Hopp til innhold

Trur Hoven Loen blir eit turistikon

– Gondolbana vil ha ringverknadar for heile Sogn og Fjordane, trur direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge AS.

Gondolbane til Hoven i Loen.

Hoven Loen kan bli ein kassasuksess når den opnar i 2017, trur direktør i Fjord Norge AS, Kristian Jørgensen-

Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

Kristian B Jørgensen

TURISTEKSPLOSJON: Direktør i Fjord Norge AS, Kristian Jørgensen, spår ei massiv auke i turismen i Noreg.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

I mai 2017 skal gondolbana Hoven Loen stå klar til å ta imot turistar frå heile verda. Bana skal frakte dei besøkande opp over 1000 meter over bakken, og gje dei utsikt over omgjevnadane.

Direktør i Fjord Norge AS, Kristian Jørgensen, kallar Hoven Loen eit framtidig turistikon før den i det heile tatt har opna. Han trur turistane vil bli særs begeistra for synet som møter dei.

– Dei treffer blink med det dei held på med, som å bringe folk opp i høgda med fantastisk utsikt. Også legg ein til rette for mykje aktivitet oppe på toppen òg. Det er heilt i tråd i forhold til den utviklinga vi ser i turismen, meiner han.

– Vil fylle fylket med turistar

Flåmsbana - Flåm stasjon

SUKSESS: Flåmsbana har lokka turistar til fylket i lang tid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Flåmsbana som ligg litt lenger sør i fylket, har vore ein turistsuksess i mange år allereie. Jørgensen trur Hoven Loen vil bli like godt mottatt.

– Eg trur dette kan bli ein like spennande attraksjon som Flåmsbana, og vil trekkje turistane inn på ein litt anna måte – anten frå Geiranger og sørover, eller frå Flåm og nordover. På den måten får ein fylt Sogn og Fjordane med turistar mellom desse attraksjonane, meiner han.

Jørgensen trur gondolbana vil bli ein økonomisk suksess.

– Det eg tykkjer er genialt med Hoven Loen, er at ein har eit kassaapparat knytt opp til det, og at ein får skapt kommersielle inntekter rundt dette. Det betyr at ein kan reinvestere og byggje vidare på dette, seier han.

Spår massiv auke

Det er spådd ei massiv auke i turismen i Noreg i framtida. I dag er det om lag 2,5 millionar på besøk årleg, men det kan raskt kome opp i fem millionar.

– Eg trur vi berre er i starten av ei spanande reise. Vi veit at turismen kjem til å doble seg i løpet av dei neste 15–20 åra. Dette er framtidsnæringa. Dette er ei næring ein trur kjem til eksplodere og som kjem til å leggje til rette for mykje spennande opplevingar for turistar.