Hopp til innhold

Utviklingsland vil forske meir på «klimafiksing»

Forskarar i utviklingsland planlegg å trappe opp forskinga på såkalla «klimafiksing». Tanken er å «dimme sola» for å bremse klimaendringane.

dawn sun . fog dawn sun . fog

Tåke gir mindre innstråling frå sola. Ein liknande effekt lenger oppe i atmosfæren kan bremse global oppvarming, meiner forskarane.

Foto: Colourbox

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Forskarane vil finne ut om ei løysing med «kunstig, kjemisk solskjerm» kan vere mindre farleg enn ein skadeleg auke i dei globale temperaturane.

I dag er det rike land, og kjende universitet som Harvard og Oxford, som er leiande i forskinga på det som internasjonalt blir kalla «solar geoengineering», eller «klimafiksing» ved hjelp av sola.

Metoden går ut på å skape noko som liknar på eit vulkanutbrot, og «maskere» sola med eit slør av oske.

– Utviklingslanda må vere leiande

Tolv forskarar frå fleire land, mellom andre Bangladesh, Brasil, Kina, Etiopia, India, Jamaica og Thailand, skriv i magasinet Nature at det er dei fattige som er mest utsette for effekten av global oppvarming, og at dei derfor må vere meir involverte i å finne teknologiske løysingar.

«Utviklingslanda må vere leiande i dette forskingsarbeidet», skriv dei.

– Den overordna ideen er temmeleg sprø, men den slår meir og meir rot blant internasjonale forskarar, seier ein av forfattarane, Atiq Rahman til nyheitsbyrået Reuters. Han er leiar for Bangladesh Centre for Advanced Studies i Dhaka.

INDONESIA-VOLCANO-BARUJARI

Ved å etterlikne vulkanar trur forskarane at jorda kan bli kaldare.

Foto: PIKONG / Afp

Inviterer forskarar

No kan dette forskingsarbeidet få ein ny giv. Eit prosjekt som har budsjett på over tre milliardar kroner, Solar Radiation Management Governance Initiative (SRMGI), inviterer denne veka forskarar til å ta kontakt om dei vil vere med på prosjektet.

Forskarane skriv i Nature at SRMGI er finansiert av Open Philanthropy Project, ei stifting som er støtta av Dustin Moskovitz, ein av grunnleggjarane av Facebook, og kona hans, Cari Tuna.

Fondet kan hjelpe forskarar i utviklingsland med å studere regionale verknader av «solblending», som tørke, flaum eller monsunar, ifølgje ein av dei andre forfattarane, Andy Parker, som er prosjektdirektør i SRMGI.

Kontroversiell teknikk

Atiq Rahman seier at forskarane ikkje tar stilling til om eit slikt klimatiltak vil fungere. Ein av ideane er å la fly sprøyte ut skyer av reflekterande svovelpartiklar høgt oppe i atmosfæren.

«Teknikken er kontroversiell, og det med rette. Det er dessutan for tidleg å slå fast korleis effekten vil bli – det kan vere svært nyttig eller svært skadeleg», skriv forskarane i artikkelen.

Eit FN-panel med klimaekspertar skriv i ein rapport at dei er skeptiske til denne løysinga, og meiner ho kan vere umogeleg å gjennomføre ut frå ei økonomisk og samfunnsmessig vurdering.

The Sunshade Option

– Når rike land ikkje greier å kutte i utsleppa, som dei har lova, er det naturleg å sjå etter meir radikale løysingar, meiner Atiq Rahman ved Bangladesh Centre for Advanced Studies i Dhaka.

Foto: David J. Phillip / Ap

– Må sjå etter radikale løysingar

Rapporten skal etter planen offentleggjerast i oktober, men Reuters har fått tilgang til utkastet.

Ifølgje utkastet kan «klimafisking» forstyrre naturlege vermønster, prosessen kan vere vanskeleg å stoppe når han først er sett i gang, og konsekvensen av tiltaket kan bli at land som har lova å ta i bruke rein energi, droppar planane sine.

Likevel seier Rahman at dei fleste rike landa har «mislukkast fundamentalt» i å innfri løfta sine om å kutte i utsleppa av klimagassar.

– Dette har gjort det meir attraktivt å sjå etter meir radikale løysingar, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt