Hopp til innhold

Tyngre bilar skaper press på lågare fartsgrenser

Fylke trassar Vegvesenet og vil senke fartsgrensa. Målet er å verne mjuke trafikantar frå tyngre, høgare, breiare og raskare bilar.

Tre jenter går på en vei, veiskilt merket med 30 km i timen.

30 eller 50: Den norske «gjennomsnittsbilen» har dei siste åra blitt tyngre, høgare, breiare og raskare. Det aukar presset på å sikre mjuke trafikantar.

Foto: Berit Keilen / NTB

Samferdselsutvalet i Vestland vedtok denne veka å gjennomføre eit forsøksprosjekt med 30 km/t fartsgrense i byområde.

Målet er å redusere risikoen for ulykker og «å få fleire til å gå og sykle i kvardagen».

Det er på tide at barna får meir makt enn bilane i nærmiljøet, seier Suzanne Rødseth, som er nestleiar i samferdselsutvalet i Vestland og sit i MDGs nasjonale programkomité.

I dag er den generelle fartsgrensa 50 km/t i byar og tettstader, og Statens vegvesen har ein historikk med på si nei til ønsker om å redusere hastigheitene til 30- og 20 km/t (såkalla «hjartesoner» utanfor skolar).

Grunngivinga er at «einskapleg skilting» gir betre trafikksikkerheit og at ingen er tente med eit mylder av lokale og særskilde ordningar.

3PbW8Ej4r8M

«Redusert fart i sentrumsområda er eit viktig tiltak som gir tryggare ferdsel for dei mjuke trafikantane og bidrar til meir attraktive stadar», heiter det i innstillinga til Vestland fylkeskommune.

Foto: NTB

Det må vere ein samanheng i fartsgrensene

«Det er etter mitt syn liten tvil om at fartsgrensene framleis bør fastsettast etter kriterium som er felles for heile landet», skriv avdelingsdirektør i Vegvesenet, Roar Midtbø Jensen, i eit avisinnlegg.

I fjor sa Vegvesenet nei til Kinn kommune som ville redusere farten i Florø sentrum til 30 km/t.

I avslagsbrevet refererte dei til «tettstaden» Florø, som fleire av innbyggarane i byen tolka som ei fornærming.

Det må vere ein samanheng i fartsgrensene. Derfor er det fornuftig at det framleis er Statens vegvesen som har dette overordna ansvaret, seier Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

Drone foto industriområde vest Florø

Florø, Noregs vestlegaste by, fekk bystatus i 1860.

Foto: Steinar Lote / NRK

Bilane har blitt dobbelt så tunge

Syklistforeningen viser til at den norske «gjennomsnittsbilen» har blitt nesten dobbelt så tung dei siste åra. I tillegg akselererer han raskare.

Til liks med Vestland fylkeskommune ønsker Syklistforeningen at 30 km/t skal bli den nye standarden i byar og tettbygde strøk – akkompagnert av fartsreduserande tiltak, som opphøgde gangfelt, fartsdumpar, innsnevra kryss og breiare fortau.

  • Ifølge ei Kantar-undersøking frå 2020 meiner 64 prosent av nordmenn at fartsgrensene er bra som dei er.
  • 8 prosent synest fartsgrensene burde vore lågare.
  • 25 prosent meiner fartsgrensene burde vere høgare.

Sidan undersøkinga har forskarar ved Transportøkonomisk institutt (TØI) rapportert at biltrafikken vil auke 10-12 prosent mellom 2020 og 2030 i fleire byområde «om ikkje tiltak blir sette inn».

Ei anna berekning viser at trafikken i Bergen vil vekse med 14 prosent i same periode.

Suzanne Rødseth
Synne Sørenes

Suzanne Rødseth, MDG

- 30km/t bør bli den generelle fartsgrensa i tettbygde strøk. Det er bra at det blir jobba med hjartesoner nær skolane, men vi bør fortsette å gjere fleire tiltak, spesielt i områda 1 km rundt skolane. I desse områda er det ei stor mengde mjuke trafikantar, og barna som bur der har ikkje det trygge nærmiljøet som dei fortener.

Christoffer Solstad Steen pressesjef i trygg Trafikk

Christoffer Solstad Steen, Trygg Trafikk

- Vi anbefaler at fleire strekningar enn i dag, der det er mange mjuke trafikantar, bør få fartsgrense 30–40 km/t. Vi kan ikkje sjå at det er sikkerheitsmessige argument for fartsgrense 20 km/t, og trur det vil vere krevjande å få respekt for og handheve ei så låg fartsgrense. Det er uansett viktig at lågare fartsgrense blir kombinert med fartsreduserande tiltak.

Geirr TangstadHoldal
Trafikksikkerhetsforeningen

Geirr Tangstad-Holdal, Trafikksikkerhetsforeningen

- I byar og større tettstader er trafikkmiljø ofte meir komplisert og det er fleire trafikantgrupper som er i rørsle samtidig. Det viktigaste tiltaket er derfor at myndigheitene tar eit større ansvar ved å planlegge og bygge ut eit trygt trafikkmiljø for alle trafikantane. Å skilje trafikkantgruppene frå kvarandre er eit av dei mest effektive tiltaka for å nå måla i nullvisjonen.

Ingunn handagard  pressesjef NAF
NAF

Ingunn Handagard, NAF

- Lokalt har ein i dag høve til å senke fartsgrensene rundt skolar og i tette byområde. Dette kunne godt vore meir utbreidd. Både i og utanfor byområda er det mange som opplever skolevegane som utrygge, blant anna på grunn av høg fart. Det kan vere gode grunnar for å senke farten til 20 km/t rundt enkelte skolar.

Rikard G. Knutsen Opplysningsrådet for Veitrafikken
Opplysningsrådet for Veitrafikken

Rikard G. Knutsen, Opplysningsrådet for Veitrafikken

- Vegvesenet bør gå i dialog med kommunane for å sjå om det er stader som bør ha redusert fartsgrense eller andre tiltak. Vi opplever at skilt som opplyser deg om kor høg fart du har er veldig effektfulle tiltak. Dersom fylkeskommunen saman med Vegvesenet kan finne område som har like utfordringar, kan dette vere ein god idé.

Forstår ønsket frå om å gjere tiltak i folkerike byområde

Fagsjef hos Opplysningsrådet for Veitrafikken, Rikard G. Knutsen, ønsker velkommen eit meir smidig Vegvesen som «går i konstruktiv dialog med kommunane for å sjå om det er stader som bør redusere fartsgrensa».

Vi meiner den generelle fartsgrensa på 50 km/t står seg godt, men vi forstår ønsket om å gjere tiltak i folkerike byområde, seier han.

Forsking viser at skadeomfanget for mjuke trafikantar som blir trefte av bil er mykje mindre alvorleg om farten er 30 km/t, enn om han er 40- eller 50 km/t.

Ingunn Handagard i NAF meiner fartsgrensene i dag fungerer godt, men er open for forsøk som kan gi meir kunnskap om korleis fartsgrensene verkar inn på framkomme og trafikksikkerheit.

Om fylkeskommunen får gjennomslag for å senke farten til 30 km/t i eitt byområde, er det noko vi vil følge nøye med på, seier ho.

Ho presiserer at det er «viktig å sjå på heilskapen i korleis dette verkar inn, for vanlege sjåførar, for kollektivtrafikken og for mjuke trafikantar».

Om eit slikt forsøk viser seg å ha store negative konsekvensar, vil det styrke dagens praksis med 50 km/t som generell fartsgrense i tettbygde strøk.

Sogndal sentrum

Det samrøystes vedtaket nemner ikkje ein spesifikk by, men overlèt til administrasjonen å finne eit eigna sentrumsområde. - Eg meiner at både Florø, Sogndal (bilete) og Bergen er gode kandidatar, seier Suzanne Rødseth (MDG).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Les også Byrådet vil ha 30 km/t i hele Oslo

30-sone Torshovgata