Hopp til innhold

No leiar ho den danske valkampen

For første gong i valkampen er det raudt fleirtal på ei måling. Statsminister Helle Thorning-Schmidt har dermed ei overtak på konkurrenten Lars Løkke Rasmussen.

DENMARK-POLITICS-VOTE

Den danske veljarmassen går stadig meir mot venstre, og statsminister Helle Thorning-Schmidt vert stadig sterkare i kampen mot Lars Løkke Rasmussen og hans borgarlege blokk. Her er dei to med i ein TV-sendt debatt i København i går.

Foto: KELD NAVNTOFT / Afp

På målinga, som Voxmeter har utført, får dei raude partia 50,5 prosent oppslutning, medan dei blå får 49,1 prosent.

Det betyr at venstresida i dansk politikk får 89 mandat, medan den blå høgresida får 86.

Statsministeren og støttespelarane har ikkje hatt fleirtal på ei Voxmeter-måling sidan november 2013.

Det er Thorning-Schmidt sitt parti, Socialdemokraterne, som får mest støtte med 26,8 prosentpoeng. Opposisjonsleiar Lars Løkke Rasmussen, og hans «høgreparti» Venstre, får 21,2 prosentpoeng.

Det raude fleirtalet vert sikra av småpartiet «Alternativet», som for første gong på ei Voxmeter-måling hamnar over sperregrensa på to prosent, og får difor med seg fire ekstra mandat.

Også i helga kom det meiningsmålingar som gjekk i Thorning-Schmidt sin favør. Ei måling som vart utført for Politiken og dansk TV2 viste at dei raude partia fekk 48,8 prosent og 89 mandat, mot dei borgarlege sine 51,2 prosent og 90 mandat.

Ei anna måling, utført for nyheitsbyrået Ritzau, viste nærast dødt løp mellom dei to blokkene, med berre nokre få desimal overvekt til høgresida.

Thorning-Schmidt utlyste val førre veke. Danskane skal velje nytt Folketing 18. juni.

SISTE NYTT

Siste nytt