Hopp til innhold

Vil betale for Mexico-mur med narkopengar

Den republikanske senatoren Ted Cruz vil bruke formuen til den fengsla narkokongen «El Chapo» til å finansiere muren Donald Trump vil ha på grensa til Mexico.

Ted Cruz, Claire McCaskill, Bob Corker

Ted Cruz vil finansiere muren mot Mexico med pengane til den meksikanske narkokongen «El Chapo».

Foto: Susan Walsh / AP

Mexico-muren, og at Mexico sjølv skulle betale for muren, var ein av Donald Trump sine kampsaker før presidentvalet. Etter tre månader ved makta har ikkje arbeidet kome i gang, og det er betydeleg skepsis til planen blant dei folkevalde på Capitol Hill.

Ted Cruz var lenge den sterkaste motkandidaten til Trump som republikansk presidentkandidat. Han er ein av få representantar frå grensestatane mot Mexico som ope har gått ut og støtta planen om ein grensemur.

Utsette plan

El Chapo overført til USA

Joaqin «El Chapo» Guzman vart overført til eit amerikansk fengsel i januar i år.

Foto: Handout / AFP

Senatet og Kongressen utsette tysdag ein plan om å løyve 1,4 milliardar dollar til bygging av muren og til andre tryggingstiltak langs grensa.

No kjem altså Ted Cruz med forslag om ei løysing. Ifølgje den spanske avisa El Pais har han lansert ideen om at verdiane det er teke beslag i etter arrestasjonen av den meksikanske narkokongen Joaqin «El Chapo» Guzman, rundt 14 milliardar dollar, skal brukast til dette formålet.

14 milliardar dollar svarar til 120 milliardar norske kroner.

– 14 milliardar dollar vil langt på veg finansiere ein mur som vil gjere livet tryggare for amerikanarar og hindre den illegale trafikken av narkotika, våpen og menneske over den sørlege grensa vår, seier Ted Cruz i ei skriftleg fråsegn.

Overført til USA

Donald Trump

Donald Trump vil ha mur på grensa til Mexico, og han vil at Mexico skal betale.

Foto: Jim Lo Scalzo / AP

Ted Cruz, som sjølv er etterkomar av kubanske immigrantar, viser til at den amerikanske regjeringa har starta arbeidet med å krevje inn verdiane som den illgjetne narkotikakongen «El Chapo» skaffa seg.

Den tidlegare leiaren for det såkalla Sianola-kartellet vart overført frå Mexico til USA i januar, etter at han greidde å flykte frå to meksikanske fengsel. Han er internert på eitt av dei mest flukt sikre fengsla i USA, der han ventar på at saka mot han skal kome opp.

Tiltalen mot han er venta å innehalde alt frå ulike narkotikabrotsverk til fleire drap. Han er venta å bli dømd til livsvarig fengsel.

Han er ikkje nøgd med forholda i fengselet, og advokaten hans har levert inn klage til amerikanske styresmakter.

Eventyrleg rik

Då han var på høgda av makta si var Joaqin «El Chapo» Guzman leiar for det største narkotikakartellet i verda. Han var eventyrleg rik, og pengane tente han i hovudsak på å smugle narkotika frå Sør-Amerika til USA.

Du kan lese den utrulege historia om «El Chapo» her: Slik ble «El Chapo» større enn Escobar og Capone - Urix

Delstaten Sinaloa er etter arrestasjonen av «El Chapo» ramma av ei alvorleg valdsbølgje. Over 500 menneske er drepne der hittil i år, i det som verkar som å vere ein krig mellom ulike fraksjonar som kjempar om kontrollen over dei lukrative smuglarrutene til USA.

SISTE NYTT

Siste nytt