Hopp til innhold

Sjå månen slik du aldri har sett den

Ein ny video frå NASA syner spektakulære bilete av månen si overflate. Dei detaljerte bileta er tekne frå eit område som er nesten like stort som Australia.

Video Detaljerte bilete frå månen

Måne-bileta viser detaljer som aldri før har vore synlege. Denne animasjonen er ein rekonstruksjon basert på bileta fra LROC-satellitten.

Sjølv om månen har vore populær blant fotografane også tidlegare, er dette prosjektet, som er gjort av Lunar Reconnaissance Orbiter Camera (LROC), av ein heilt annan målestokk.

Høg oppløysing

Heile 5,7 millionar kvadratkilometer av månen er fotograferte av satellitten, eit område som svarar til nesten heile Australia. Oppløysinga er imponerande høg. Kvar piksel på bileta svarar til 45 centimeter på månen. Nok til å få auge på detaljar som aldri før har vore synlege frå ovan.

– Med denne oppløysinga kan me enkelt få auge på eit piknik-bord på månen, seier Richard Vondrak, som er vitskapsmann på NASA-prosjektet.

Prosjektet har vore svært vellukka, og har ført til at det avanserte kamera har teke 50 prosent fleire bilete enn det som var planlagt.

Mykje å forske på

LRO-prosjektet var meint å overvake spesifikke stadar på månen, om samtidig gjere globale målingar.

– Det er designa til å sjå ned på månen heile tida, og dei fleste instrumenta samlar data heile tida. Dette har gitt oss omfattande kunnskap om månen som me aldri før har hatt, seier Vondrak.

Dette er ikkje det siste prosjektet frå LRO. No skal dei gå i gang med å analysere det omfattande biletmaterialet.

– Ikkje berre har me oppnådd alt dette i løpet den første fasen i prosjektet, men me har to år med spennande forsking igjen, seier Vondrak.

SISTE NYTT

Siste nytt