NRK.no melde tidlegare i dag at fleire sentrale Frp-politikarar ikkje ønskjer å gå inn i ei brei borgarleg regjering med Venstre og Kristeleg Folkeparti.
- LES SAKA:
Heile ni av dei 19 Frp-listetoppane vil ha ein regjering beståande av Høgre og Frp. Berre tre av dei seier dei ønskjer ei firepartiregjering.
Dermed er minst halvparten ueinige med partileiinga, som seier dei vil danne regjering saman med alle dei fire partia.
– Dette er private meiningar
Nestleiar i partiet, Ketil Solvik–Olsen, meiner dette er uvesentlege og medieskapte debattar, som gir eit feil bilete av røynda. Han går hardt ut mot media og NRK, og meiner dei bør vere nøgde med å rapportere om partiet si offisielle line.
– Dette er private meiningar som dei har. Strategien til partiet slår fast, og me vil samarbeide med alle dei andre opposisjonspartia. Det betyr at me kan få fleirtal for ny regjering. Strategien er at den skal vare i lang tid, og då må me samarbeide breitt.
Solvik-Olsen meiner NRK prøvar å skape debattar med å fiske etter meiningar i periferien i dei politiske partia.
– Både NRK og andre media prøvar å skape ei rekkje debattar ved å stille spørsmål til ulike politikarar, og går ganske langt ut i organisasjonen til slutt berre for å få ei stemme.
– Men me har snakka med tre fylkestoppar som sit på Stortinget ...?
– Ja, men det var ingen av dei som ringte dykk. Poenget her er at media ringer alle opposisjonspartia for å finne ei stemme som kan bidra til at media sjølv lagar saker som kan skape uvisse.
- Bør media halde seg til partia si offisielle linje? Sei di meining i kommentarfeltet.
– Media skaper nyheiter
Solvik-Olsen illustrerer kva han meiner ved å snu problemstillinga. Han seier at slik journalistar representerer ei mediebedrift, bør også journalistane respektere at Frp-politikarane representerer partileiinga.
– Er det ikkje jobben til media å finne ut kor realistiske ulike regjeringsalternativ er?
– Det media gjer er jo å skape nyheiter. Når ein har klare vedtak i alle dei fire partia, så er det noko ein bør halde seg til. Det vil alltid vere slik at enkeltpersonar gjerne har andre meiningar. Akkurat som når eg held meg til journalistar når dei jobbar på vegner av NRK, og ikkje at dei driv privatpraktiserande verksemd i tillegg.
– Meiner du at NRK ikkje burde laga sak på at fleire fylkestoppar i Frp er ueinige med leiinga i partiet om regjeringsstrategien?
– NRK står fritt til å rapportere om kva dei vil, men det reflekterer ikkje den røynda som faktisk eksisterer på borgarleg side, der alle partia har sagt at dei skal samarbeide.
Kokkvold: – Kritikken bommar fullstendig
Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, meiner Solvik-Olsen bommar med kritikken.
– Det er heilt naturleg for ei medieverksemd som har ambisjonar om å drive kritisk undersøkjande journalistikk, å sjekke korleis leiande Frp-politikarar held seg til forskjellige regjeringsalternativ. Skulle ikkje fylkestoppane ha synspunkt? Dei representerer jo kvar sine fylkesparti. Dette er ein heilt naturleg del av oppgåva til media.
– Denne typen mediekritikk bommar fullstendig. NRK burde hatt honnør for å stille heilt relevante spørsmål, seier den avtroppande pressetoppen til NRK.no.
Kokkvold meiner politikarane sjølve har lagt opp til at pressa skal vende seg til enkeltpersonar.
– Politikarane har i ein høg grad bidratt til å privatisere politikken. Dei snakkar i stor grad om «eg». Ingen har så vidt eg kan sjå protestert på denne merksemda mot enkeltpersonar tidlegare.