Hopp til innhold

Åse (72) køyrer rutebuss og sluttar ikkje før ho må

Ferske pensjonstal peiker på at fleire eldre arbeidstakarar bør gjere som henne.

Bussjåfør Åse Svendsen i førersetet på bussen.

LIKAR Å JOBBE: Bussjåfør Åse Svendsen har ikkje tenkt til å gi seg med det første. Ho jobbar så mykje ho ønsker sjølv.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ho kunne nytt late dagar heime på sofaen. Det gjer ho derimot lite av. For ho likar seg betre i førarsetet på bussen.

I likskap med bussjåføren i den velkjente barnesongen om yrkesgruppa, er 72-åringen for det meste i godt humør.

– Eg synest det er veldig givande. Og så likar eg å køyre, seier Åse Svendsen.

Bussjåførene Åse Svendsen (72) og Magne Hultgren (67) i bussen.

Magne Hultgren (67) tar vakter som tilkallingsvikar. I likskap med kollegaen Åse Svendsen likar han seg bak det store rattet på bussen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Fram til ho blei 60 år var ho lastebilsjåfør. Etter det var det litt lite å gjere, så ho meldte seg til teneste som bussjåfør.

Sidan har ho frakta passasjerar frå A til B.

– Eg synest det var vemodig å bli 70, for da mister ein den faste turnusen. Men no synest eg det er heilt supert. No kan eg bestemme sjølv akkurat når eg vil køyre, seier ho.

Les også Olav (79) ønsker et liv på havet, men staten mener han er for gammel

Olav Olsen Nordstrand i båten sin.

Eldrebølgja er her

Nav er imponert. Dei oppfordrar andre til å gjere som Åse Svendsen.

Nye tal viser at pensjonsutgiftene aukar for kvart år som går. Ei lenge varsla eldrebølge er her.

– Det er viktig at dei som ønsker det, får lov til å stå lenger i arbeid. Det bidreg til å generere inntekter til samfunnet, seier Nav-direktør i Vestfold og Telemark, Anders Anundsen.

Portrettbilde av Anders Anundsen, Nav-direktør i Vestfold og Telemark.

Anders Anundsen, Nav-direktør i Vestfold og Telemark.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Han meiner og det gir livsglede og livskvalitet for dei som jobbar lenger.

Denne veka blei dei ferske pensjonstala lagt fram.

I fjor var utgiftene knytt til alderspensjon i Noreg nesten 267 milliardar kroner. Det er ein auke på 6 prosent.

– Det blir fleire pensjonistar. Det blir og høgare utbetaling til ein del av dei pensjonistane fordi dei har høgare opptening, seier Anundsen.

  • Vanleg pensjonsalder i Noreg startar ved 67 år. Det er mogleg å ta ut alderspensjon frå fylte 62 år, og kombinere det med framleis yrkesaktivitet.
  • Nokre arbeidsgrupper som politiet og Forsvaret har plikt til å fråtre frå arbeidet tidlegare.
  • I Staten er den øvre aldersgrensa 70 år.

Hvor lenge vil du jobbe?

– For mykje slit

Fagforbundet har ikkje noko imot at eldre jobbar lenger viss dei vil, men meiner arbeidslivet ikkje er rigga for det.

– Mange er såpass friske at dei ønsker å jobbe lenger. Men i ein del yrke er det for mykje stress og slit, seier Marianne Nilsen Skjønstad, fylkesleiar i Fagforbundet.

Portrett av Marianne Nilsen Skjønstad, fylkesleder i Fagforbundet.

Marianne Nilsen Skjønstad er fylkesleiar i Fagforbundet i Vestfold og Telemark.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Skjønstad meiner arbeidslivet må leggast til rette meir for at eldre skal kunne jobbe lenger.

– Det er for mykje stoppeklokke-mentalitet, seier ho og siktar spesielt til jobb i barnehage, helse- og velferdsyrke.

Ho meiner ei løysing er fleire hender og hovud å fordele oppgåvene på.

– Vi må ha betre grunnbemanning, så ikkje folk jobbar helsa av seg. Da kan vi begynne å snakke om å stå lenger i arbeidslivet, seier Skjønstad.

Konsekvensar

Kva skjer om alle eldre sluttar å jobbe når dei er 67 år?

Samfunnet får større pensjonsutgifter.

Men det jamnar ut seg over tid, fordi dei som tek ut pensjon tidleg, får lågare pensjon resten av livet, fortel aldersforskar Per Erik Solem.

Mange som tek ut pensjon etter fylte 62 år tek både ut pensjon og held fram i arbeid på deltid.

Desse yter framleis ein arbeidsinnsats og bidreg til produksjonen i samfunnet, seier han.

Les også Nye pensjonsforslag: Så mye lenger må du jobbe

Kristin Skogen Lund

Fleire skal jobbe lenger

Arbeids- og inkluderingsdepartementet melder at dei tek sikte på å legge fram ein stortingsmelding i haust, som følger opp Pensjonsutvalgets rapport.

Det er eit viktig mål med reforma å leggje til rette for at fleire skal jobbe lenger, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Den største utfordringa er å få dei som er mellom 60 og 70 år til å utsette avgangsalderen, seier Marte Mjøs Persen.

Marte Mjøs Persen

Marte Mjøs Persen, arbeids- og inkluderingsminister (Ap).

Foto: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Det meiner ho vil styrke den statlege pengekassa.

Dersom mange vel å slutte tidleg, vil det svekke vår evne til å finansiere velferdsordningane, seier ho.

Vil jobbe så lenge dei kan

Magne Hultgren er 67 år og har gått av med pensjon. Men å ta heilt fri har han ingen planar om med det første.

67-åringen likar seg i lag med folk.

Han køyrer både skolebuss, turar og rutebuss. I tillegg tek han vakter som pastor.

– Det er triveleg å møte kollegaer og passasjerar. Eg synest det er veldig meiningsfylt å kunne ha ein kvardag der eg kan jobbe, seier Hultgren.

67-åringen meiner at eldre arbeidstakarar sit med mykje kompetanse og erfaring samfunnet kan dra nytte av.

– Det er ein god og riktig tanke til å oppmuntre pensjonistar til å jobbe litt, om dei har moglegheit til det.

Bussjåfør Åse Svendsen holder øynene på veien.

Bussjåfør Åse Svendsen holder auga på vegen og hendene på rattet så lenge ho kan.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Åse Svendsen er heller ikkje klar for å gi frå seg nøklane til bussen riktig enno.

– Eg har to år igjen som eg får lov til å køyre. Det synest eg er veldig greitt. Det er helsa som bestemmer, sjølvsagt.

Les også Bernt (89) jobber hver dag – mener flere eldre må få gjøre det samme

Kjøpmann Bernt Røthe (89) på kontoret sitt i Namsos.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark