Hopp til innhold

– Venstre er tilbake som ein maktfaktor i norsk politikk

Til stor jubel frå sine partifellar kunne nestleiar Terje Breivik i Venstre rette hendene i været. Venstre har gjort sitt nest beste val sidan 1969.

– Dette er eit valresultat som betyr at Venstre er tilbake som ein maktfaktor i norsk politikk, med ein 8–10 mandat. Og det er ekstra kjekt at Venstre er tilbake på tinget med eit mandat frå Hordaland, seier nestleiar i Venstre og 1.-kandidat frå Hordaland, Terje Breivik til NRK.

Han gjekk på talarstolen til stor jubel frå sine partifellar på Venstre si valvake på Harbour Cafe i Bergen. Venstre gjer sitt nest beste val sidan 1969.

– Og det på første forsøk med ny partileiar. Det er utruleg sterkt, og utruleg moro.

Godt utgangspunkt

Katastrofevalet i 2009 førte til at Venstre vart ribba frå ti til to representantar på tinget, og partileiar Lars Sponheim trakk seg på direkten. No ser det ut til at Venstre er tilbake på nye høgder.

Breivik seier at Venstre no har ein nøkkelrolle saman med Kristeleg Folkeparti i dei komande regjeringsforhandligane.

– Me har eit godt utgangspunkt for å få gjennomslag for viktig område som klima, verdiskaping, kunnskap og velferd.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.