Hopp til innhold

Joakim og Pål er karbonfangarar: – Å vere først er alltid gøyast!

I løpet av året skal karbonfangstanlegget i Brevik vere klart til bruk. 15 tilsette har fått den unike jobben med å fange CO₂ som vanlegvis slepp ut av sementfabrikken.

Joakim Lunde og Pål Steinar Johansen skal begge fange karbon i Brevik

CO2-FANGST: Joakim Lunde og Pål Steinar Johansen er blant dei første i verda som skal jobbe som karbonfangarar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Å kunne seie at ein var med på dette om 50 år blir fantastisk, seier Pål Steinar Johansen.

Han og Joakim Lunde er kledde opp med verneutstyr og kikkar på bygningsarbeidet som går føre seg ved sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik.

Lunde og Johansen kjem begge frå industrien, men har no starta i heilt nye jobbar.

Dei skal fange og reinske CO₂ som vanlegvis slepp ut frå sementfabrikken.

karbonfangarane

– Dette er jo framtidas industri, seier Lunde.

– Mange set sin lit til denne teknologien i eit klimaperspektiv. Korleis er det å vere ein del av dette?

– Det er kjempegøy. Å vere først er alltid gøyast!, seier Johansen.

Pål Steinar Johansen

På Steinar Johansen har jobba ved fabrikken i Brevik i mange år, men er no klar for ny jobb som karbonfangar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Mykje trening

I Brevik er planen å fange 400 000 tonn CO₂. Noko som svarar til om lag halvparten av dei årlege utsleppa til fabrikken.

– Dette gjer at me blir den mest moderne sementfabrikken i verda, seier driftssjef ved fabrikken Tor Gautestad.

Anlegget skal stå klart i slutten av 2024. Difor blir det mykje trening på dei ferske karbonfangarane.

Det skjer gjennom simulering.

Joakim Lunde er karbonfangar i Brevik

Joakim Lunde er karbonfangar i Brevik.

Foto: Sindre Thorsen Lønnes / NRK

Karbonfangarane legg ikkje skjul på at dei ønsker å kome i gang snart.

– Me byrjar å bli utolmodige, seier Johansen med eit smil.

Prosjektet i Brevik har fått mykje merksemd den siste tida. Både fransk og Tysk TV har nyleg vore på besøk.

Driftssjefen er ikkje i tvil om at prosjektet deira er ein del av løysinga på globale klimautslepp. Han meiner det er avgjerande at dei lukkast.

– Eg trur dette set fart i liknande industri som har store utslepp. Veldig mange kjem til å følgje etter viss det blir ein suksess i Brevik, seier Gautestad.

Satsar 20 milliardar

CO₂-fangsten ved sementfabrikken er ein del av prosjektet Langskip, som er Noregs storsatsing på karbonfangst og lagring.

CO₂ skal fangast i sementproduksjonen, og bli lagra på tankar. Så blir den sendt av garde med skip til vestlandet. Der blir karbonet lagra under havbotn.

Fangst og lagring av CO₂ har vore omstridd. Teknologien har vore vanskeleg å realisere, og det er ein dyr måte å kutte utslepp på.

Prosjektet Langskip har ein estimert kostnad på 30 milliardar kroner. Staten står for 20 av desse milliardane.

Energiminister Terje Aasland (Ap) meiner det er riktig å bruke så store summar.

– Dette er ein viktig start på kommersiell CO₂-fangst og lagring, seier Aasland.

– Men CO₂-fangst og lagring er dyrt med tanke på kor mykje utslepp ein kutter. Er det riktig av Noreg å gå føre på dette feltet?

– Ja, det syntest eg absolutt. Me tek ansvar for klimaforpliktingane våre, og dette er ein av dei viktige forpliktingane Noreg vel å gjere, seier Aasland.

Terje Aasland

Terje Aasland er Energiminister i Regjeringa for Arbeidarpartiet.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK