Hopp til innhold

Villrein blir sjuke av parasittar frå sau

Salteplassar for sauer lokkar også til seg villrein. Der eter reinsdyra jord og blir smitta med parasittar frå sauen.

Det viser eit forskingsprosjekt finansiert av Miljødirektoratet. Prosjektet undersøkte sjukdomssmitte på salteplassar i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella villreinområde.

Bakgrunnen for prosjektet er mellom anna at forskarane vil få meir kunnskap om kvifor det er så få reinsdyrkalvar i Knutshø. Og kva som er årsaka til at simlene har mindre mjølk til kalvane.

Bjørnar Ytrehus er tilsett ved Sveriges lantbruksuniversitet, og var tidlegare tilsett ved Norsk institutt for naturforskning. Han fortel at ei undersøking som blei gjort i 1986, blant anna på Hardangervidda og Knutshø, viste at sau og reinsdyr beita i dei same områda utan at reinsdyra blei smitta av parasittar frå sauen.

– Men nå viser våre undersøkingar at villreinen har fått fleire saueparasittar, blant anna ein frykta saueparasitt som heiter nematodirus battus. Og denne parasitten finn vi i jorda på salteplassane.

Villreinkalv med diare fotografert i Snøhetta villreinområde.

Villreinkalv med diare fotografert i Snøhetta villreinområde.

Foto: Ingolf Røtvei, Oppdal bygdealmenning

Får diaré og kan døy

– For sauelam så kan den parasitten gje ein veldig alvorleg diare, og sette lamma langt tilbake i vekst. I verste fall kan det føre til tidleg død i beitesesongen. Og det er jo nærliggande å tenke at det same kan skje med reinsdyrkalvane.

Ytrehus fortel at reinsdyrkalvane får i seg denne parasitten på våren, og så får dei diare. Det fører til at dei ikkje tar til seg næring og veks veldig dårleg.

– Vi trur at dyra rett og slett blir kvalme.

Dei dyra som er verst angripen, kan rett og slett døy på grunn av diare og næringstap.

Denne magre villreinkalven er fotografert på Elgsjøtangen i Knutshø villreinområde.

Denne magre villreinkalven er fotografert på Elgsjøtangen i Knutshø villreinområde.

Foto: Ingolf Røtvei, Oppdal bygdealmenning

Salteplassane skal gjere det enklare for sauebøndene å passe på sauene i beitesesongen.

– Det vi tenker er at jorda rundt desse saltsteinane får i seg massevis av salt. Og så står reinsdyra og eter på jorda like gjerne som på sjølve saltsteinen. Der dyra eter, der tissar og drit dei. Og då får dei i seg både urin og avføring.

Nye måtar å gje salt

Ytrehus fortel at når ein salteplass blir bruka over lang tid og slepper salt ut til jorda, så blir det også ein ideell stad for overføring av smitte.

– Då må ein forsøke å finne måtar å gje dyra salt på som ikkje slepper saltet ned på bakken, men samlar det i ein behaldar.

Bjørnar Ytrehus, Sveriges lantbruksuniversitet, tidlegare tilsett ved Norsk institutt for naturforskning.

Bjørnar Ytrehus, Sveriges lantbruksuniversitet, tidlegare tilsett ved Norsk institutt for naturforskning.

Han fortel at det er gjort forsøk med å gjerde inn salteplassane, med ei luke der sauen skal gå inn, men ikkje hjorten og reinen.

– Det var ikkje hjorten og reinen med på. Dei gjekk inn dei også. Så det fungerte ikkje så godt.

På Hardangervidda og i Nordfjella har dei nå starta med å bruke automatar som ikkje slepp saltet ned i jorda.

– Og då bryt du på ein måte den smittekjeda.

Ytrehus seier at i dei områda der ein ser mest av saueparasittane, har ein hatt ein nedgang i kalveproduksjonen hos villrein.

Vil ikkje påby nye salteinnretningar

Landbruks- og matdepartementet kan ikkje svare på om det er aktuelt å påby salteinnretningar som ikkje søler salt ned på jorda i andre villreinområde enn Hardangervidda og Nordfjella. Pressevakt Heidi Riise meiner det er eit fagleg spørsmål som Mattilsynet må svare på.

Tradisjonell saltsteinautomat med påmontert oppsamlar som er spesiallaga slik at bitar som løsnar frå saltsteinene faller ned i oppsamleren.

Tradisjonell automat for saltstein med påmontert oppsamlar som er spesiallaga slik at bitar som losnar frå saltsteinane fell ned i oppsamlaren der dei blir liggande inne i eit oppsamlingskammer beskytta mot nedbør. På den måten blir det ikkje bitar av saltstein i terrenget og avrenning av salt i terrenget.

Foto: Mattilsynet

I Mattilsynet svarar seniorrådgivar Julie Enebo Grimstad at salteplassar til sau også er attraktive for hjortedyr som villrein.

– Mattilsynet pålegg tiltak for å avgrense alvorlege, smittsame sjukdomar slik som skrantesjuke. Så det har berre vore aktuelt å påby slike salteinnretningar i område der det er funne klassisk skrantesjuke.

Skal hindre smitte

André Høva i Mattilsynet for Nordre Buskerud seier at tanken er at ein skal unngå at hjortedyr sleikar i seg salt frå bakken, og på den måten får i seg CWD-smitte.

– Vi har tenkt og vurdert at den type salteinnretningar også kan vere positive for at reinsdyr skal unngå å få i seg parasittar frå sau.

I CWD-soneforskrifta er det òg krav om flytting av salteinnretningane fleire gonger i beiteperioden for å unngå slitasje på vegetasjonen i området der salteinnretningane står.

– Vi anbefaler sterkt at salteinnretningane blir plasserte på fjell eller store, vide steinar for å unngå opptrakka område ved innretningane. Flyttinga er uansett viktig for å unngå faste samleplassar der smitte kan bli akkumulert, seier Høva.

I Basisfeederen ligg saltsteinane i tre kamre dekka av ei gummimatte som beskyttar mot nedbør.

I Basisfeederen ligg saltsteinane i tre kammer dekka av ei gummimatte som beskyttar mot nedbør. Beitedyra må løfte opp gummimatta for å få tilgang til saltsteinane.

Foto: Mattilsynet