Hopp til innhold

Trur at Trump aksepterer etterretningsfunn om russisk hacking

Påtroppande stabssjef for Det kvite hus, Reince Priebus, seier til Fox News at han trur at Donald Trump tek informasjonen han har fått frå landets etterretningssjefar på alvor.

Donald Trump, Michael Flynn og Reince Priebus

Reince Priebus (t.h) er ein av Trumps meir tradisjonelle utnemningar. Han har til no vore leiar av Republikanaranes nasjonalkomité.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Trump har lenge nekta for påstandane om russisk inngripen i det amerikanske presidentvalet. Det gjorde han også etter at han fredag blei briefa av landets etterretningsleiarar, som er klare i sin dom.

Dei slår fast at Russland står bak hackinga av e-postar i det demokratiske partiet som dei meiner kan ha fått følger for resultatet i presidentvalet i november. I tillegg skal Russland ha prøvd å påverke gjennom spreiing av falske nyheiter. Fredag kunne dei legge til at dei meiner ordren kom frå president Vladimir Putin sjølv.

Donald Trump tok framleis til orde for ei opptining av forholde til Russland i går på sin foretrukne plattform, Twitter;

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Priebus: – Ikkje noko nytt

Påtroppande stabssjef i Det kvite hus, Reince Priebus, kunne til Fox News søndag fortelje at han trur Trump tek informasjonen til etterretning, skriv The Hill.

– Men det er noko alle må forstå – russarane starta med dette for 50 år sidan ... Dette er noko som har skjedd under vala våre i mange, mange år.

Han meiner at det i dette tilfelle starta allereie i 2015, før verken Trump eller Clinton var nominerte, og kritiserer til liks med Trump også det demokratiske partiet for deira mangel på IT-forsvar. Han hevdar dei blei varsla fleire gonger av FBI utan å reagere.

Priebus legg til at «dei kan kome til å gjere noko» som svar på hackinga. Han seier at Trump vil be om tilrådingar frå etterretningsmiljøet om dette. I går blei det kunngjort at Trump har utpeika tidlegare Indiana-senator Dan Coats som ny etterretningssjef – i motsetning til fleire andre Trump-utnemningar er Coats kjend som Russland-kritisk.

Denne veka startar Kongressen med sine høyringar for å godkjenne utnemningane til Trump-administrasjonen, trass i at fleire bakgrunnsjekkar gjenstår. Fleire demokratar har bedt om å vente med høyringane til iallefall skattemeldingar og grunnleggande etikkvurderingar er på plass, skriv New York Times, og viser til at dette er vanleg prosedyre.

Skepsis frå begge leirar rundt forholdet til Russland

Funna om russisk hacking har ikkje gjort det anstrengde forholdet mellom USA og Russland mindre spent. Fleire har dratt parallellar til den kalde krigen, og parallellen blei endå tydelegare då både Putin og Trump uttala seg om atomopprustning før jul.

Etterretningshøyring i Senatet

Eit samla etterretningsmiljø er overbevist om Russland si innblanding i det amerikanske presidentvalet. Her er Marcell Lettre II, viseforsvarsminister ansvarleg for etterretning, James Clapper, nasjonal etterretningssjef, og Michael Rogers, sjef for NSA (National Security Agency) i ei senatshøyring 5.januar 2016.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Trass i at Russland-vennlege Trump tek over styringa 20. januar, trur verken demokratane eller republikanarane i etterretningskomiteen i Representantanes hus at Russland kan bli ein alliert av USA med det første. Devin Nunes, Republikanaranes leiar av komiteen, sa til Fox News søndag at han gjerne skulle sett ein betring i forholdet til Russland, men at han ikkje veit om det er mogleg.

Den demokratiske leiaren for komiteen, Adam Schiff, kom med tilsvarande tonar i eit intervju med CNN, og sa at å sjå Russland som ein alliert «ikkje er realistisk, og at vi må vere klarøygde og edruelege når det gjeld kva Russland er».

SISTE NYTT

Siste nytt