Hopp til innhold

Isen i Antarktis smeltar frå undersida

Varmare vatn er blitt ei stadig større utfordring for dei enorme isbremmane i Antarktis. Forskarane har registrert ei overraskande endring dei siste åra – i negativ retning.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Forskarar frå mange land følgjer spent med på korleis isbremmane som flyt langs kysten i Antarktis endrar seg. Dersom dei blir tynnare og svakare, kan det vere eit stort problem.

No kan ei gruppe forskarar presentere ny informasjon om tilstanden til ein enorm isbrem i det norske området Dronning Maud Land.

Fimbulisen, isbrem i Dronning Maud Land, Antarktis

Isbremmen Fimbulisen flyt på havet i Dronning Maud Land i Antarktis.

Foto: Julius Lauber / Norsk Polarinstitutt

Det skjedde i markant endring i 2016, ifølgje ein av forfattarane bak ein ny rapport, oseanograf Tore Hattermann ved Norsk Polarinstitutt.

Han er prosjektleiar for overvakinga på Fimbulisen, og har følgt prosjektet frå start.

Varmare hav

– Sidan 2016 har innstrøyminga av varmt vatn auka. Det varme vatnet, djupt nede i havet utanfor kysten, har i større grad komme inn under isbremmen og ført til at isen smeltar frå undersida, seier han.

I 2009/2010 sette dei ut måleinstrumenta. Etter 13 år kan dei no leggje fram resultata frå det som er ein av dei lengste måle-seriane som er gjennomført langs kysten i Antarktis.

Arbeid på Fimbulisen i Dronning Maud Land, Antarktis

Utstyr som blant anna måler temperatur og havstraumar blir sendt ned gjennom isen på ein stad der isbremmen er ca. 400 meter tjukk. Under isen er det rundt 500 meter ned til havbotnen. Instrumenta blei plasserte rundt 10 meter under isbremmen, og 30–50 meter over havbotnen.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Rapporten er laga av forskarar frå Norsk Polarinstitutt i samarbeid med kollegaer frå Universitetet i Bergen, og blei presentert i det internasjonale tidsskriftet Nature Geoscience torsdag.

– Temperaturen i vatnet under isen er i periodar høgare enn smeltepunktet. Enkel fysikk fortel oss at det fører til smelting, seier Hattermann.

Oseanograf Tore Hattermann, Norsk Polarinstitutt

Tore Hattermann er leiar for oseanografiseksjonen ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Forskarane meiner dette har samanheng med at sirkulasjonen nede i havet har endra seg. Vestavindane rundt kontinentet har blitt sterkare, noko som fører til at det varme vatnet kjem nærare kysten.

Dette skjer parallelt med at det er betydeleg mindre sjøis utanfor kysten av Dronning Maud Land. Det ser ut til å ha ein forsterkande effekt, ifølgje forskarane.

Is utover havet

Nesten heile det antarktiske kontinentet er dekt av is. Det stikk opp nokre fjelltoppar her og der, elles er alt kvitt. Ute ved kysten, der innlandsisen møter havet, held isen fram i form av isbremmar som flyt på vatnet. Dei er som eit «belte» rundt heile kontinentet.

Dei er eit resultat av at innlandsisen på kontinentet heile tida bevegar seg sakte utover mot havet. Rundt ti prosent av isen i Antarktis er isbremmar.

Om vatnet blir varmare, også inne under isen, kan det føre til at isbremmane blir tynnare. Då vil dei gi mindre motstand, slik at innlandsisen kan strøyme raskare ut i havet. Det kan føre til auka havnivåstiging. Derfor er det så viktig for forskarane å følgje med på dette.

Dersom havet stig vesentleg meir enn i dag, vil det kunne få store konsekvensar over heile verda.

– Viktig signal

– Målingane er eit signal om at Aust-Antarktis kanskje ikkje er så stabilt kaldt som vi har trudd. Også andre funn tyder på det same. Varmt vatn rundt kontinentet kjem nærare inn mot kysten og påverkar isbremmane. Vi trur denne utviklinga vil bli forsterka som følgje av global oppvarming, seier Hattermann.

Les også Antarktis «reparerer» ikke seg selv lenger

Keiserpingviner på isflak i Antarktis

Dei siste månadene har det komme fleire rapportar om korleis varmare hav har ført til langt mindre havis i vestre delen av Antarktis, i området ved Antarktishalvøya.

I sommar (vinter i Antarktis) har isnivået vore det lågaste som er registrert på denne tida av året sidan målingane starta for 45 år sidan. Is som er «borte» tilsvarar eit område like stort som Argentina.

Les også Massedød hos keiser­pingviner i Antarktis

Keiserpingvin-unger står samlet i en koloni ved Bellinghausen-sjøen i Antarktis.

Dette er ei utvikling Tore Hattermann og kollegaene hans følgjer med stor interesse. Men i den kommande sommarsesongen er det nok ein gong situasjonen i Aust-Antarktis dei fokuserer mest på.

Mot slutten av året, når det igjen er sommar i Antarktis, er dei tilbake på Fimbulisen for å setje ut nye riggar som skal hente opp data frå havet under isen. Då skal British Antarctic Survey og fleire andre forskingsinstitusjonar delta.

Fimbulisen i Dronning Maud Land i Antarktis.

Fimbulisen ligg i Dronning Maud Land, nord for forskingsstasjonen Troll.

Illustrasjon: Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.