Hopp til innhold

Avinor stenger ni kortbaneflyplassar

Avinor stenger ni kortbaneflyplassar for all kommersiell flyging frå og med onsdag 18. mars. – Vi må sikre at vi har nok personell på jobb, seier leiinga.

Bringeland, Førde

STENGER: Avinor stenger ni kortbaneflyplassar for all kommersiell flyging.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det kjem fram i ei pressemelding frå Avinor fredag. Selskapet viser til at dette blir gjort for å kunne forflytte personell, men også utstyr til andre lufthamner. Beredskap for ambulansefly vil bli varetatt.

– For å sikre at vi har eit nettverk av flyplassar i drift, frigjer vi no ressursar slik at vi er meir robuste ved andre lufthamner og på den måten kan sikre drift over tid, seier Dag Falk-Petersen, konsernsjef i Avinor.

Lufthamnene som blir stengde er Vardø, Berlevåg, Sørkjosen, Stokmarknes, Svolvær, Mo i Rana, Mosjøen, Førde og Sandane.

Redusert bemanning

Førde lufthamn hadde 85.000 passasjerar i fjor, på Sandane var passasjertalet 50.000.

Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn fortel at koronaviruset påverkar drifta i stor grad.

– Vi begynner å få redusert bemanning, folk sit i karantene og flyselskapet reduserer aktiviteten sin. For å sikre at vi har bemanning som kan sikre kritiske funksjonar, tek vi dette steget, seier Gjesdal.

– Naudsynt tiltak når vi er i unntakstilstand

Lufthamnsjef Finn Ove Hofstad ved Mosjøen og Sandnessjøen lufthamn og fungerande lufthamnsjef for Mo i Rana lufthamn sit i krisestab for å handtere situasjonen frå time til time.

Han fortel at han ikkje har fått ein einaste negativ reaksjon på at flyplassane må stengje.

– Når vi er i ein unntakstilstand er dette eit naturleg tiltak. Vi stengjer for å sikre oss at personellet er friske og raske for dei som verkeleg trenger det. Dette er ein situasjon som vil eskalere. Vi har ikkje nådd toppen. Det viktigaste er å halde ope så lenge vi kan for beredskap for ambulansefly.

Ifølge Hofstad er det så få som reiser med fly no, at han ikkje trur konsekvensane for flypassasjerane blir så store.

– Dessutan blir det sett opp bakketransport til naboflyplassane, slik at dei som skal ut å reise kjem seg fram dit dei skal.

Vil sikre stabil drift

Kommunikasjonssjef Joakim W. Andersen i Avinor seier dei no ønskjer å sikre sikker og stabil drift på heile luftfartsnettet.

– Også våre eigne tilsette kan vere utsette for smitte. Nokre vil gå i karantene, og dette vil vareta eit omsorgsansvar for både eigne barn og andre personar dei har ansvar for, seier Andersen.

Usikkert kor lenge stenginga varer

Det er ikkje bestemt kor lenge stenginga kjem til å vare.

– Målet er å sikre eit luftfartsnett som er robust og godt, og som kan sikre at vi held helseberedskapen i gang. Våre lufthamner er ein del av den nasjonale helseberedskapen, seier Andersen.

Avinor ber alle reisande om å forhalde seg til informasjon frå flyselskapet sitt.