NRK Meny
Normal

Slik skal data lagrast i fjellet

LEFDAL (NRK): Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er snart klart for opning. Fjellhallane skal lagre enorme mengder data.

Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er snart klart for opning. Fjellhallane skal lagre enorme mengder data.  

VIDEO: Sjå TV-innslag om Lefdal Mine Datacenter

– Det er litt kjenslefylt å sjå korleis det vi har drøymt om og jobba så hardt for faktisk blir ein realitet. Men dette er jo samstundes starten på noko nytt, seier dagleg leiar Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter.

Jørn Skaane og Mats Andersson

STOLTE: Jørn Skaane (t.v.) og Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Draumen om det som på sikt kan bli Europas største datasenter veks dag for dag fram mot realitet. 250 millionar kroner skal investerast i Lefdal gruve.

Berre nivå tre er åleine ti gongar større enn det største datasenteret i Norge i dag. I fylgje Skaane er det plass til alt av data i Norge, og meir til.

– Vi tek eit og eit nivå av gangen, lukkast vi blir det fleire nivå. Men no konsentrerer vi oss om dette nivået, seier Jørn Skaane.

Hundrevis av store konteinarar kan på sikt kome i fjellhallane, kanskje kan det bli eit par tusen. Også eigne konteinarbygg er på plass.

Lefdal gruve

SNART FERDIG: Dette er nivå 3 i Lefdal Gruve. Lagringshallane strekk seg ut til sidene frå "avenyen".

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Hektisk aktivitet for lokalt næringsliv

Om fem veker opnar datasenteret med IT-toppar og olje og energiministeren til stades. Hendinga blir direkteoverført på nett.

Lenge har det vrimla av arbeidarar i den tidlegare olivingruva. Vel 160 millionar kroner av investeringane så langt er brukt lokalt.

– Vi har prøvd å bruke så mykje lokalt som mogleg, slik blir det også framover, seier Andersson.

Datakonteiner

DATAKONTEINAR: Konteineren er full av data, plassert på ei elektrisk vogn som fraktar den på plass i nivå 3.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Datamengdene berre aukar og aukar

Det går for fullt i tida fram mot opninga. Den tidlegare tussmørke gruva er blitt opplyst, nivå 3 har fått betongdekke, og er betongisolert.

Giganten IBM er inne på kundesida, tyske Rittal er gått inn på eigarsida. Blant eigarane er også Sogn og Fjordane Energi, men det er Måløy-miljøet med Localhost i spissen som eig halvparten.

– Om vi lagrar bilete i skya, eller vi koplar til smarthus eller førarlause bilar, alle produserer data som endar i datasenter, seier Andersson.

Meiner gruva er unik

Frå Nordfjorden på utsida av anlegget vert kjølevatn henta inn i fjellet. Området har billeg straum, enkel kjøling og digre fjellhallar.

– Det finst ikkje mange stadar i verda at ein finn ei ledig stor gruve, ein djup isfri fjord og ein er omgitt av kraftproduksjon, seier Jørn Skaane.

Andersson vil ikkje no røpe detaljar i korleis det går med salet.

– Interessa er stor, vi har fått merksemd frå heile verda. Vi har mange spanande dialogar.

Reol for konteinarar i Lefdal gruve

STORT: Denne digre reolen skal huse konteinarar fulle av data vi alle brukar i kvardagen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.