– Vi har mange reisande frå Kina, Nord-Norge og langs heile kysten. Det å ha flyplass så nær er veldig viktig for oss, seier dagleg for Brødrene Aa i Hyen, Tor Øyvind Aa.
Brødrene Aa er ei av fleire bedrifter i Nordfjord som går svært bra. Næringslivet treng å reise meir enn nokon gong. Men likevel har rutetilbodet frå Sandane Lufthamn Anda stått uforandra i nær 20 år.
– Flya er ofte fulle, ein må bestille billett i god tid. Det er rart det ikkje er fleire avgangar, seier Aa.
- LES OGSÅ: Sjå dei fyrste bileta frå Lefdal gruve
- LES OGSÅ: Trur Hoven Skylift blir eit turistikon
- LES OGSÅ: No er denne kåra til årets skip
Ventar stor pågang til regionen
Per no går det fire fly mellom Sandane og Oslo i døgnet. Tre av fire ruter har mellomlanding undervegs.
I går møtte næringslivet og lokalpolitikarar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Han er på rundreise til kortbanenettet, og bodskapen han fekk var klar: Næringslivet i Nordfjord veks, men flyplasstilbodet står i ro.
VENTAR ENORM PÅGANG: Marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter, Mats Andersson.
Foto: Silje Guddal / NRKMarknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter ventar stor pågang i åra som kjem av folk frå heile verda. Når selskapet skal opne data-gruva 10. mai har dei like godt chartra eit eige fly til Sandane.
– Vi ventar enormt mykje besøk, det handlar om å få kundar til Lefdal på ein enkel måte. Det å kunne ta drosje rett frå flyplassen til Nordfjordeid, framfor å kome til andre flyplassar der ein må køyre i over ein time, bestille leigebil osb. Slike ting er veldig viktig for oss, seier Andersson.
– Stort behov
Han får støtte frå verksemda Strukturplast i Gloppen. Dagleg leiar Frode Lindvik har sett ei tidobling av omsetninga dei seinare åra, veksten er venta å halde fram.
VEKSTVERKSEMD: Dagleg leiar i Strukturplast, Frode Lindvik
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Vi treng fleire avgangar, direkteruter, og konkurransedyktige prisar, seier Lindvik.
Senterpartiordførar Leidulf Gloppestad kunne ikkje understreke nok at Nordfjord treng flyplassen.
– Det er stort behov for fleire avgangar ut frå fylket, og vi vil arbeide for det.
MØTTE SAMFERDSLEMINISTEREN: Frå venstre ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stryn, Sven Flo (H), ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, (Sp) og fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKVil ikkje gi løfter
Men samferdsleminsiteren var ikkje komen for å love noko:
TESTA TRYGGLEIKEN: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) fekk sjå tryggleikstiltaka ved Sandane lufthamn Anda, om eit fly skulle treffe fjorden ved rullebana.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– No startar vi neste runde med FOT-rutene, der staten kjøper rutetenester, då blir det høyringar der næringslivet får peike på potensialet for reisande, turisme og næringsutviklinga.
– Bør Sandane få fleire ruter?
– Det skal eg ikkje konkludere no, Det beste er om marknaden sjølv går slik at flyselskapa på eiga hand set opp ruter.
– Umogleg utan flyplass
STORBRUKAR: Ingvill Hestenes i Melin Medical.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK Ingvill Hestenes i Melin Medical er storbrukar av flyplassen.
Dei driv med betalingsløysingar i helsetenesta. Til trass for 70 tilsette i Oslo ligg hovudkontoret på Sandane. Kanskje ei umogleg løysing utan flyplass.
– Den er alfa og omega. Skal ein operere i Norden og Europa med base på Sandane må vi ha Sandane lufthamn, seier Hestenes.