Den eksplosive ørkenkrigen

Mali var det fattige landet som begynte å vise økonomisk vekst. Så tok terrorgrupper grep. No er det mørkare enn på lenge i ørkenlandet.

Folket i Mali trudde dei hadde lagt dei blodige konfliktane bak seg. Etter turbulente år på 1990-talet var våpena lagde ned, og landet var kanskje meir kjent for sine verdskjente bluesartistar enn krig. I dag er krigen tilbake, verre enn nokon gong.

Mali ligg i den urolege Sahel-regionen. Dei fleste av folka som risikerer livet over Middelhavet på veg mot Europa kjem frå desse områda, og stadig fleire kjem frå Mali. Mangelen på jobbar, djup fattigdom og ein stadig verre konflikt skaper lite framtidshåp.

Kor ille situasjonen er i Mali kjem tydeleg fram i karta som viser utviklinga av terror i Mali dei siste sju åra.

Konflikten starta i 2011 og fortsatte for fullt inn i 2012.

Lite visste folk i Mali at det skulle bli langt verre i åra som følgde.

I 2014 hadde FN-operasjonen Minusma vore i sving i eit år, men talet på terrorhendingar heldt fram med å auke.

Etterkvart spreia terroren seg sørover i Mali, og også inn i nabolanda Burkina Faso og Niger.

I fjor eksploderte terroraktiviteten. Mange menneske er drivne på flukt, tusenvis er drepne, etniske grupper er sett opp mot kvarandre og FN slit i motbakke mot terrorgrupper.

Korleis enda Mali opp her?

Fredfullt og konfliktfritt

For ti år sidan var Mali eit slikt land som ryggsekkturistar likte å reise til. Eit land litt utanfor allfarveg, men samtidig fredfullt og med mykje spennande å oppleve.

AFP_1FZ77F

I Mali er det kort veg frå idyll til fattigdom, og no også konflikt. Her frå breidda av Niger-elva i byen Mopti.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Fattigdommen var altomfattande, og hadde har vore der i tiår etter tiår, men både Mali og nabolanda var i det minste sparte for store konfliktar.

Men frå 2012 og fram til i dag har konflikten i Mali stadig utvikla seg.

Tuaregane og ønsket om Azawad

Det var tuaregane som starta det. Dei held til lengst nord i Mali, ved randen av Sahara.

Det stolte folkeslaget er kjent for sine blå klede og har i fleire århundre drive med dyrehald og kamelkaravanar gjennom Sahara.

Tuaregane bur i ein utkant av Mali, i eit karrig område.

Dei kjenner seg ofte gløymde av styresmaktene og drøymer om sitt eige land - Azawad.

Dei er villige til å gå i krigen for Azawad, noko dei har gjort før, og noko dei gjorde på ny i 2012.

Islamistane tok overhand

Etter kort tid havna tuaregopprøret i bakgrunnen fordi store terrorgrupper utnytta situasjonen og vann terreng.

Landsby etter landsby vart okkupert og sharia-lov vart innført før Frankrike intervenerte og stansa det heile.

Men islamistane forsvann aldri for godt. Dei held til i ørkenen og utfører attentat på attentat.

No har IS peika ut Mali som eit satsingsområde etter nederlaget i Syria og Irak.

Dette propagandabiletet har IS sendt ut, og dei påstår det er frå Sahel.

Lokale folkeslag blir stadig meir involvert

Fulanarane har i fleire hundre år drive med kyr, sauer og geiter.

Dei flytter rundt saman med dyra sine, og slikt skaper konfliktar.

Andre folkeslag i Vest-Afrika er meir bufaste, slik som i denne Dogon-landsbyen.

Dei dyrkar ofte grønsaker på same stad som fulanarane beitar sine dyr. Tilgang til beitemark og drikkevatn har skapt bråk fleire gonger.

Mange små angrep og ein enorm massakre

Konflikten i Mali har altså for alvor slått rot blant folket i Mali. Det som starta med terrorgrupper har blitt ein etnisk konflikt, og islamistane veit å utnytte dei etniske motsetnadane. Dei rekrutterer også blant frustrerte, unge menn i eit av verdas fattigaste område.

Og dermed har det eksplodert med prikkar på kartet som markerer alle terrorangrepa i Mali og nabolanda.

Det halvnomadiske folket fulanarane er skulda for å ha tette band til islamistgruppene. På motsett side vert styresmaktene i Mali skulda for å gje pengar og våpen til borgarverngrupper som har oppstått blant Dogon-folket.

Fleire små angrep er utførte frå grupper som tilhøyrer begge desse folkeslaga. Men det var ikkje før den 23. mars i år at verda verkeleg forstod kva som føregår i Nord-Mali og nabolanda.

Landsbyane Ogossagou og Welingara vart angripne av væpna menn.

134 menneske mista livet. 46 av dei var barn. Alle var fulanerar.

Angriparane starta å skyte på alt som rørte på seg. Gamle folk, barn, gravide...ingen vart sparte

Augevitne fortel til Maliweb

President Ibrahim Boubacar Keita besøkte landsbyen etter massakren.

Det er uklart kven som står bak, men ei borgarverngruppe frå Dogon-folket får skulda.

Styresmaktene skal ha støtta denne gruppa, og kort tid etter massakren sparkar president Keita sin eigen statsminister.

Det kaotiske fargekartet

Statsminister Soumeylou Boubèye Maïga takka for seg i april, og gjekk av saman med sin administrasjon. Sentrale politikarar hadde ikkje lengre tillit til at han klarte å stanse valden i Nord-Mali.

Men problema held uansett fram. Angrep skjer mot både lokalbefolkninga og FN-soldatane som skal prøve å skape fred. Me høyrer berre ikkje så ofte om det i nyheitene her i Noreg.

Eit kart med fargekodar viser kor kompleks konflikten i Mali er. Kvar prikk er eit angrep, og kvar farge er ei væpna gruppe.

Kart - Terror
Foto: Africa Center for Strategic Studies

Gruppene kan vere både islamistgrupper eller grupper der etnisitet er fellesnemnaren. Fleire av gruppene har også inngått samarbeid, med maliske og vestlege styrker som sin felles fiende.

For det manglar ikkje på forsøk på å stanse valden og krigen i Mali.

Over 16.000 FN-soldatar er stasjonserte i Mali.

Det er den farlegaste operasjonen i FNs historie.

Det er spesielt farleg å forflytte seg på bakken, og vegbomber har teke mange liv.

Soldatane har slitt med å vinne tilbake kontrollen, og tilliten til FN er låg i delar av folket.

I tillegg til FN-operasjonen er også Frankrike inne med eigne styrker i Operation Barkhane.

Også Noreg har sendt styrker nedover i fleire omgangar.

Seinast i april vart eit Hercules-fly med mannskap sendt ned for å bidra i Minusma.

Seks år etter at soldatane kom til Mali slit dei framleis med oppdraget. Talet på døde går oppover. Dramatisk oppover i det siste.

Dei to store internasjonale terrorgruppene al-Qaida og IS har eit aukande engasjement i Sahel. Dei tapar terreng andre stader i verda, men vinn fram i det karrige ørkenlandskapet i Vest-Afrika.

Grafane som viser talet på kor mange IS og al-Qaida har drepe i Mali og nabolanda viser også dei ein veldig tydeleg tendens.

FN i motbakke

For dei norske FN-soldatane er risikoen liten. Dei har hovudkvarter i utkanten av hovudstaden Bamako, og er berre i farlege område når dei flyr forsyningar nordover.

Det er i all hovudsak soldatar frå afrikanske og asiatiske land som har måtte bøte med liva.

Så langt har 200 soldatar mista livet mens dei er ute på fredsoppdrag i Mali. Nokre har døydd av sjukdom og ulykker, men dei fleste er drepne i terrorangrep.

Så langt i år har 21 FN-soldatar mista livet ute på oppdrag i Mali – mens det i alle andre FN-operasjonar i verda ikkje har gått liv tapt så langt i år.

Gitt opp og flykta

Det var optimisme i Mali i 2014 då franske og maliske styrker hadde slått tilbake islamistane sine framstøyt. Fleire byar var blitt frigjorde frå sharia og det vart gjennomført eit val av ny president.

No er det langt mellom optimistane, og mange flyktar bort frå heimane sine.

AFP_1GM2VT

Ein flyktningleir har oppstått ved byen Faladie, utanfor Malis hovudstad Bamako. Fulanerar har flykta sørover og bur i flyktningleire med veldig dårlege levetilhøve.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Ein flyktningleir har oppstått ved byen Faladie, utanfor Malis hovudstad Bamako. Fulanerar har flykta sørover og bur i flyktningleire med veldig dårlege levetilhøve.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar har 107.000 maliarar flykta internt i landet, medan 138.000 har flykta til nabolanda.

Også i Niger og Burkina Faso er det mange internflyktningar, og tala aukar stadig. I Burkina Faso var det 47.000 internflyktningar ved nyttår. No er det 170.000.

På sju år har idylliske Sahel gått frå å vere ein roleg del av verda til å vere prega av terrorgrupper, etnisk vald og folk på flukt.

I Mali, Burkina Faso og Niger er folk tvungne til å fortsette med sine kvardagar.

Framleis er det flest av dei fredelege dagane, men farane lurer overalt.

Kjelder: Africa Center for Strategic Studies og FN