidan i vinter fronta bygdefolket sitt ønske om å få flytta kommunegrensene, slik at dei i i staden for å høyre til Vågsøy blir ein del av den nye kommunen med Eid og Selje.

Støttar seg på innbyggjarundersøking

Debatten om kvar Bryggja skal høyre heime skaut for alvor fart etter at skulen i bygda vart føreslått nedlagt. Seinare har Eid og Selje slått seg saman til Stad kommune, medan Flora og Vågsøy har bestemt seg for å bli Kinn kommune.

I sommar vart det gjort ei undersøking for å finne ut kva innbyggjarane på Bryggja eigentleg meiner. I rapporten frå Telemarksforsking kom det tydeleg fram at 79 prosent av dei spurte innbyggjarane på Bryggja er positive til å bli ein del av Stad kommune, medan 84 prosent samtidig er negative til å bli ein del av Kinn kommune.

Tore Eriksen fylkesrådmann

GIR RÅD: Fylkesrådmann Tore Eriksen har i si innstilling bede politikarane lytte til fleirtalet av innbyggjarane på Bryggja.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er glad vi fekk gjort den undersøkinga. Sidan har vi ikkje berre gått rundt og trudd at mange ville byte kommune, men det har blitt stadfesta, seier Hessevik.

Rapporten frå Telemarksforsking er blant det som ligg til grunn når fylkesrådmann Tore Eriksen har skrive si tilråding til politikarane i fylkesutvalet.

Fylkesrådmannen meiner arbeidet som er gjort i samband med den føreslåtte grensevurderinga viser at ei justering tener fleire føremål, og ber politikarane støtte den.

Fylkespolitikarane skal seie sitt om saka i fylkesutvalet på onsdag.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap)

VIL IKKJE UT AV VÅGSØY: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, var tidlegare i år på folkemøtet der innbyggjarane diskuterte ei mogleg grensejustering.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Tenkjer på kva som er rett for bygda

Lokalpolitikarane i Vågsøy har til no kjempa for å ikkje miste Bryggja. Bygda har ni prosent av folketalet i dagens Vågsøy kommune, og over 32 prosent av arealet. Om Bryggja går ut av Vågsøy vil det bety 29,5 millionar kroner i tapte inntekter.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad bur sjølv på Bryggja. Ho var ikkje kjent med fylkesrådmannen si innstilling då ho vart kontakta av NRK, og seier Vågsøy kommunestyre først skal kome med sin uttale i oktober.

– Eg tenker jo ein del på kva som er det rette for bygda, og der meiner eg at Bryggja bør vere ein del av Vågsøy. Men der er det ein del som er usamde, og det må ein berre tolerere.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer om kommunegrensene for Bryggja blir endra. Fylkeskommunen og kommunane skal først seie si meining til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som har mål om å sende si tilråding til departementet innan 15. november.