Hopp til innhold

Trump tar Wisconsin-valet til høgsterett

Trump-kampanjen ber USAs høgsterett omstøyte avgjerdene til lågare domstolar når det gjeld presidentvalet i Wisconsin.

President Donald Trump i bil på vei fra golf i West Palm Beach i Florida 29. desember 2020

VALDE GOLF: President Donald Trump på veg attende frå golfbanen i Florida tysdag. Han vil framleis ikkje erkjenne at han tapte valet.

Foto: Patrick Semansky / AP/NTB

Først og fremst vil kampanjen til president Donald Trump at høgsterett skal omstøyte ei rettsavgjerd der høgsterett i delstaten Wisconsin avviste eit søksmål mot valresultatet i staten.

Joe Biden fekk 21.000 fleire stemmer i Wisconsin enn Trump. Presidenten sine støttespelarar vil endre resultatet ved å få forkasta 220.000 førehandsstemmer i dei to mest demokratisk-dominerte fylka i delstaten.

Grunngivinga er at veljarane ikkje hadde bede på rett vis om å få tilsendt stemmesetlar. Trump sine støttespelarar krev både poststemmer og førehandsstemmer som vart gitt ved personleg frammøte, vert forkasta.

Høgsteretten i Wisconsin avviste søksmålet 14. desember. Denne rettsavgjerda vil kampanjen at den føderale høgsteretten i Washington skal underkjenne.

Har tapt over 50 søksmål

Trump og hans allierte har tapt minst 50 søksmål mot valet i Wisconsin og andre delstatar. Trump sine advokatar har ikkje lagt fram dokumentasjon på det dei hevdar var eit val prega av fusk, mellom anna med «ulovlege poststemmer».

Høgsterett avviste før jul eit liknande forsøk frå Texas på å omstøyte vala i Wisconsin, Pennsylvania, Georgia og Michigan.

Alle delstatane har no sertifisert vala sine og fastslått at Joe Biden vann, sjølv om Trump enno ikkje vil erkjenne at han tapte. Ein siste formalitet står att 6. januar når Kongressen tel opp stemmene til valdelegatane.

LES OG: Trump sparka tryggingssjef som sa valet var godt gjennomført

SISTE NYTT

Siste nytt