Hopp til innhold

Kan gå over ti år før Ragnhild kan skyte villrein i Nordfjella att

Om vel eitt år kan det på ny vere rein over heile Nordfjella. Men det kan ta lang tid før Ragnhild Einemo og andre jegerar kan henta fram rifla.

Ragnhild Einemo

GLER SEG: Reinjeger Ragnhild Eikemo saknar å sjå rein i fjella. No gler ho seg til at dyre er tilbake.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Seks år har gått sidan det fyrste gong var påvist skrantesjuke i Noreg. Det skjedde i det gamle, tradisjonelle villreinområdet Nordfjella.

I frykt for at sjukdomen skulle spreie seg, vart området nord for fjellovergangen Aurland-Hol tømt for kring 2.000 villrein i 2018. Avgjerda om å tømme området for villrein var omstridd, men urokkeleg.

No blir det jobba for å få reetablert villreinstammen.

– Eg har sett fram til at reinen skal kome att. Eg har sakna jakta veldig, men også det å ha dyra i terrenget att, seier jeger Ragnhild Einemo.

Kan ta to år før dyra er på plass

Måndag og tysdag er det møter om reetableringsarbeidet.

Planen er å flytte 50–150 dyr frå sone 2, sør for fylkesveg 50, over til sone 1.

Kartet syner sone 1 og sone 2 i Nordfjella villreinområde.

Kartet syner kvar grensa mellom sone 1 og sone 2 går.

Foto: villrein.no

Det er venta at stammen vil doble seg kvart tredje år.

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal (Sp) håpar arbeidet med å reetablere kjem i gang i 2024.

– I alle fall ikkje seinare, men det er teikn som tyder på at det kan gå eitt eller to år til, seier Skjerdal.

Trygve Skjerdal

Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland, ser fram til at reinsdyrstammen kjem tilbake.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Målet er å bygge stammen opp att til 2.000-2.500 friske dyr.

Villreinstammen har i fleire år vore ein god matressurs og viktig del av identiteten for kommunane rundt villreinområdet.

– Det er ein tradisjonsberar som alltid har vore i fjella våre. Dette er dyr vi har stor respekt for, eit urdyr som lever i fjella og som vi har vakse opp med, seier Skjerdal, og legg til:

– No vil vi ha den tilbake så raskt som mogleg, seier han, og legg til at dei håper at dei unngår nye rundar med skrantesjuka.

Sidan det blir henta dyr frå sone 2 over til sone 1, fører dette til restriksjonar i førstnemnde område.

Vil ta over ti år før vanleg jakt startar att

Sjølv om dyra snart er tilbake på fjellet att i sone 1, kan det ta lang tid før vanleg ordinær jakt kan starte att.

Denne hausten og vinteren vart meir enn 2000 villrein i Nordfjella skotne og drepne, på grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD).
Vi følger lokale jegarar under den siste villreinjakta på mange år - og statlege jegarar som har fått den krevande jobben med å utrydde ein heil villreinstamme.

SJÅ DOKUMENTAR: I mars 2018 følgde NRK lokale jegerar under den siste villreinjakta på mange år i sone 1 – og statlege jegerar som fekk den krevjande jobben med å utrydde ein heil villreinstamme.

– Eg er redd jegerane må smørje seg med tolmod, seier Sigmund Tveitehagen, medlem i reetableringsgruppa.

Han seier det i alle fall vil gå «eit tosifra tal år» før jegerane kan hente att rifla att.

Men for å halde eit auge med sjukdommen, vil det derimot bli skote bukkar frå første dag for å kunne ta prøver av dyra.

Ragnhild Eikemo frå Lærdal ser fram til reinen er tilbake i fjella. Ho synest det har vore litt stille i fjella utan dyra.

No er ho spent på korleis reetableringa vil gå, og om det vil gå utover roa i fjella.

– Eg er redd det kan bli litt zoologisk hage med forsking og prøvetaking oppe i fjella. Det hadde vore kjekt om dei sette ut dyr og så fekk dei gå i fred, seier ho.