Det var ein svært så offensiv Vladimir Putin som på eit møte i det russiske forsvarsdepartementet i dag varsla ei kraftig forbetring av det russiske atomvåpenforsvaret. Han sa blant anna at dei russiske rakettane skal kunne trengje gjennom
.Trump og Putin lovar å ruste opp atomforsvaret i USA og Russland. Biletet viser ein amerikansk LGM 30G-Minuteman III-rakett.
Foto: Ho / AFPPutin sa dette etter ei orientering av forsvarsminister Sergej Sjojgu, der han ha gjorde det klart at USA rustar opp atomprogrammet sitt på ein liknande måte.
– Til verda kjem til fornuft
Det tok ikkje lang tid før USAs påtroppande president Donald Trump svarte på Twitter:
«USA må styrkje kraftig og utvide sin kjernefysiske kapasitet heilt til den tida kjem at verda kjem til fornuft når det gjeld atomvåpen».
Amerikanske Arms Control Association opplyser at USA har 7100 atomvåpen, medan Russland har 7300.
Vladimir Putin sa på møtet i Kreml i dag at Russland ikkje står tilbake for noko anna land når det gjeld forsvar, og at Russland heller ikkje fryktar andre land sine militære styrkar.
– Dialogen er frosen
Kreml-talsmann Dmitrij Peskov sa til Mir TV i dag at omtreng all dialog mellom Russland og USA no er frosen.
– Vi kommuniserer ikkje med kvarandre, eller vi gjer det minimalt, sa Peskov blant anna. Talsmann for amerikansk UD, John Kirby, avviser dette. Han viser til at dei to landa har diplomatisk samband på ei rekkje område.
– Det er ikkje tvil om at det er stor usemje mellom oss og Moskva på fleire område, men det er ikkje snakk om brot i dialogen, seier han.
VIDEO: Sjå intervjuet med Jens Stoltenberg
– Betydeleg opprusting
I eit intervju med Dagsrevyen i kveld vart Nato-sjef Jens Stoltenberg spurt om vi no kan stå overfor ei kraftig oppbygging av atomarsenala i verda.
– Vi har sett over lang tid ei betydeleg opprusting i Russland. Vi ser også at ein auke i retorikken, og at dei brukar atomvåpen som trussel. Og det viktigaste som har skjedd er at dei har brukt militær makt mot eit naboland, sa han blant anna.
Stoltenberg gjorde det klart at Nato ikkje ynskjer ein kald krig, men vil ha dialog med Russland. Han sa også at USA er villig til å kutte meir i atomvåpena, dersom Russland gjer det same.
– Framtida er meir usikker, meir uforseieleg. Men vi må jobbe for at det skal bli betre. Eit sterkt Nato, som også er ope for dialog, er ein god start, sa Stoltenberg i intervjuet.