Ein trompet skjer gjennom morgondisen

Det er lyden av fem øyar som kan bli borte

Men alt håp er ikkje ute

Drone foto industriområde vest Florø

Tåkelur for øyane

I Florø vil dei sprenge vekk fleire øyer

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Geir Trygve Sunde trekker pusten og blåser ein salutt for Måsholmen.

Det læt som eit litt resignert kamprop.

Denne morgonen verkar det som om alt håp er ute for den vesle øya.

Fleirtalet i kommunestyret har signalisert at dei vil erstatte ho med ei konteinarhamn.

– Dei borar i hjartet av Florø, seier Solveig Myhre Sunde.

I selskap med andre båtførarar har ho bokstaveleg talt slått ring om øya for å markere kva ho meiner om «raseringa av kystlandskapet».

– Eg håpar politikarane ser det store bildet, og snur, seier ho.

Måsholmen

Geir Trygve Sunde og Solveig Myhre Sunde protesterer med eit smil.

23. mai fekk ho nytt håp.

Etter ein dramatisk innspurt der eit knippe utbrytarar bytta side på oppløpssida, gjekk eit marginalt fleirtal i kommunestyret (21 mot 18 stemmer) inn for å kjøpe seg meir tid:

«Dødsdommen» til Måsholmen vart utsett.

Betyr det at båtfolket kan blåse ein meir feststemt salutt?

Nei, for utfallet er framleis ikkje gitt.

Og Måsholmen er berre byrjinga.

Trass protestaksjonar og truslar om partiutmeldingar kan enda fire øyar i Florø-bassenget stå for tur:

Grønenga, Store Terøya og Rota, som kan bli vert for landbasert torskeoppdrett.

I tillegg har næringslivet sett seg ut Litle Terøya som eit «svært godt eigna» stad for å montere havvindturbinar.

Ironien er at dei som vil ofre øyane også argumenterer med «det store bildet»:

Øyane er prisen for visjonen om Florø som kraftsenter og «hub» for prestisjesatsinga Grønn Region Vestland.

I potten ligg Paris-avtalen og målet om at klimagassutsleppa skal ned i null innan 2050.

Det går ikkje utan forsakingar og vonde val.

Grønenga
Harald J. Stavang

Grønenga

På Grønenga er det funne spor etter busetjingar frå steinalderen. Vest på øya ligg ei gravrøys frå bronsealderen.

Grønenga
Harald J. Stavang

Grønenga

I 2016 var det to fastbuande på Grønenga.

Rota

Rota

Nordsida av Rota er planregulert til næringsføremål.

Avstemming om Måsholmen i Kinn kommune.
Erling Waage

Måsholmen

Kinn kommunestyre skulle i mai seie ja eller nei til bygging av ny konteinarhamn på Måsholmen ved Gunnhildvågen. I staden valgde dei å ta ein fot i bakken.

Store Terøya

Store Terøya

Tidlegare i år blei ein fritidseigedom på Store Terøya i Kinn kommune seld for 300.000 kroner.

Litle Terøya

Litle Terøya

Fjord Base i Florø har ambisjonar om å bli leiande innan havvind. Planen er å mellomlagre turbinane inst i sjøområdet som blir avgrensa av Grønenga og Litle Terøya.

Store Terøya

Florø

Industrien utanfor Florø er ikkje ny. På 1970-talet starta uttak av anortositt på Grønenga til bruk i «kvit asfalt»

Vidare kan kommunen få opptil 1000 nye havvind-jobbar.

Det er inga lett avgjerd. Men skal vi utvikle, så må vi ofre noko, seier kommunepolitikar Arlene Vågene (H).

Arlene Oddbjørg Vågene

– Det er inga lett avgjerd. Men det er i dette området vi har sagt at vi skal utvikle næring. Da tenker eg at det er det vi er nøydde til å gjere, seier Arlene Vågene (H).

Spenninga mellom natur- og klimaomsyn blei tatt opp av Rolf Jacobsen allereie i 1954.

I det som blir rekna som Noregs første «grøne dikt» – Landskap med gravemaskiner – skildrar han korleis representantar for framsteget «tygger blåklokkene om til asfalt».

70 år seinare har bildet av endringsagentane med rumlande mager og «løvetann i munnvikane» framleis profetisk kraft.

Ålegrassenger, kystlynghei og hekkeområde forsvinn bit for bit, i klimaomstillinga sitt namn.

Håkon Furelid er produksjonsleiar i Cargill, eit av fleire selskap som vil utvide industriområdet til Måsholmen.

Vi treng meir areal, seier han.

Målet med konteinarhamna er å få meir godstransport over på sjøen, som kjem med tre klare klimagevinstar – ein «kindereggeffekt».

Måsholmen

– Næringa vår er i vekst. Og vi veks og, seier produksjonsleiar i Cargill, Håkon Furelid.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

Ingen har ofra meir natur enn oss

Jørn-Lasse Refsnes bur midt i Florø sentrum. Til dagleg er han tingrettsdommar, men når han skriv om kystlandskapet uttaler han seg som privatperson.

Han oppfordrar medborgarane til å ta til gatene i protest mot naturøydeleggingane.

For å vere på den sikre sida trekker han ei linje til Georgia, der titusenvis har vist sin avsky mot ein «russisk-inspirert» lovendring som kan trekke landet i autoritær retning.

Det som skjer der er viktigare på mange måtar, men prinsippet er det same. Demokratiet er avhengig av at sivilsamfunnet vågar å stå opp for meiningane sine, også når det er ubehageleg, seier han.

Jørn-Lasse Refsnes, privatperson (og Tingrettsdommar)

– I eit elles velfungerande demokrati har vi dårleg trening i å aksjonere. Her har vi sjansen til å øve muskulaturen, og sende eit tydeleg signal, seier Jørn-Lasse Refsnes.

Året er 1623 og John Donne er sengeliggande. Frå dødsleiet formulerer han nokre ord, mest til seg sjølve, som sidan har gitt gjenklang over ei heil verd:

Intet menneske er en øy, hel og udelt i seg selv
Hvert menneske er et stykke fastland, en del av det hele

Verselinjene har gitt trøyst i 400 år, men er det ikkje også noko som skurrar med bildet?

For kva er gale med å vere ei øy?

Er ikkje dei også inneslutta i ein større samanheng? Ein del av eit heile?

Utanfor Florø skjer lyset skrått ned på øya Grønenga.

Her er det funne sporet etter busetjingar frå steinalderen. Vest på øya ligg ei gravrøys frå bronsealderen.

Eller frå steinalderen. Arkeologane er ikkje heilt sikre.

Svend Arne Vee

– Eg spurde nyleg ein kommunestyrerepresentant om ho kunne kome på ei einaste sak der naturinteressene har vunne over næringsinteressene i vårt område. Det kunne ho ikkje, seier Svend Arne Vee.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, meiner byen har nådd tolegrensa for fleire naturinngrep.

«Finst det ein kommune på Vestlandet som har ofra meir natur enn oss?», spør han i ein kommentar.

Han viser til at naturen ikkje kan slå i bordet med synergiar, innovasjon og verdiskaping.

Med slike «forhandlingskort» er utfallet ofte gitt.

Manglande varetaking av natur set det grøne skiftet i vanry

Verdsnaturfondet WWF meiner regjeringa ikkje har tatt innover seg at landet også står overfor ei naturkrise. Ikkje berre ei klimakrise.

Dei viser til utsegner frå landbruksminister Geir Pollestad (Sp) om at «vi må bygge ned enda meir norsk natur»; og påskebodskapen frå Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om å «bygge fleire hyttar».

Ideen om at Noreg blir nedbygd bit for bit er ei veldig skeiv forteljing, la finansministeren til.

I kontrast til klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) som same veke sa at «vi kan ikkje fortsette slik».

Bakgrunnen var ein ny rapport frå Miljødirektoratet som viste at Noreg har mista 1,4 millionar fotballbanar med inngrepsfri natur sidan statsråden blei fødd (1992).

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF, koplar dei ulike signala frå regjeringa til «manglande leiarskap».

Det er på tide at statsministeren fjernar all tvil blant statsrådane om regjeringa sine forpliktingar på natur- og klimafeltet, seier ho.

Ho legg til:

Grøn omstilling kan ikkje bli brukt som påskot for å rasere sårbar natur. Vi har sett korleis manglande varetaking av natur set det grøne skiftet i vanry fleire stader i landet.

Heldigvis er det fleire som begynner å vakne

Ei ørn lettar frå ein av holmane utanfor Florø. Ho slår nokon lette slag med vengene, og vips er ho borte i tåka.

På andre sida av sundet kravlar det av liv på fabrikken.

Ei linerle vippar med stjerten og gjer nokre lynraske utfall mot insekt som måtte nærme seg.

Florø-væring Bjørg Mikalsen (79) har tent Venstre gjennom eit heilt liv, men nå vurderer ho å melde seg ut.

Partiet har den eine foten rotfesta i naturkampen; den andre i klimasaka.

Kva fot skal dei legge hovudvekta på?

Målkonflikten skjer tvers gjennom partiet, og i kommunestyret er representantane delt i to.

Bjørg Mikalsen

Venstre-veteran Bjørg Mikalsen legg vekta på naturfoten.

For Mikalsen, som har vore vararepresentant på Stortinget, er svaret innlysande: Naturvernet troner øvst.

I enkeltsaker er det alltid mogleg å argumentere for andre omsyn. Men totalt sett er det ei oppskrift på ei gigantisk nedbygging, seier ho.

Heldigvis er det fleire, også hos oss, som så smått begynner å vakne.

Les også Før fekk krafta katedralar – no splitter ho landet

Tyssedal kraftverk

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V)
Oddmund Reisæter Haugen

Alfred Bjørlo, Venstre

- Eg trur vi skal vere ærleg på at denne typen dilemma vil vi sjå fleire av i tida framover – fordi vi skal og må omstille samfunnet vårt for tida etter olja. Likevel er det ingen tvil om at naturverdiar i framtida må vektast sterkare enn det har vore tradisjon for i mange kommunar. Vi er forbi den tida då lokalpolitikarar berre kan seie at vi har «nok natur».

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur
Elin Eike Worren

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet,

– Polariseringa rundt utbyggingsplanane i Florø illustrerer kvifor det trengst ein tydeleg nasjonal leiarskap for det grøne skiftet, som jo skal løyse både klima- og naturkrisa. Dersom vi heller tar i bruk grå areal, og samtidig avgrensar utbyggingsprosjekt som verken gjer noko godt for klimaet eller for naturen, vil konflikten mellom natur og fornybar energi bli langt mindre presserande.

Truls Gulowsen norsk miljøaktivist
Ksenia Novikova

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

- I nokre tilfelle er det reelle avvegingar mellom behov knytt til «grønt skifte» og andre miljøomsyn. I dei fleste tilfelle, som her, er tilvising til «grønt skifte» som orsaking for å øydelegge enda meir natur, berre ein ny språkbruk for å kamuflere gamle idear om meir profitt. Noreg har ikkje mangel på kaiområde, men manglar kreativitet til å bruke om att etablerte område til ny verksemd.

Lars H. Gulbrandsen forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt

Lars H. Gulbrandsen, forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt

- Det er viktig å ha ei kritisk innstilling til planar og næringsinteresser knytt til det grøne skiftet. Etterspørselen etter stadig nye areal og meir straum er ofte drive fram av heilt andre motiv enn klimaomstilling, samtidig som gründerar og bedrifter gir planane ei grøn innpakning for å få politisk støtte og lokal aksept.

Christian Steel Sabima.

Christian Steel, Sabima

- Vi kan ikkje fortsette å rasere kystlandskap og annan natur, især ikkje i «det grøne skiftets» namn. Det er ikkje «grønt» før det både tar omsyn til klima og natur. Den mest konkrete måten å sikre dette på er å stille krav om arealnøytralitet. Det inneber at ein skal unngå verdifull natur, bruke om att grå areal, og alltid gi full økologisk kompensasjon for natur som blir bygd ned.

Morten Wedege står med armene i kors på gata i Oslo.
Naturviterne

Morten Wedege, Naturviterne

- Vi kjøper ikkje premissen om at ein må ofre verdifull natur for å lykkast med det grøne skiftet. Når vi sprenger svaberg og øyar, mistar vi dei naturverdiane for alltid. Vi må heller bruke om att det som finst av allereie nedbygde areal først. Det er vanskeleg for folk å forstå kva det «grøne skiftet» betyr når det omfamnar alt frå konteinarhamner og oppdrett på land til fornybar energi.

Sigve Reiso stiftinga Biofokus
stiftinga Biofokus

Sigve Reiso, stiftinga Biofokus

- Det aller meste av næringsutvikling i dag frontar ein grøn profil i klimasamanheng, som er bra, men ein grøn profil bør ikkje automatisk bli ein fribilett til nedbygging av viktig natur. Klima- og naturkrisa heng saman og forsterkar kvarandre. Utfordringane må derfor løysast saman, ikkje sest på som konkurrerande interesser.

Forsiktig med meiningar på sosiale medium
Arne Stubhaug

Frank Willy Djuvik, Frp

- Politikarane og kommuneadministrasjonen forplikta til å vurdere både klima- og miljøinteresser, og kan ikkje seie at noko har forrang. I kvar enkelt sak må vi vege alle konsekvensar opp mot kvarandre. Det er strenge krav til dokumentering, nettopp for å kunne fastslå dette. I ei slik vurdering må næringsinteresser og overordna utvikling vegast opp mot både klima og natur, ikkje enten-eller.

Odd Bovim i Florø
Marte Hollevik

Odd Valland Bovim, MDG

- I denne saka opplever eg vel at prosjektet dreier seg primært om interessene i industrien, ikkje miljø- eller klimainteresser. Det er eit beklageleg eksempel på korleis «det grøne skiftet» blir brukt til grønvasking av naturfiendtlege industriinteresser.


Eri Melhus Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
Isabelle Dorothy Fuglevig Poole

Eri Melhus, Natur og Ungdom

- Klimatiltak skal skje på premissane til naturen. Altså det grøne skiftet skal ikkje skje på kostnad av urørt, viktig eller sårbar natur. Vi har allereie bygd ned mykje natur, og vi må heller sjå etter allereie ramma område når vi skal bygge ut det grøne skiftet. Her er arealnøytralitet eit stikkord.

JørnLasse Refsnes privatperson (og Tingrettsdommar)

Jørn-Lasse Refsnes, privatperson (og Tingrettsdommar)

- Ei slik rasering av det nære kystlandskapet som det her er tale om, bør berre vedtakast dersom det er tvingande naudsynt. Om vi har kritisk mangel på industriareal, arbeidsplassar står i akutt fare, og alternative plasseringar er greidd ut og umoglege, kan det vere rett at naturen må vike. Men det er ikkje situasjonen i Florø. Vi har råd til å ta vare på naturen. Vi har ikkje råd til å la vere.

Jon Askeland
Ole Andre Rekkedal

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

- Det er brei aksept for at me står i både ei klimakrise og ei naturkrise. Tiltak for å møta desse vil ofte gje konflikt. Saka om Måsholmen er også utløyst av behovet for arbeidsplassar og verdiskaping. Næringslivet i Vestland går i tet i det grøne skiftet, og me må stilla spørsmål om kva som er ei akseptabelt for å redda klimaet, naturen og den velferda som høg sysselsetjing legg grunnlaget for.

Stig Schjølset
Caroline Dokken Wendelborg

Stig Schjølset, ZERO-leiar

- Eg kjenner ikkje den konkrete saka, men terskelen for å bygge ny industri i urørt natur bør vere høg. Vi må bli mykje flinkare til å utnytte grå areal og til å bygge nær eksisterande infrastruktur. Zero meiner at det er behov for meir nasjonal styring, kriterium for å prioritere ulike formål ved arealinngrep og krav til å restaurere der natur går tapt.

Geir Oldeide
Bård Siem

Geir Oldeide, Raudt

- I tilfellet Måsholmen så har vi eit svært godt alternativ til konteinarhamn i den eksisterande konteinarkaien (Kai G) på Botnastranda. Eg, og Raudt, meiner ikkje at havvind er eit fornuftig klimatiltak slik andre hevdar. Å rasere øyane på nordsida av Florø for å bygge opp havvindindustri er difor naturøydelegging utan klimagevinst.