Hopp til innhold

Dansk val 18.juni

KØBENHAVN (NRK): – Tida er inne. No er det opp til danskane. Eg har difor innstilt til hennar majestet Dronninga at det vert skrive ut val til Folketinget den 18. juni, sa statsministeren på ei pressekonferanse frå Speilsalen i Statsministeriet i dag.

Helle Thorning-Scmidt i dag i København

Danmark girar seg opp mot demokratiets fest. Spenninga er utløyst og ein intens tre vekers valkamp for Danmarks fire neste år er i gang.

I Danmark står statsministeren fritt til å lyse ut val når som helst undervegs i den fire år lange regjeringsperioden, og etter lang tids spekulasjon vart valet utlyst i føremiddag.

– Danmark vart hardare ramma av finanskrisa enn andre land fordi gode tider vart brukt dårleg, sa Thorning-Schmidt i talen der ho summerte opp sine snart fire år som statsminister.

Etter fire år med sosialdemokratisk styre meiner ho ikkje overraskande at landet er på rett kjøl, og ber danskane om å stille seg to val; Korleis sikre ein berekraftig velferdsstat? Og kven vil dei ha som statsminister?

Lars Løkke Rasmussen

RASKT UTE: Opposisjonsleder Lars Løkke Rasmussen gikk ut i gatene for å møte velgere.

Foto: AndersTvegård / nrk

Velferdsoffensiv mot dårlege meiningsmålingar

Rykta som har svirra dei siste vekene auka i går då Thorning-Schmidt og Morten Østergaard, leiar for det sosialliberale Radikale Venstre, presenterte eit nytt velferdsprogram i går, "Danmark på sikker vej". 39 milliardar danske kroner ligg i denne potten til helse- og omsorgssektoren fram til 2020.

Likevel, meiningsmålingane spår nederlag for den statsministeren som representerer Socialdemokraterne. Trass i framgang for partiet sidan nyttår, med ein stor offensiv, har regjeringspartnaren Radikale Venstre gått tilsvarande tilbake, ifølge Politiken.

Thorning-Schmidt si venstreblokk ligg difor for augeblikket på 45,6 prosent, medan tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussen og hans Venstre ligg på 54,3 prosent ifølge ei fersk måling frå Ritzau.

Helle Thorning-Schmidt

UTLYSER VAL: Helle Thorning-Schmidt har i dag lyst ut folketingsval.

Foto: Henning Bagger / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt