Hopp til innhold

Høgsterett avviste siste Trump-søksmål

I USA har høgsteretten avvist søksmålet frå Texas som ville ha valet i fire delstatar kjent ugyldig.

Høyesterettsbygningen i USA

HÅPET UTE: Høgsterett i USA har avvist søksmålet frå Texas om å omgjere valet i fire andre delstatar.

Foto: MANDEL NGAN / AFP/NTB

Søksmålet var støtta av president Donald Trump, halvparten av republikanarane i Kongressen og tilsaman 18 delstatar.

Målet var å få omstøtt valresultatet i Georgia, Pennsylvania, Michigan og Wisconsin. Dei fire delstatane vart alle vunne av demokraten Joe Biden.

Knapp avvising

I ein kort rettsavgjerd seier Høgsterett at Texas ikkje har rettsleg grunnlag for å fremje saka for dei fire andre delstatane.

Høgsterett går altså ikkje inn realitetane i saka, men avviser henne på formelt grunnlag.

Det er ikkje offentleggjort noko stemmetal, og det er heller ikkje gitt opplysningar om nokon av dommarane tok dissens.

Ifølgje CNN er dette eit hardt slag for Trump-leiren. Dei skriv at når sjølv ikkje dommarar som Trump har utnemnd, har interesse av å fremje saka hans, er det lite håp, trass i massivt republikansk press.

I fleire veker har presidenten sine advokatar reist land og strand rundt for å samle støtte for ei lang rad søksmål.

Innsatsen har vore noko hemma av at fleire advokatar har vorte koronasmitta på turneen. Andre advokatar har vore skyvde ut i kulda etter uheldige utsegner.

18 delstatar stilte seg bak søksmålet

Søksmålet frå Texas vart sendt inn tysdag denne veka av Ken Paxton som er justisminister og øvste påtaleansvarlege i delstaten.

Han kravde at millionar av poststemmer i dei fire andre delstatane var ugyldige og måtte forkastast.

Han hevda at dei fire delstatane hadde endra vallovene og utvida moglegheita til å stemme per post på ein måte som var i strid med grunnlova.

Dette skal dei ha gjort ved å bruke koronapandemien som grunngjeving, og det meinte Paxton ikkje var lov.

Ken Paxton

Ken Paxton er øvste påtaleansvarlege i delstaten Texas. Han er mannen bak søksmålet som fekk støtte av 18 delstatar og store deler av det republikanske partiet.

Foto: Jay Janner / AP/NTB

Med på søksmålet fekk Paxton dei 17 andre delstatane der president Trump sigra i valet 4. november.

I Kongressen gav meir enn halvparten av dei republikanske representantane støtte til søksmålet.

President Donald Trump oppmoda og høgsteretten til å kaste ut poststemmene.

Men no har altså Høgsterett svart med å avvise heile søksmålet. Dermed er håpet om å snu valresultatet ute for Trump-leiren.

Biden: – Inga overrasking

Ei talskvinne for Joe Biden seier at det ikkje kjem som noko overrasking at Høgsterett avviste søksmålet.

– Det var eit grunnlaust forsøk på å nekte for at Trump tapte valet, seier ho, ifølgje Reuters.

På måndag skal valmannskollegiet møtest for formelt å velje Joe Biden til den neste presidenten. I kollegiet har Joe Biden sikra seg støtte av 306 valmenn, medan Trump berre har 232.

I valet fekk Biden 81 millionar stemmer, medan Donald Trump fekk 74 millionar stemmer. Begge stemmetala var ny rekord, både for ein sittande president og for ein utfordrar.

Men president Trump har enno ikkje innrømt at han tapte.

SISTE NYTT

Siste nytt