Hopp til innhold

– Vanskeleg å forklare atomtrusselen til borna på Guam

På Guam rasar diskusjonen om atomtrusselen frå Nord-Korea. Folk er usikre på hvor farleg situasjonen er. Ekstra vanskeleg er det å forklare borna kva det er som skjer.

Michael Lujan Bevacqua

PROFESSOR: Michael Lujan Bevacqua er professor i Chamorrofolkets kultur og historie. Han fortel folk er vande til truslar frå Nord-Korea, men at Trump sin retorikk gjer folk urolege.

Foto: privat

Professor Michael Lujan Bevacqua fortel på telefon til NRK at han brukte gårsdagen på å snakke med vener, slekt og kollegaer. Diskusjonen har rast på sosiale medium som Facebook og WhatsApp.

Bevacqua tilhøyrar Chamorro-folket på Guam, og underviser på universitetet i urfolkets kultur, språk og historie.

Han fortel det er spesielt vanskeleg å snakke til barna om atomtrusselen. For når han forklarte at både Kim Jong-un og Donald Trump var «atmorio», som betyr gal på Chamorro, så vart borna forvirra.

– Chamorrofolket har ikkje så mange ord som kan beskrive konsept som gal, tankelaus, impulsiv og omsynslaus, så barna forstod ikkje at den ein leiaren kunne vere verre enn den andre.

– Eg forklarte at sjølv om begge leiarar er egoistar som elskar å lyge, så er Kim ein diktator, medan Trump blir vald av folket sitt, fortel han.

– Vande til truslar frå Nord-Korea

Bevacqua fortel at folk på Guam er vande med militære truslar frå Nord Korea, men at det denne gang har ført til meir frykt og frustrasjon.

For vanlegvis kjem truslane berre frå Nord-Korea, no går ordkrigen fram og tilbake, og det gjer folk redde.

– Førre gang dei trua oss, for to år sidan, kom Barack Obama med ein avmålt men fast respons. Denne gangen er det annleis. Det vi høyrer frå Donald Trump er mykje meir aggressivt og omsynslaust, enn det som vanlegvis kjem frå USA, fortel han til NRK.

Kim Jong-un og Donald Trump

ORDKRIG: Det er uvanleg at ein amerikansk president svarar med same mynt som Kim Jong-un. Dette gjer folk på Guam urolege, fortel professor til NRK.

Foto: Reuters

– Folk på Guam føler seg gløymde

Bevacqua fortel at folket på Guam er svært takknemlege for det amerikanske militære nærværet.

Samtidig er dei uroa over at amerikanske medium berre fokuserer på dei amerikanske soldatane på øya.

– Amerikanske journalistar har gløymt at det bur 160.000 sivile her, fortel han.

Og det folk lurer på er om USA verkeleg vil forsvare Guam, eller om dei vil trekke seg tilbake om det blir for farleg.

Bevacqua fortel at besteforeldregenerasjonen er nervøse for at USA vil forlate dei om trusselen blir for stor.

– Historia viser at vi ikkje kan stole heilt på USA

WWII U.S. WOUNDED MARINE

ANDRE VERDSKRIGEN: Ein marinesoldat får behandling på Guam i 1944. Det amerikanske forsvaret har ei lang historie på Guam, og folket der er takksame for hjelpa dei fekk under andre verdskrigen. Samtidig gløymer dei heller aldri at USA trakk seg ut da Japan angreip i 1941.

Foto: Ap

I 1941, under andre verdskrigen, garanterte det amerikanske forsvaret for tryggleiken på Guam.

– Dei forsikra at vi var trygge, men så i desember angreip Japan. USA trakk seg tilbake utan å fortelje noko til dei innfødde på øya, fortel han.

Japanarane tok over og tvinga menn til slavearbeid, og kvinner vart tvinga inn i prostitusjon.

Folk jubla da USA kom tilbake og frigjorde øya, men historia vart ein lærepenge, som folket enno ikkje har gløymt, fortel han.

– Vil dei forsvare oss, eller bruke oss til å forsvare USA?

Guam er eit amerikansk territorium, og soleis ingen fullverdig delstat i USA. Innbyggarane kan ikkje stemme i presidentval eller kongressval.

Så Bevacqua fortel at mange er frustrerte over at ein president dei ikkje har valt, legg seg på ei så uforsonleg linje mot Nord-Korea.

Han er også uroleg over at Guam ikkje er ein fullverdig del av USA, sjølv om ein tredjedel av øya er militærbasar. Og folk spørs seg om kor mykje amerikanarane er villige til å ofre for å forsvare Guam.

Guam

MILITÆRT MÅL: Det er dei store militærbasane på Guam som vil vere målet for nordkoreanske rakettar. Basane er strategisk viktige for USA i Stillehavet

Foto: HANDOUT / Reuters

– Guvernøren vår arbeider hardt for å roe folk, men han gjer jo det fordi han får forsikringar frå det amerikanske forsvaret, fortel professor Bevacqua.

– Men det kan vere mykje dei ikkje fortel oss og guvernøren, på same måte som under andre verdskrigen.

Ventar på neste trekk frå Nord-Korea

Professoren i Chamorrofolkets kultur og språk, fortel at mange no ventar i spaning på neste trekk frå Nord-Korea. Det vil gje folk svar på kor reell trusselen er.

– Vi ventar for å sjå om dei klarar å skyte opp ein rakett som treff i havet utanfor Guam, medan vi les alle dei nyheiter vi kan finne, fortel han.

SISTE NYTT

Siste nytt