FILE PHOTO: Russian President Vladimir Putin and Chinese President Xi Jinping toast during a visit to the Far East Street exhibition on the sidelines of the Eastern Economic Forum in Vladivostok

To gamle vener og mektige stormakter.

Russia Ukraine War Zelenskyy

Ein statsleiar på utsida med Vesten i ryggen.

-

Xi Jinping har utnemnd seg som fredsmeklar i Ukraina-krigen.

File photo of Chinese President Xi and his Russian counterpart Putin attending opening ceremony of the "Year of Chinese Tourism in Russia" in Moscow

Men kan han lukkast utan å miste eit dyrebart vennskap?

Xi og fred

Xi og fred

Den kinesiske presidenten Xi Jinping kjem måndag fram til Moskva på statsbesøk til sin russiske kollega Vladimir Putin.

Med det første skal dei berre møtast til lunsj, før ein går over til «forhandlingar» tysdag og Xi reiser igjen onsdag, opplyser kinesisk UD og Kreml.

Vanlegvis hadde Putin truleg teke med sin kinesiske kollega på metroen i Russland, som nyleg har blitt utvida med 70 kilometer.

Men presidentrådgjevar Jurij Usjakov seier ifølge næringsavisa Kommersant at det ikkje blir nokre «irriterande protokollære småting». Slik ser agendaen foreløpig ut:

Flasker med Coca-Cola som er importerte frå Kina står til sals i ein russisk daglegvarebutikk.

Å auke handelssamarbeidet mellom Russland og Kina.

Veggen på eit valutakontor viser blant anna russiske Rublar og kinesiske Yuan.

Å utvikle alternative betalingsmåtar landa sine i eigne valutaar, yuan og rublar.

Formålet er å sleppe å vere låste til dollar og euro, noko som har gjort begge landa sårbare for sanksjonar.

Investeringar i Belte-veg-initiativet, som er Kina sitt gigantiske infrastrukturprosjekt.

Ein viktig del av utbygginga er å utvikle Sentral-Asia til eit økonomisk knutepunkt mellom Europa og Kina.

Eit iransk militærhelikopter under ein samla militærøving mellom Iran, Russland og Kina.

Å diskutere militærteknisk samarbeid.

Dette kan omhandle avtalar om nye felles militærøvingar, som denne sist veke mellom Iran, Russland og Kina.

Xi skal også ha planar om å snakke digitalt med Volodymyr Zelenskyj etter at han har møtt med Putin, melder blant anna Wall Street Journal, Bloomberg og Reuters.

Dersom det stemmer, blir det den første gongen dei to statsleiarane snakkar saman sidan krigen braut ut i februar i fjor.

Det blir også sagt at den kinesiske presidenten kan kome til å besøke andre europeiske land, men ikkje kva for nokre det gjeld.

Nyleg fredsavtale skapar forventningar

Kina har til no prøvd å posisjonere seg som ein nøytral part i konflikten, utan å miste det nære forholdet sitt med Russland.

Ein samtale mellom Kina og Ukraina sine utanriksministrar sist veke er løfta fram av utanriksdepartementet i Beijing.

Denne er berre eitt av fleire sterke signal om at krigen i Ukraina blir eit viktig tema i møta med Putin.

6tSpRIxwwOQ

Xi Jinping besøkte Mohammed Bin Salman i Riyadh i desember, under den kinesiske leiaren si rundreise til arabiske land.

Foto: Untitled / AP

Den ukrainske utanriksministeren, Dmytro Kuleba, skal ha gratulert Kina med rolla som meklar i den nylege fredsavtalen mellom rivalane Saudi-Arabia og Iran.

Kuleba understreka at Kina ikkje berre er eit viktig samarbeidsland for Ukraina, men også eit stort land som spelar ei uerstatteleg rolle i internasjonale spørsmål.

Til no har ikkje Putin kommentert den kinesiske fredsplanen.

Russisk UD sin talsperson, Maria Zakharova, sa sist månad at Russland forstår det slik at planen anerkjenner «dei nye territorielle realitetane» i området.

Det er ikkje det som står i det kinesiske forslaget, som er samanfatta lenger nede i saka.

Les også Fra «fist bump» med Biden til håndtrykk med Xi

– Russland treng Kina langt meir

Det er venta at dei to partane kjem til å skrive under på ei rekke avtalar om økonomisk samarbeid, inkludert kinesiske investeringar.

Putin er veldig oppteken av økonomisk vekst og teknologisk utvikling, og er særleg interessert i samarbeid om mikroelektronikk, maskinverktøyindustri, transport og energi.

Hans Jørgen Gåsemyr, seniorforsker ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt

Hans Jørgen Gåsemyr seier det er vanskeleg å seie kor mykje Kina kan oppnå i rolla som fredsmeklar.

Foto: Christopher Olssøn

For Russland er Kina handelsnøkkelen, no som sanksjonar gjer det umogleg å samarbeide som før med vestlege land.

I det store og heile treng Russland storebroren Kina «langt meir enn omvendt», meiner seniorforskar ved Nupi, Hans Jørgen Gåsemyr.

– Men Russland er og blir eit veldig viktig land, også for Kina. Spesielt den lange og kompliserte grensa gjer at Kina har all mogleg interesse i å behalde eit stabilt Russland.

– Ikkje minst er det slik fordi Russland har late Kina sleppe til i store delar av Sentral-Asia der Russland framleis har emne til å dominere og setje dagsorden.

Putin ønsker også kinesisk hjelp til å utvikle dei enorme landområda i Sibir, altså aust for Uralfjella.

Han har lenge vore uroa for den kinesiske påverknadskrafta her. Men no har han større ting å bekymre seg over, og treng den støtta han kan få.

12 steg til fred i Ukraina

– Vi håpar Ukraina og Russland vil halde døra open for dialog og forhandlingar. Ikkje lukk døra for ei politisk løysing, uansett kor vanskeleg og utfordrande det er.

Det seier kinesisk utanriksminister Qin Gang om vegen framover, ifølge kinesisk UD.

Han viser vidare til innhaldet i det som Beijing har kalla «den moglege vegen til fred». Forslaget har president Xi sin signatur, og kan samanfattast slik:

Eit ukrainsk barn har på seg englevingar i fargane til det ukrainske flagget under ei forsamling av ukrainske flyktningar i Nederland.

1. Respekter sjølvstendet til alle land

Dei kinesiske styresmaktene skriv at internasjonale lover og FN-avtalen må følgast av alle partar, og at alle land sitt sjølvstende, uavhengigheit og territoriell integritet må bli respektert.

Alle bileta i denne serien er plukka ut av NRK. Informasjonen som er oppsummert kjem frå det kinesiske utanriksdepartementet si nettside.

I dette avisutklippet frå Pravda prøvar ein figur stempla som den reaktive pressen å få den kalde krigen til å stå opp att frå dei døde.

2. Legg bak dykk mentaliteten frå den kalde krigen

Vidare heiter det at vernet av eigen nasjonal tryggleik ikkje skal gå ut over tryggleiken til andre land, og at det heller ikkje skal skje ved å styrke og utvide militærstyrkene sine.

I avisutklippet frå russiske Pravda i 1973, prøvar ein figur stempla som «den reaktive pressen» å vekke den kalde krigen frå dei døde.

Ein ukrainsk soldat skyt med ein SPG9 anti-stridsvogn granatutskytar under ei militærøving i Zaporizjzja-regionen.

3. Stopp kampane

Kina krev at begge sider av konflikten opnar dørene for ei politisk løysing «så snart som mogleg», slik at dei gradvis kan kome fram til ei fullstendig våpenkvile.

Fleire statsleiarar i vesten har merka seg at Kina brukar ordet konflikt, og ikkje krig, i dette dokumentet.

Belarus Russia Ukraine War

4. Start opp att fredssamtalar

Kina meiner at dialog og forhandling er «den einaste tenkelege løysinga» på konflikten i Ukraina, og seier dei kjem til å «halde fram med å spele ei konstruktiv rolle» i å oppnå dette.

Evakuerte ukrainarar står under ei øydelagd bru på veg ut av Irpin i mars 2022.

5. Løys den humanitære krisa

Styresmaktene skriv at tryggleiken til sivile må ha eit effektivt vern, og at humanitære korrodorar må opnast slik at sivile kan bli evakuerte frå konfliktsonane. Dei oppfordrar til meir humanitær hjelp, og meir støtte til FN si koordinering av arbeidet.

Ein russisk krigsfange frå Wagner-gruppa blir avhøyrd av ukrainske soldatar i nærleiken av Bakhmut. Bilete er teke i mars 2023.

6. Vern om sivile og krigsfangar

Teksten minner om at alle partar i konflikten burde lyde folkeretten, og med dette unngå å angripe sivile og sivile bygg, verne om kvinner, barn og andre offer for konflikten, og respektere dei grunnleggande rettane til krigsfangar.

Biletet skal vise ein krigsfange frå den russiske leigesoldatgruppa Wagner bli avhøyrd av ukrainske soldatar nær Bakhmut, i mars 2023.

7. Hald atomkraftverka trygge

Angrep på atomkraftverk og andre «fredelege» atominstallasjonar må også ta slutt, skriv dei vidare. Kina skriv at dei støttar det Internasjonale atomenergi-byrået (IAEA) si rolle i dette arbeidet.

IAEA har blant anna utført inspeksjonar på atomkraftverket i Zaporzizjzja i Ukraina, som fleire gongar har mista straumen og blitt skada som følge av kampane i nærleiken.

Den russiske presidenten Vladimir Putin under ein nettkonferanse i november.

8. Reduser strategiske risikoar

Dette punktet handlar om atomvåpen, som Kina skriv ikkje skal brukast under noko omstende. Atomarsenal skal ikkje styrkast eller trugast med, skriv dei vidare, og legger vidare til at dei stiller seg imot forsking, utvikling og bruk av kjemiske og biologiske våpen.

Russland har fleire gongar hinta til atomtrugslar mot Vesten sidan krigen starta, og har utan dokumentasjon skulda Ukraina for å bruke kjemiske våpen i krigen.

Lasteskip som frakter korn i Svartehavet

9. Legg til rette for kornimport

Kina skriv at dei støttar kornavtalen på Svartehavet, som er signert av Russland, Tyrkia, Ukraina og FN. Partane forhandlar no om å fornye denne avtalen, som går ut i nær framtid.

Korn frå Ukraina blir blir blant anna sendt til Verdas matprogram, og ein slutt på denne avtalen vil gjere matkriser verre fleire stader i verda.

FN sitt tryggingsråd under eit møte 7. mars.

10. Stopp einsidige sanksjonar

Styresmaktene skriv at einsidige sanksjonar ikkje kan løyse eit problem, men berre skapar nye. Dei skriv at Kina er imot alle einsidige sanksjonar som ikkje er godkjende av FN sitt tryggingsråd.

Offshore-skipet FSRU Neptune bak ein container som viser eit kart over gassrøyrleidninga Nord Stream 2.

11. Sørg for at industri- og handelsavtalane forblir stabile

I tråd med det kinesiske kommunistpartiet sin marknadsorienterte ideologi, ber styresmaktene om at alle partar held gåande dagens system for verdsøkonomien, og skriv at dei er imot bruk av økonomi «som eit våpen til politiske formål».

SMqvvd8Ha2Y

12. Støtt opp om gjenoppbygging etter konflikten

Under det siste punktet skriv dei at verdssamfunnet må hjelpe til med å bygge opp att konfliktsonen etter at kampane er over. Kina hevdar dei står klare, igjen for å spele «ei konstruktiv rolle» i dette arbeidet.

I vestlege land har mottakinga av Xi og Kina sin fredsplan vore ein stad mellom blanda og lunken.

Verken USA, Nato eller EU er direkte negative til at Kina prøvar å engasjere seg, men dei meiner alle at sjølve innhaldet i forslaget vil stille Russland i ein altfor gunstig posisjon.

Ein våpentilstand utan tilbaketrekking vil tillate Russland å forhandle utan først å gi slipp på områda dei har okkupert.

USA og Nato åtvara tidlegare i vinter at dei frykta at Kina vurderte å levere våpen til Russland. Dette har Kina avvist konsekvent.

Amerikanarane har i det siste sagt at dei følger nøye med på sal av produkt frå Kina til Russland som kan bli brukte både sivilt og militært.

Trur ikkje planen kan lukkast

Marcin Kaczmarski jobbar for Senter for Austen-studium i Warszawa og er ekspert både på Russland og Kina.

Marcin Kaczmarski

Marcin Kaczmarski viser til at Kina og Ukraina pla vere strategiske partnarar, noko som no har sett fredsmeklaren i ein vanskeleg posisjon.

Foto: Staff Photographer

Han meiner den kinesiske fredsplanen «skapar eit inntrykk av at dette er ein abstrakt konflikt mellom to abstrakte partar», utan å anerkjenne at det dreier seg om ein invasjon.

– Politisk sett er det eit tydeleg signal om støtte til Russland. Men spørsmålet er kor langt denne støtta vil rekke i praksis.

Ifølge Kaczmarski er sjansen for at fredsplanen lukkast «nesten null», sjølv om Kina vil bli sett på som ein viktig spelar i verdspolitikken.

– Då ville det vore nødvendig å innrømme at det var Russland som invaderte Ukraina, og eg trur ikkje at Kina kjem til å gjere det i føreseieleg framtid.

– For meg er hovudmålet til fredsplanen å appellere til visse stormakter i Europa som trur at Kina kan spele ei positiv rolle. I praksis vil det innebere å anerkjenne realiteten på bakken, noko eg ikkje trur Kina er i stand til å gjere.

Møte mellom Dmytro Kuleba og Wang Yi.

Den kinesiske toppdiplomaten Wang Yi møtte ukrainsk utanriksminister Dmytro Kuleba på tryggingskonferansen i München sist månad.

Foto: Kinesisk ambassade i Nigeria

Gåsemyr meiner Kina «balanserer på ei tynn linje» når det gjeld å prøve å vere nøytral utan å bryte forholdet med Russland.

– Det beste ein kan håpe på er at Kina kan bidra til eit spor der ein faktisk snakkar saman og også forhåpentlegvis dempar krigsangrepa frå Russland.

– Dei står i ein situasjon der dei må vere ytst forsiktige, og kanskje så forsiktige at det ikkje har nokon effekt.