Erdogan skuldar USA for å dolke Tyrkia i ryggen

ISTANBUL/OSLO (NRK): Tyrkiske lira held fram med å falle i verdi. Regjeringa kjempar for å hindre eit valutasamanbrot, medan presidenten skuldar på USA.

Vekslekontor i Istanbul

Tyrkarane må betale stadig meir for utanlandsk valuta. Måndag kosta ein amerikansk dollar over sju tyrkiske lira.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

– Først blir du ein strategisk partnar, så skyt du partnaren din i foten, sa president Recep Tayyip Erdogan måndag.

Presidenten sikta til at USA både har sett i gang sanksjonar mot tyrkiske ministrar og auka tollen på stål og aluminium. På denne måten vil USA presse Tyrkia til å setje fri den amerikanske pastoren Andrew Brunson.

– Det er inga truverdig forklaring for å ta ei så fiendtleg haldning til ein alliert, sa Erdogan, og minna om at både Tyrkia og USA er medlemmar av NATO.

Erdogan

Ifølgje Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan står USA bak eit komplott for å øydeleggje tyrkisk økonomi.

Foto: Kayhan Ozer / AFP

Kraftig fall

Doblinga av tollen på stål og aluminium fekk det tyrkiske valutafallet til å skyte fart før helga. Den tyrkiske liraen er halvert i verdi sidan starten av året, og er på eit rekordlågt nivå.

Hovudgrunnen er den økonomiske politikken til president Recep Tayyip Erdogan og amerikanske sanksjonar. På børsane i Asia held verdifallet fram måndag. Ein amerikansk dollar kostar no over sju lira.

No seier den tyrkiske sentralbanken at dei vil bruke alle tilgjengelege verkemiddel for å redde den tyrkiske økonomien. Dei lovar at bankane skal få den hjelpa dei treng, men dei vil truleg ikkje setje opp renta, noko økonomar meiner kunne ha verka stabiliserande.

På søndag sa Erdogan at det var uaktuelt å heve rentene. Han oppmoda i staden tyrkarar veksle inn dollar til lira for å styrke valutaen på den måten.

Taper pengar

Den svekte valutakursen får konsekvensar for vanlege tyrkarar, som får dårlegare råd når pengane deira blir mindre verde. NRK møter Gülar Dere som driv ein brudekjolebutikk i Istanbul. Ho seier det blir vanskeleg når kundane ber om rabattar.

– Vi kjøper varene våre i amerikanske dollar. Og no kan vi ikkje kjøpe nye varer. Kundane våre ber om avslag i prisen, men dersom vi gir dei det, kjem vi til å tape pengar.

Den økonomiske situasjonen gjer at folk i Tyrkia er usikre og redde. Mange tyrkarar meiner det no er tryggare å ha gullsmykke enn tyrkiske lira.

– Sjølvsagt. Gull er ei god investering om held seg i pris over tid, seier gullhandlaren Hassan Tavez til NRK.

Gullhandler Hassan Tavez i Istanbul

Gullhandlar Hassan Tavez seier at mange tyrkarar vel å ha verdiane sine i gull i staden for i lire.

Foto: NRK

Skal etterforske kontoar

Tyrkiske styresmakter skal ifølgje nyheitsbyrået Reuters undersøke om det er sett i gang ein svertekampanje mot den tyrkiske valutaen på sosiale medium.

Innanriksdepartementet seier dei har innleia etterforsking av 346 kontoar på sosiale medium. Desse kontoane skal ha lagt ut meldingar som styresmaktene meiner kan ha påverka valutakursen. Dei utelukkar ikkje at dei kan kome til å forfølge kontoane rettsleg.

Også statsadvokaten i Istanbul og det tyrkiske finanstilsynet seier dei vil gjennomføre liknande undersøkingar.

SISTE NYTT

Siste nytt