NRK Meny
Normal

Gjeldstung kommune spyttar inn meir i anlegg til 250 millionar

Rådmannen ville halda tilbake store summar til Hardangerbadet. Men politikarane i Kvam opnar pengesekken.

Hardangerbadet-tomt

TOM TOMT: Førebels manglar det mange millionar før Hardangerbadet kan bli realisert.

Foto: Vegard Berge / Hordaland Folkeblad

I årevis har det vore bygdekamp om det planlagde nye store badeanlegget i Hardanger. Om ikkje politikarane sa ja i dag, kunne heile prosjektet drukna i pengeuvisse.

– Viss ikkje kommunen klarar å signalisera sitt bidrag i eit vedtak tysdag, trur eg løpet er køyrd, sa dagleg leiar i Hardangerbadet til NRK før møtet i dag.

Han var uroa for at rådmannen i Kvam ville halda tilbake i underkant av ein million kronar i året til prestisjeprosjektet.

Investering på ein kvart milliard

Badeanlegget til om lag 240 millionar kroner har vore under planlegging i mange år. Tysdag skal Kvam herad ta endeleg stilling til om dei vil gå inn i det omdiskuterte Hardangerbadet.

I dag vedtok politikarane å gå inn med 24,5 millionar, 4,5 millionar meir enn dei bestemte seg for i 2015.

Men utrygg økonomi gjorde at rådmannen ville trykka på pauseknappen og halde tilbake i underkant av ein million kroner i året. Dette er pengar kommunen sparar på å leggja ned tre badebasseng.

– Hardangerbadet er viktig for regionen og noko me ynskjer, men me må vera trygge på risikoen, seier ordførar Jostein Ljones (Sp).

Men under dagens møte fekk Hardangerbadet støtte frå politisk hald.

Hardangerbadet
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Fleirtalet med Sp, H og KrF bestemte i føremiddag å gi den årlege summen på under ein million, trass uromeldinga frå rådmannen.

Vedtaket kjem med fleire vilkår, til dømes at prosjektet skal vera fullfinansiert.

Nye forhold dukka opp rett før møtet

Mindre aksjekapital enn venta og ei usemje om kor mykje pengar Kvam herad eigentleg har lova å gå inn med, gjer økonomien i Hardangerbadet usikker.

Sundag blei det kjent at bankane som skal stå for lånet, er usikre på om det er hald i pengestraumen.

Då Kvam herad i 2015 sa ja til det planlagde privat-kommunale føretaket, vart det stilt fleire vilkår til Hardangerbadet.

Mange av desse er ikkje oppfylte. Mellom anna manglar dei private aktørane 13 millionar kroner.

– Vi har høg gjeld. Skal vi no gå tungt inn i eit badeanlegg med usikkerheit rundt driftskostnadane, kan det gje oss nokon økonomiske smellar, sa rådmann Arild McClellan Steine til NRK før møtet.

Pengemangelen har gjort at Innovasjon Norge og banken som skal gi lån, no sår tvil om økonomien i driftsselskapet. Informasjonen om at lånefinansieringa er usikker, kom mindre enn 48 timar før møtet i heradsstyret tysdag.

– Når slikt kjem fram like før heradsstyret skal møtast, blir eg litt undrande. Eg har stilt spørsmål til ordføraren om det er forsvarleg å gjera vedtak, seier rådmannen.

Hardangerfjord hotell Øystese

TOMTA: Her skal Hardangerbadet ligga, i Øystese sentrum i Hardanger.

Foto: NRK

– Kan bety kroken på døra

Dagleg leiar i Hardangerbadet AS, Martin Vik, seier selskapet var avhengig av det nye kommunalt vedtaket. Han er redd heile prestisjeprosjektet kan gå dunken utan støtte frå Kvam herad.

Martin Vik Hardangerbadet

I FARE: Dagleg leiar i Hardangerbadet AS, Martin Vik, fortel at det kan bety kroken på døra for drifta dersom kommunen ikkje fattar vedtak om økonomisk stønad snarleg.

Foto: Sigbjørn Linga / Hordaland Folkeblad

– Om det ikkje kjem ei avklaring no, byrjar båten å gå både frå kommunen og oss.

Denne gongen står striden om korleis ein skal tolka vedtaket i 2015. Kvam vil legga ned tre basseng for å gå inn i Hardangerbadet. Hardangerbadet AS meiner Kvam skal skyta den knappe millionen dei sparar på nedleggingane, inn i driftsselskapet.

Det meiner ikkje rådmannen.

– Vi gir 4,5 millionar meir enn vedtaket i 2015 tilsa. Går me inn med nesten ein million i året i drift, tøyer me strikken.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.