Den danske valkampen er godt i gang etter at statsminister Helle Thorning Schmidt i førre vekke offentleggjorde at valet i Danmark blir den 18. juni.
Veldig tett valkamp
På meiningsmålingane er det så tett som det kan bli mellom venstre- og høgresida av dansk politikk.
Opposisjonens statsministerkandidat Lars Løkke Rasmussen har ei knapp leiing på dei fleste målingane.
- NRK I DANMARK:
Men denne veka vann statsminister Thorning Schmidt ei måling. Og det gjorde ho fordi det grøne partiet «Alternativet» kom seg over sperregrensa på to prosent.
Overskrifter verda over
Ein annan som stiller til val som statsministerkandidat, i alle fall ifølgje seg sjølv, er 51 år gamle John Erik Wagner. Men sjølv om han prøver hardt, så kan ein allereie no slå fast at han ikkje kjem til å ta selfie med Obama med det aller første.
For i Danmark er det ingen som reiser seg i begeistring for Wagner, som stiller til val som folketingskandidat for partiet «Vælferdslisten» i København kommune. Han er såpass ukjent i Danmark at Ekstra Bladet har døypt han til «Poul Erik» i deira omtale av penisplakaten.
- LES OGSÅ:
Den ukjente politikaren er likevel den som har klart å kapre flest overskrifter i internasjonal presse. Daily Mirror, Huffington Post, The Guardian, svenske Expressen, nederlandske NU og no også norske NRK har skrive om Wagner.
Men kor mange som kjem til å stemme på Wagner er ikkje kjent sidan han ikkje har mange nok støttespelarar til å kome inn på meiningsmålingane. Og Facebook-sida hans har i skrivande stund berre 429 følgarar.
Men trass den manglande støtta er Wagner tydelegvis ganske nøgd med mediemerksemda:
Mange vil ha bort plakaten
Valplakaten har skapt debatt i København der fleire meiner at det ikkje passar seg med ein penis i gatebiletet.
Men København kommune har gitt valplakaten grønt lys, så lenge den ikkje bidreg til å skape trafikkfarlege situasjonar.
Wagner sine stunts er inga ny greie i dansk politikk. Han har tidlegare vore kjent for å vandre rundt i cowboyklede, og i førre valkamp sykla han rundt med plakatar av søte apekattar.
Då var det dyrevelferd som var hans kampsak. Kva kampsak årets valplakat skal formidle er derimot meir uklart.