Hopp til innhold

Trump sparka tryggingssjef som sa valet var godt gjennomført

President Donald Trump gjekk i natt ut på Twitter og melde at han har sparka sjefen for byrået for cybertryggleik. Årsaka er at Chris Krebs har sagt at valet vart gjennomført utan juks.

Donald Trump handhelste på Chris Krebs i nov 2018

President Donald Trump takka Chris Krebs i november 2018 i Det ovale kontoret etter at han hadde skrive under på ei ny lov om cybertryggleik i november 2018. Til høgre i bildet står Kirstjen Nielsen som den gong var statsråd for innanlandsk tryggleik.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters/NTB

– Fråsegna frå Chris Krebs om tryggleiken i valet i 2020 var svært unøyaktig, skriv Trump i ei melding på Twitter.

Han kjem vidare med ei rekkje påstandar om at det var mange feil og omfattande juks ved gjennomføringa av valet. Twitter har merka meldinga som omstridd. I ei ny melding gir Trump Krebs sparken med omgåande verknad.

Laster Twitter-innhold

Krebs leidde Cybersecurity and Infrastructure Security Agency (CISA) som hadde ansvaret for datatryggleiken ved valet.

Torsdag uttalte CISA at det ikkje var bevis for at valsystemet hadde sletta stemmer eller at stemmesetlar var tapte, eller at valet hadde vore påverka på noko vis.

– USA, vi har tiltru til tryggleiken til stemma di. Det burde du òg ha, tvitra Krebs.

Biden vann

Demokraten Joe Biden er av media erklært som vinnar av valet 3. november. Den endelege oppteljinga av stemmer er ikkje klar, men det ser ut til at Biden har sikra seg 306 valmenn mot Trumps 232. Det trengst 270 for å vinne.

Republikanarane nektar likevel for resultatet. Presidenten hevdar at det var omfattande valjuks. Dette vert avvist av delstatsstyresmakter, USAs nasjonale valkommisjon og utanlandske valobservatørar.

Trump og støttespelarane hans held fast på at dei vil utfordre valresultatet i rettsvesenet og har fremja søksmål i fleire delstatar. Dei har peikt på det som ser ut til å vere mindre feil i oppteljinga og håpar at omteljing skal vippe resultatet i fleire statar, mellom anna i Georgia og Wisconsin.

Gjentek påstandar

Om lag 20 minutt etter å ha gitt datatryggingssjefen sparken, tok Trump æra for at valet ikkje vart påverkar av utanlandske aktørar. Han gjentok i same omgang fleire udokumenterte påstandar.

– Det einaste sikre med 2020-valet, var at det var praktisk talt ugjennomtrengjeleg for utanlandske makter. Det tek Trump-administrasjonen stor heider for. Uheldigvis hadde venstreradikale Demokratar, Dominion og andre kanskje meir suksess, skriv Trump på Twitter.

Trump har skulda teknologileverandøren Dominion Voting for å slette millionar av stemmer, ein påstand som vert gjenteken på nettet av mange av støttespelarane hans. Selskapet tilbakeviser påstandane og kallar dei «fullstendig falske». Dominion viser òg til at Edison Research har avvist skuldingane.

Chris Krebs, sammen med Kirstjen Nielsen, nov 2018

Chris Krebs vart utnemnd av president Donald Trump som sjef for cybertryggleik i 2018. Før det var han statssekretær i departementet for innanlandsk tryggleik.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters/NTB

Utnemnd av Trump

Krebs vart utnemnd til stillinga av Trump i november i 2018. Han var som sjef for CISA ansvarleg for å sikre infrastrukturen ved valet mot utanlandsk innblanding og juks.

Han har og vore aktiv på Twitter etter valet for å avkrefte påstandar om juks.

– I tilfelle du gjekk glipp av det: Om påstandane om at valsystemet var manipulert, 59 ekspertar på valtryggleik er alle samde om at «i kvart tilfelle vi veit om, er desse påstandane anten ikkje stadfesta eller teknisk usamanhengande», skreiv han på Twitter berre timar før Trump brukte den same plattforma til å offentleggjere oppseiinga.

Laster Twitter-innhold

Gløymde minnekort

Trump sine tilhengjarar legg stor vekt på feil som vert avdekka under omteljinga i delstaten Georgia.

Tysdag sist veke vart det funne 2500 stemmesetlar på eit minnekort i Floyd County. Dei hadde ikkje vore talde med i resultatet.

Denne veka vart det funne nok eit gjengløymt minnekort med 2755 stemmer i Fayette County i den same delstaten. Stemmene vart funne under omteljing, men heller ikkje dei er mange nok til å vippe resultatet i Trump sin favør.

Biden leidde før nyteljinga med 14.000 stemmer over Trump i Georgia. Etter at dei nyoppdaga stemmene frå Floyd County og Fayette County er rekna med, vil marginen vere om lag 13.000 stemmer i Biden sin favør.

I Georgia har fylka frist til midnatt natt til torsdag (torsdag klokka 6 norsk tid) til å fullføre den nye manuelle oppteljinga. Resultatet skal deretter til godkjenning av delstatsstyresmaktene. Dersom marginen framleis er mindre enn 0,5 prosent, kan den tapande parten krevje endå ei omteljing. Det vert i så fall gjort ved bruk av skannarar og vert kosta av delstaten.

SISTE NYTT

Siste nytt