– Dette er ei fantastisk kjensle, seier den svensknorske astronauten Marcus Wandt.
Etter nesten 37 timar i rommet, var romkapselen han og tre andre astronautar var med i, framme ved den internasjonale romstasjonen.
Tilkoplinga til romstasjonen var ferdig og vellykka klokka 11.56 norsk tid laurdag.
Litt over halvannan time seinare var Wandt og resten av laget på plass i romstasjonen.
– Oppskytinga var fantastisk. Eg har aldri opplevd noko liknande, seier den svensknorske astronauten.
Mora til astronauten, Anne-Torin Wandt Lynne, som bur i Gjøvik, følgjer godt med på kva sonen opplever. Ho synest det som har skjedd er «veldig moro».
– Moro for han, alle, foreldre, broren, kona, familien. Vi er veldig glade for at det har gått bra og han ser ut til å vere i god form, smiler og ler, seier mora til NRK på telefon frå USA der ho også fekk følgje med på oppskytinga.
Konkurrerte med over 20 000
Det var klokka 22.49 torsdag kveld at Falcon 9-raketten vart skote ut frå Kennedy Space Center i Florida.
Sjå den spektakulære oppskytinga her:
Marcus Wandt er svensk, men har både svensk og norsk statsborgarskap. Mora hans er frå Toten.
– Spør du ho, så er eg ganske mykje norsk, men også om du spør meg, fortalde han tidlegare til NRK.
For rundt to år sidan fann han ut at han ville bli astronaut. Wandt har bakgrunn som jagarflygar i det svenske luftforsvaret.
Då han såg at European Space Agency søkte nye astronautar, så søkte han. Han konkurrerte då med over 22 500 andre og vart først plassert som reserve-astronaut. Men så dukka dette oppdraget opp, der han fekk moglegheita.
Uredd
Astronaututdanninga og opplæringa for oppdraget har han gjort på berre åtte månader.
Tidlegare i veka sa han at han ikkje har vore redd i forkant av oppskytinga.
– Eg gler meg verkeleg. Eg har ikkje grudd meg så langt. Det finst ein liten nervøsitet her, men den er positiv. Når ein har førebudd noko i lang tid, og veldig intensivt, så kjenner ein at «nu er det dags», sa Wandt til NRK.
Første nordmann i rommet
Laget til Wandt deltek i eit oppdrag som har fått namnet Axiom 3. Dei skal mellom anna forske på såkalla romsjuke og stamceller.
– Eg er stolt av å representere Sverige og Europa, sa Wandt frå romstasjonen laurdag ettermiddag.
Han er den tredje svensken i rommet, men den første med norsk statsborgarskap i verdsrommet.
NRK-journalist og romfartsekspert Hallvard Sandberg fortalde til NRK Innlandets ettermiddagssending at oppskytinga var rutineprega.
– SpaceX har jo vorte kjempeprofesjonelle med det å få menneske ut i rommet og få last ut i rommet. Dei er jo den totalt dominerande aktøren på planeten, sa han.
– Dei skyt jo nesten opp hundre rakettar i året, berre tenk på det. Det er mykje, mykje meir enn alle dei andre til saman. Så det var heilt profesjonelt.
Han sa det er heilt spesielt at det er ein svensknorsk om bord.
– Det er jo heilt, heilt spesielt. Det er jo den første nordmannen, han har pass, han har stempel i panna, er norsk statsborgar, så han er norsk eigentleg. Så har han då teke den plassen som første nordmann i rommet.
– Den plassen er teken, det er gjort. Den er skriven i historiebøkene, og ingen andre kan nokosinne komma og seia «Eg var første nordmann i rommet».