Hopp til innhold

Politikarar vil rive tollmurar på mat

Stortinget skal diskutere å fjerne importvernet på mat. Bakgrunnen er at matvareprisane får eit kraftig hopp frå 1. februar.

Turid Vange

VIL BEHALDE IMPORTVERNET: Turid Vange er mjølkebonde i Vik.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Daglegvarekjedene varsla allereie før jul at maten kom til å bli langt dyrare i 2023.

No vil Frp ha ein debatt om importvernet som vernar om norske landbruksprodukt. Målet er å gjere handlekorgene billigare.

– Utan importvernet vil norske matvareprisar gå ned. Det er noko fleire utgreiingar har synt oss dei siste 10 åra, seier Sivert Bjørnstad (Frp), som sit i næringskomiteen på Stortinget.

Tysdag møtte han Senterpartiet til dyst i Politisk kvarter.

Samsending med P2.

Konkurransedirektør Tina Søreide i Konkurransetilsynet sa til E24 tidlegare i veka at ho meiner det er unødvendig dyrt å importere visse matvarer til Noreg.

Det er eit syn Bjørnstad støttar fullt ut.

– Importvernet er ein av dei viktigaste grunnane til at vi i dag har høge matvareprisar og at vi har eit dårlegare utval i butikkane, seier Bjørnstad.

Den raudgrøne regjeringa vil jobbe for å styrke norsk matproduksjon, noko som også kjem klart fram i Hurdalsplattforma. Det skal skje gjennom kvotar og toll på varer som kjøt, ost og mjølk frå utlandet.

– Sjølvforsyning er viktig

Koronapandemi og krigen i Ukraina har fått mange til å meine at sjølvforsyningsgraden i Noreg må opp.

I 2020 berekna Norsk institutt for bioøkonomi NIBIO sjølvforsyningsgraden i Noreg til å vere 46,5 prosent.

Éi av dei som vil ha sterke murar rundt norsk matvareproduksjon, er Turid Vange. Ho har teke over familiegarden og driv med mjølkebruk i Vik i Sogn.

– Å fjerne murane vil vere ei svært kortsiktig løysing, i alle fall om vi òg tenker på mattryggleiken her til lands.

Bonden i Vik meiner importvernet er viktig for å sikre produksjonen av mjølk og kjøt i Noreg, og at det er viktig å vere mest mogleg sjølvforsynte med mat.

Ho ser difor ikkje lyst på konkurranse frå utlandet.

– For vår del så vart prisen på mjølka vi leverer redusert frå årsskiftet. Økonomien i dag er ikkje mykje å skryte av. Så skulle det bli endå dårlegare, ja, då veit eg ikkje.

Vil snu alle steinar

– Vi må snu alle steinar. Dette er ikkje tida for å halde på heilage kyr, seier Bjørnstad (Frp).

Då er han «meir uroa for dei som i dag slit med å betale for matkorga».

– Eg trur norske bønder klarar å tilpasse seg på same måten som bøndene i Finland, Sverige og Austerrike har gjort dei siste ti åra.

Like optimistisk på bondestanden sine vegner er ikkje leiar i Næringskomiteen, Willfred Nordlund (Sp).

Willfred Nordlund (Sp) i Nordland

Villfred Nordlund (Sp) er leiar i Næringskomiteen på Stortinget.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

– Eg kjenner fleire bønder både i Sverige og Finland. Biletet som vert forsøkt teikna her om at det går så godt, det stemmer rett og slett ikkje.

Han seier at alle land prøver å produsere så mykje mat som mogleg til eiga befolkning.

– Og då vert importvernet svært viktig, med tanke på norsk kostnadsnivå og korleis Noreg ser ut.