Hopp til innhold

Trump svarer Kim: – Han vil bli testa som aldri før!

USAs president Donald Trump svarar på truslane frå Kim Jong-un med å kalle han ein galning på Twitter.

Kim Jong-un og Donald Trump

STORE EGO: Kim Jong-un har ein slags gudestatus i Nord-Korea. Også Donald Trump har mykje sjølvtillit. Men begge leiarar er relativt uerfarne når det gjeld sikkerheitspolitikk.

Foto: Reuters

Frå talarstolen i FN tysdag, lova Trump å øydelegge Nord-Korea fullstendig, om dei forsøker å angripe USA eller deira allierte i regionen.

– «Rocket man» er på eit sjølvmordsoppdrag for både seg og sitt eige land, sa Trump om Nord-Koreas leder Kim Jong-un.

Ny omdreiing i ordkrigen

Svaret kom kontant. I eit intervju til det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA bad Kim Jon-un Trump om å slutte med å kome med uhøfleg vrøvl.

– Eg vil temme denne sinnsforvirra og senile amerikanaren med eld, sa Kim i pressemeldinga.

Så klokka 12:30 i dag norsk tid kom svaret frå Trump på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Kim Jong-un er ein galning som svelt og drep sitt eige folk, han vil bli testa som aldri før!

Truslane haglar fram og tilbake

Retorikken har spissa seg til etter at Nord-Korea sa dei vil skyte ein rakett med eit atomstridshovud ut i Stillehavet, som svar på at det vart vedteke nye sanksjonar mot regimet i går.

Bakgrunnen for sanksjonane er ei rekke testar av langdistanserakettar og prøvesprenging av atombomber.

Nord-Korea rakett

ROCKET MAN: Kim Jong-un feirar etter ei vellukka rakettoppskyting 4. juli.

Foto: Str / AFP

Det toppa seg da Nord-Korea skaut opp to interkontinentale ballistiske missile som gjekk i bane over Japan og landa i Stillehavet.

Illustrasjon raketter nord-korea

13 TRUSLAR MOT VERDSFREDEN: Alle rakettoppskytingane til Nord-Korea har ført til ein uvanleg røff retorikk mellom Kim Jong-un og Donald Trump. Dei to siste rakettane flaug over Japan. Nå seier Nord-Korea det snart vil kome ein rakett med eit atomstridshovud på.

Foto: NRK

Japan bur seg på atomrakett

Japans forsvarsminister seier at folk nå må vere budde på at det kan kome ein rakett med eit atomstridshovud flygande over Japan.

Berre det at ein stat skyt opp ein atomrakett mot andre land er ein svært alvorleg og uvanleg trussel.

Men sjølv om begge sider nyttar store ord, har dei lite spelerom, sa den amerikanske diplomaten Christopher Hill i eit intervju til NRK. Kim Jong-un har truleg ikkje teknologien som skal til for å forminske ei hydrogenbombe tilstrekkeleg til at den passar på ein langdistanserakett. Enno.

Og skulle Donald Trump angripe Nord-Korea militært, vil Kim Jong-un kunne hemne seg på Sør-Korea. Hovudstaden Seoul, og 20 millionar sivile er innanfor Nordkoreansk artillerirekkevidde.

SISTE NYTT

Siste nytt